«Skjælke ente!» Frå norrønt direkte til moderne tid

AV ERNST HÅKON JAHR

I band 9 av Norsk Ordbok (frå ramost til skodde), som blei lansert 19. februar i år, finn vi denne korte artikkelen:

skjelkja v -a [norr. skelkja ’spotta, håna’] spotta, skjemta med (Onsøy): skjelke ikkje! (jf ÅrsskrOnsøy 2001,21).

Det spesielle med dette ordet er at det er heimfesta hos berre éin språkbrukar i moderne tid, nemleg Sofie Gjølberg (1872–1967) frå Onsøy ved Fredrikstad.

Ho var oldemora mi på morssida (mors mormor). Ho brukte ordet ganske ofte, særleg når oldeborna sa noko ho meinte vi ikkje skulle spøke med. Sa nokon «No døyr eg!» eller «Eg ler meg i hel», kommenterte ho gjerne: «Skjælke ente!» Vi skulle ikkje skjemte med slike alvorlege ting. Skjælke går rett attende til norrønt skelkja. Her har vi altså eit ord som er belagt i norrønt, og som ikkje er registrert skriftleg nokon stad mellom norrøn tid og no. Det er ikkje med i Ivar Aasens ordbok, ikkje i Hans Ross si eller hos nokon andre, men blei så «redda» for Norsk Ordbok av Sofie Gjølberg. Norsk Ordbok har normert ordet til skjelkja. Kanskje nokon av Språknytts lesarar òg kjenner uttrykket «Skjelkje ikkje»?

Tilvisinga i Norsk Ordbok er til ein artikkel eg skreiv om «skjelkje ikkje»- uttrykket i årsskriftet Varden (utgitt av Onsøy Historielag), 29. årgang 2001.

 

-- Ernst Håkon Jahr er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder.
 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter