Gift med det norske språket

No image

Eit folk som ikkje elskar sitt eige språk, kjem til å misse språket. Det seier poeten Bertrand Besigye. Nordmenn elskar ikkje språket sitt, meiner han. Derfor står vi i fare for å sleppe det frå oss.

AV MAGNHILD BRUHEIM

For Bertrand Besigye betyr det norske språket alt. Han bruker tida og lidenskapen sin til å utforske og fornye språket og utvide grensene for det. Det har han gjort sidan han debuterte med diktsamlinga «Og du dør så langsomt at du tror du lever» i 1993. Ja, han kallar seg til og med «gift med det norske språket».

‒ For meg har arbeidet med språket overskygd ein del av det som er vanlege sosiale ritual, slik som å gifte seg og få barn, seier han.

Bertrand Besigye er forfattar og språkentusiast.

Svorskande nordmenn

‒ Nordmenn skil seg ut frå resten av Europa, meiner Besigye. ‒ Franskmenn, italienarar, tyskarar – alle elskar språket sitt. Heile den angloamerikanske verda driv språkimperialisme. Til og med i Norden er det forskjellar.

‒ Nordmenn svorskar i Sverige, mens svenskane held på svensk i Noreg. Svenskane har integrert språket sitt meir enn det nordmenn har. Folk i Noreg er ikkje så glade i å snakke norsk, det verkar som om dei vil tala eit anna språk, heller enn å nyte sitt eige. Det er som om språket ikkje har sett seg djupt nok i nordmenns DNA, seier han.

Kva kan vera årsaka til det?

‒ Det er sterke krefter som arbeider mot det norske språket. Eg er kritisk til korleis universitet, høgskolar og massemedia reduserer språket. Dei dyrkar eit pragmatisk minimalistisk norsk med forkorta uttrykk, fritt for formuleringskunst og kreativitet. Det verkar som om dei vil ha formuleringane like knappe som hugselappen, seier forfattaren.

Einsrettinga rår

Bertrand Besigye har budd i Noreg sidan han kom hit saman med foreldra som politisk flyktning frå Uganda. Da var han berre fire år, og norsk har derfor alltid vore morsmålet hans. I dei tjue siste åra har han følgt med på språkbruken i det litterære Noreg, og han meiner å ha registrert kva kritikarar og akademia framhevar som stor språkkunst: det antiwergelandske.

‒ Dei har sine heilage kyr, og det er ikkje mykje plass til det blomstrande språket, seier han. ‒ Det er ei einsretting som går ut på at poesien skal ha færrast mogleg ord. Dei som målber denne trenden, dyrkar det knappe, der få ord blir slengde utover arket som eit nonfigurativt måleri. Besigye sjølv dyrkar ein annan stil. Han meiner han braut med den rådande trenden da han diktdebuterte med lange setningar, ordrikdom, kreativitet og friske formuleringar. Dette var også noko kritikarane la merke til og poengterte. Og for den samlinga fekk han Vesaas’ debutantpris.

Det tyder jo på godkjenning frå litteratane?

‒ Ser ein forfattarskapen under eitt, kan ein seia at eg har hausta lovord frå eit lite segment av den gamle garden, men eg har også møtt massiv motstand. Eg har ein forfattarskap som er i krig med dei skjønnlitterære dogma i Noreg, men det betyr ikkje at eg er åleine mot alle. Til dømes kan eg trekkje fram ein artikkel som stod i Morgenbladet i fjor, av forfattaren Cornelius Jakhelln. Han forsvarar stilen min og slaktar slaktet av språket mitt.

Opnar for maktspråket

Debutsamlinga til Besigye var ein lesarsuksess. Forfattaren har noregsrekord i talet på selde eksemplar av ei debutdiktsamling.

‒ Det seier noko om at det er ein tørst og hunger i folket etter eit meir sprudlande språk. Sjølv om det litterære parnasset meiner noko anna, seier han.

Er ikkje også finsliping av knappe, presise formuleringar ei form for språkdyrking og språkkjærleik?

‒ Jo, det er ikkje det eine mot det andre. Fleire stilartar bør kunne aksepterast som like gode, og det må gjerne vera ei blanding. Det er einsrettinga eg reagerer på, dei som seier at den rådande trenden er det einaste rette.

Besigye fryktar at dersom folk gjer språket ordfattig, kan det lettare bane vegen for maktspråket.

‒ Mennesket er eit ordstyrt vesen, og dess fattigare språkbruken blir, dess vanskelegare blir det å vera maktkritisk, trur han. – George Orwell sa noko om det, at når ordbøkene blir tynnare, har mennesket ein dårlegare reiskap til å drive samfunnskritikk. Det blir lettare å styre folks oppfatning av røyndommen. Dess mindre ordforrådet og ordakrobatikken er, dess meir hjelpelause er vi overfor byråkratspråket, maktspråket, politikarspråket, som ofte er fullt av løgner.

Forakt for språkglede

Den manglande interessa for språket kjem ikkje berre til uttrykk i det litterære; haldningane gjennomsyrer akademia og media, og dei går djupt ned i den norske folkesjela, meiner Besigye. Han synest det vanskeleg kan forklarast ut frå den historiske situasjonen Noreg har vore i.

‒ Sjå på islendingane og på det irske folket. Island og Irland er også små nasjonar som har vore underlagde framandt styre. Likevel har dei ei heilt anna og stolt haldning til språket sitt. For meg ser det ut til at Noreg står i ei særstilling. Det blir snakka om annleislandet. Jantelova er ein undermedviten aktiv substans som har sett seg i språkbruken, seier Besigye.

Han meiner nordmenn viser ei forakt for språkglede og språkkreativitet.

‒ Berre sjå på kva som skjedde da prinsesse Märtha Louise brukte ordet «lysfontene». Det førte til ein kollektiv hets, som er eit klart uttrykk for forakt. Prinsessa vart latterleggjord. Eg kan ikkje tenkje meg andre stader i verda der det same ville ha skjedd. Kva slags folk er det som hetsar og foraktar språkglede? Under dette ligg ein umedviten sjølvforakt for eige språk og for frodig bruk av det.

Så du meiner nordmenn dermed set grenser for eigen språkbruk og eiga språkglede?

‒ Ja, og det får meg til å tenkje på noko filosofen Wittgenstein har sagt: «Dei grensene ein set for språket, er dei grensene ein set for verda.»

Språk som tyggegummi

Det norske språket er rikt og har ein fridom og grenselause moglegheiter som mange andre språk ikkje har, seier Besigye.

‒ I eit av dikta mine bruker eg ordet «maurvrimlingslevende» for å skildre det yrande livet i ei maurtue. Det er ein type ord eller samansettjing som er vanskeleg i til dømes eit språk som engelsk. Moglegheitene i norsk er så mange som herifrå og til månen. Diktarar må ha både hjernekapasitet og hjartekapasitet, det vil seia kjærleik til språket.

Korleis arbeider du for å utvide ditt eige språk?

‒ Eg bruker språket som alt frå eit trommesett til ein tyggegummi som eg strekkjer. Eg arbeider for å få det til å uttrykkje musikalitet eller gjera det fortetta, og eg finn opp nye ord og måtar å bruke språket på. I staden for å seia «eg set meg ved eit bord» kan eg bruke «eg bordar meg», og «eg gatar meg» i staden for «eg går bortover gata».

I fleire av dikta sine bruker Besigye store forbokstavar på alle ord i titlane.

‒ Eg kan gjerne begynne alle ord med store bokstavar, eller eg kan begynne med liten bokstav og ha resten store. Det er eit grep eg tek for å ruske litt opp i sjølve lesevanane, seier Besigye.

– Mykje kan gjerast også med bokstavar eller andre sider ved det visuelle uttrykket for å friske opp lesaropplevingane.

Må vekkje interessa

Bertrand Besigye meiner det trengst tiltak som skaper språkinteresse. Som døme på noko positivt trekkjer han fram programmet «Typisk norsk» med Petter Skjerven, som gjekk på NRK fjernsyn for nokre år sidan.

‒ Programmet var med på å gjera folk interesserte og nysgjerrige. Det viste kor spennande språk er. Men norsk fjernsyn burde ha eit fast språkprogram, slik svenskane har, meiner Besigye. – Gjerne eit program der også dei språkelskande poetane får sleppe til.

Har du fleire forslag til ting som kan gjerast?

‒ I andre europeiske land blir det arrangert poesikonkurransar, debattkonkurransar og stavekonkurransar. Kvifor ikkje satse på det også her i landet? Lag debattklubbar på vidaregåande skolar og konkurransar av ymse slag! Slike ting kan vera med på å gjera unge menneske interesserte i og nysgjerrige på språket.

‒ I tillegg må litteratar og kritikarar frigjera seg frå det fastlåste synet på kva som er god poesi. Det er ein forstyrrande mangel på mangfald i litterære uttrykk. Eg saknar oppfinnsemd og fryktløyse.

Styrk immunforsvaret

Dei som uroar seg for det norske språket, tenkjer gjerne på det utanlandske språkpresset som trugande. Men Besigye meiner trugsmålet frå innsida er like sterkt, det handlar om haldningane til vårt eige språk.

‒ I Noreg er det språklege immunforsvaret nesten nede. Når det kjem press utanfrå, har ikkje nordmenn nok kjærleik til språket til å kunne yte motstand. Da blir det vanskeleg å stå imot impulsar frå utlandet.

Kva tenkjer du om at utanlandsk språk så lett får innpass i norsk?

‒ Det som skjer, er at det framande får innpass på ein uskapande måte. I seg sjølv er det ikkje noko gale i at språk tar opp i seg element frå eit anna, og at det skjer språkforandringar. Språk er i rørsle heile tida, og slik skal det vera. Men faren er at det skjer i orwellsk retning, og da kan vi få ein språkkultur som nærmar seg gryntet, seier han.

‒ Alternativet er at språket får høgare status, slik at immunforsvaret blir styrkt og det blir meir levedyktig for framtida. Men føresetnaden for det er at nordmenn blir meir glade i språket sitt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter