Svenske, danske og islandske geiter – og ungane deira

Geit heiter get på svensk, ged på dansk og geit på islandsk. Ungen til geita heiter kid eller killing på svensk, gedekid på dansk og kið eller kiðlingur på islandsk.

Svensk killing må opphavleg ha heitt kid-ling. Islandsk kiðlingur og norrønt kiðlingr stadfester det. I kiðling er -ling eit diminutivsuffiks, dvs. eit suffiks som gir hovudordet tydingsnyansen ’liten’. At suffikset -ling har ein slik funksjon, kan ein til dømes sjå av norrønt mús (’mus’) og mýslingr (’musunge’) og av engelsk duck (’and’) og duckling (’andunge’), for ein musunge er mindre enn ei mus, og ein andunge er mindre enn ei and.

Attåt kidling, som vart til killing, har svensk ei diminutivform sett saman av get + -ing (altså ikkje -ling), som heiter geting. Den opphavlege tydinga også av dette ordet må vera ’lita geit’. Geting (som dei uttalar jeting) er ei nemning på eit dyr, det òg, men det dyret er berre 1–2 cm langt.

Islandsk har geitungur, som liknar særs mykje på og tyder det same som svensk geting. Me må tru at også norsk ein gong i tida har hatt ei nemning geiting eller geitung på dette dyret.

I ei islandsk-islandsk ordbok står det at ein geitungur ser slik ut: «Hann er oftast svartur með gulum eða rauðum þver-röndum og með eiturbroddi.» Skarpe lesarar skjøner kva det tyder.

Den islandske teksten hjelper deg til å finna ut kva for dyr ein geitungur er, men ikkje kvifor det heiter geitungur på islandsk og geting på svensk. Det har med likskap i utsjånaden til dei to dyra å gjera. Du løyser gåta når du finn fram til eit dyr som har noko på kroppen som også geiter har.

Når du har funni ut kvifor dette vesle dyret blir omtala som ’lita geit’, seier du sjølvsagt «Sjølvsagt!», for løysinga er ganske logisk. Dersom du ikkje finn løysinga sjølv, finn du ho her.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter