Frå kjønnslaus engelsk til trekjønna norsk

Når vi tek i bruk engelske ord i norsk skrift og tale, ymsar det i kor stor mon vi tillempar dei til norsk uttale og bøyingsmønster. 

Mange nordmenn er i dag godt i stand til å uttala engelske importord på engelsk maner. Eit engelsk importord som har vore lenge i norsk, er kjeks etter engelsk cakes. Vi uttalar det på heimleg vis, /kjeks/, i staden for engelsk, /keiks/. Eit anna lån frå engelsk er jackpot, som òg kan skrivast jekkpott. Den norvagiserte uttalevarianten har lang fartstid, men er nok i dag på vikande front og blir fortrengd av ein engelsknær uttale, /dsjækkpått/ eller /jækkpått/.

Grammatisk kjønn

Jamvel om ord kan takast inn i norsk med engelsk uttale og skrivemåte, må i alle fall substantiv tilpassast på andre vis. I norsk har vi tre grammatiske kjønn eller genus: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Den grammatiske kategorien genus er noko norsk deler med dei aller fleste indoeuropeiske språk. Vi finn det i både tysk, fransk, russisk, urdu og ein brote med andre av våre indoeuropeiske systerspråk. Men engelsk, som er vår fremste leverandør av nye importord og jamvel eitt av dei språka som er nærast i slekt med norsk, har ikkje den grammatiske kategorien genus. Det inneber at substantiv som vi låner frå engelsk, må få tildelt eit grammatisk kjønn når vi tek dei i bruk i norsk.

Kva gjer vi med dei engelske orda?

Det er sjeldan vi lèt dei engelske orda vera hokjønnsord. Unntaket er innlånte verbalsubstantiv som doping og mobbing, etter mønster frå andre verbalsubstantiv, (å) skriva – skriving.

Hankjønnsorda er den største gruppa av substantiv i norsk, så det er ikkje unaturleg at ord vi låner inn, oftast blir gjorde til hankjønnsord. For å seia det på engelsk er hankjønn default(en), standardvalet, når språkbrukarane deler ut grammatisk kjønn til dei engelske importorda. Døme på slike hankjønnsord er weekend, jobb, bløff og film, blant veldig mange andre. Somme einstavingsord har likevel vorte inkjekjønnsord i norsk: rush, show, sjokk, stress. Dei har det felles at dei etter kvart er godt innarbeidde, og vi oppfattar mange av dei som kvardagslege ord i norsk.

Likevel lever importorda sitt eige liv blant språkbrukarane. To ord som Språkrådet ofte får spørsmål om, er design og case. Begge er normerte som hankjønnsord (designen og casen), men eit Google-søk viser at dei oftast blir bruka som inkjekjønnsord (designet og caset). Det er vel ikkje utenkjeleg at språkbruken i desse tilfella har endra seg og fest seg etter at orda vart normerte. 

 

-- Av Kjetil Aasen, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter