Statsorgan – berre på bokmål

Nesten halvparten av nynorskommunane får sjeldan eller aldri brev frå staten på nynorsk. – Urovekkjande, meiner fungerande direktør i Språkrådet, Sigfrid Tvitekkja.

AV ASTRID MARIE GROV

Etter § 5 i mållova kan eit kommunestyre gjere vedtak om å krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan. Undersøkinga syner at nynorskkommunar i svært mange tilfelle ikkje får desse krava innfridde.

– Tala viser at det er behov for bevisstgjering om og innskjerping av reglane. Språkrådet vil no drøfte aktuelle oppfølgingstiltak med Kulturdepartementet, seier Sigfrid Tvitekkja.

Nedslåande resultat

Fjell kommune i Hordaland er blant kommunane som opplyser at dei sjeldan eller aldri får skriv frå statsorgan på nynorsk. I samband med kartlegginga bestemte kommunen seg for å undersøkje målbruken nærare i to utvalde månader i 2010. – Resultata var nedslåande, fortel informasjonsrådgjevar Vigleik Brekke. – Me fann ut at det er sentrale statsorgan som er dei største syndarane. Av totalt 13 skriv Fjell kommune fekk av ulike departement, var ingen på nynorsk.

Brekke trur årsaka er lunkne haldningar og lite kunnskap om lovverket. – Det er Kommunaldepartementet som skal sjå etter at statsorgana held seg til mållova. Viss departementa ikkje held seg til lova, kvifor skal då kommunane gjere det, spør han retorisk. – Ved å ikkje følgje lova riv departementa ned sunne og gode haldningar. Det er skuffande, seier Brekke, som legg til at det er eit leiaransvar å sørgje for at mållova blir følgd.

Få klagar

Trass i lovbrota er det få som klagar. Berre 13,5 % av kommunane opplyser at dei har klaga på skriv på bokmål frå statsorgan. Språkrådet opplever ein jamn auke i talet på klagar på mållovsbrot frå privatpersonar, men klagane frå kommunane uteblir.

– Det er viktig at kommunane klagar, for dette er ofte den einaste måten Språkrådet kan fange opp brot på, fortel Sigfrid Tvitekkja. – Ein klagar til statsorganet som har brote lova, med kopi til Språkrådet, og Språkrådet vil då ta opp saka med det aktuelle statsorganet. På den måten får statsorganet vite at det bryt mållova. Det kan sjå ut til at statsorgan flest lever i god tru om at alt er vel.

 

-- Astrid Marie Grov er førstekonsulent i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.03.2011 | Oppdatert:10.06.2015