Skriving – lyst og pine?

Winston Churchill skal ha sagt: «I hate to write, but I love having written.» Sitatet fangar inn ytterpunkta ved skriving: lyst og pine. Det fangar slitet, strevet, leitinga etter ord ein ikkje finn – og som kanskje heller ikkje finst. Det fangar kriblinga i mellomgolvet når vi kjenner at nå svingar det, og det fangar den nesten barnslege gleda når vi endeleg ser orda på trykk.

AV TORLAUG LØKENSGARD HOEL

Skriving er å inngå ei pakt med det uføreseibare. Det uføreseibare ligg for det første i skrivinga sjølv. Vi veit aldri kvar ho vil føre oss. Den mest utbreidde misforståinga om skriving er førestellinga om at skriving er å skrive ned tankar ein alt har tenkt og formulert ferdig i hovudet. Ein viktig del av skrivinga er tvert om å prøve ut tankar – forkaste nokre, gå vidare med andre. Dette fører til at vi heile tida må skrive om, meir eller mindre. Denne leitande vandringa er gøymd for lesarane, som berre møter den ferdige, finpussa teksten, der alle spor etter omskrivingar og omvegar – det ein kunne kalle tankens fotspor i teksten – er borte. Arnljot Eggen har sett ord på dette når han seier: «Ein må skrive nokså mykje for å finne ut kva ein ikkje skal skrive.»

Orda som kraft i seg sjølv

Det uføreseibare ligg òg i at dei nedskrivne orda blir ei kraft i seg sjølv. Skjønnlitterære forfattarar fortel ofte om korleis teksten tar makta frå dei. Herbjørg Wassmo har sagt i eit intervju om si eiga skriving: «Det jeg er mest redd for, er å dø midt i en roman, for da får jeg jo ikke vite hvordan det går.» Men også vi faglitterære forfattarar opplever stundom at teksten tar ei heilt anna retning enn vi har tenkt. Doktoravhandlinga mi vart ein uhandterleg mastodont, det var så mykje eg ville finne ut. Førsteopponenten innleidde opposisjonen sin med å seie at det første ho gjorde da ho fekk avhandlinga, var å hente ei sag og dele ho i to slik at ho vart handterleg.

Ikkje all skriving er ein planlagd og medviten aktivitet. Ein del av den mentale verksemda undervegs i skriveprosessen går føre seg i undermedvitet. Psykologen Ragnar Rommetveit peikar på eit fenomen han kallar BBB-løysingar (bed, bathroom, bus). Vi opplever slike når vi har eit spørsmål vi ikkje har funne svar på, eller eit problem vi ikkje har løyst. Brått, når vi er opptatt med andre gjeremål, kjem svaret eller løysinga til oss. Desse prosessane kan forklarast ut frå psykologisk teori. Den svenske diktaren Sven Delblanc har sagt: «En del av det kreativa arbetet är i vår makt, en annan kommer ur det omedvetna.» På den andre sida er sjølvsagt mykje skrivearbeid, kanskje det meste, medvite og planlagt, og det er hardt arbeid. Forfattaren Anne Oterholm fortel i eit intervju i Dagens Næringsliv at først når ho har skrive om teksten ti gonger, vurderer ho å vise han til nokon. Stundom kan det ta to år: «Alt begynner som klisjeer som jeg må omskrive til et endelig produkt gjennom hardt arbeid.»

Tilhøvet til lesaren

Det mest uføreseibare ligg kanskje i at vi ikkje kan føresjå lesarane og deira reaksjonar på teksten. Kven skriv vi for? Kva forkunnskapar og føresetnader har lesarane? Kva kulturell og sosial bakgrunn har dei? For alle som skriv i offentleg sektor, er dette blitt spørsmål med mange fleire svar enn for nokre år attende. Leseforsking viser at den same teksten blir oppfatta ulikt av ulike lesarar. Som skrivarar les vi vår eigen tekst med innforståttheit, vi legg våre eigne intensjonar og tankar inn i teksten. Dei andre lesarane tolkar teksten i lys av den kunnskapen dei har, sosial og kulturell bakgrunn og formålet med lesinga. Dei omskaper dei orda som står i teksten. Den svenske forfattaren og kulturpersonen Olof Lagerkrantz seier det slik: «Man skriver bara halva boken, ty den andre hälvten får läsaren ta hand om.» Og så legg han til: «Gud give oss alla, som skriver, goda läsare.»

Skriving som klargjering

I skriveprosessen frå idéstadium til ferdig tekst går det gjerne føre seg ei klargjering:

1 Den eine klargjeringa skjer hos skrivaren sjølv. Kva er det eg meiner? Kva tenkjer eg om dette? «Eg skriv for å forstå like mykje som for å bli forstått», seier Elie Wiesel.

2 Den andre klargjeringa skjer av omsyn til lesaren: Korleis må eg formulere meg for at tankane best mogeleg når fram til lesarane?

3 Den tredje klargjeringa skjer med tanke på den samanhengen som teksten skal brukast i. Her må vi ta omsyn til sosiale og kulturelle normer, konvensjonar, sjangrar. Det er skilnad på ein artikkel for fagkollegaer og ein aviskronikk om same tema. Det er skilnad på eit internt notat om ei sak og det som går vidare til offentlegheita.

I skriveteori skil vi gjerne mellom tenkjeskriving og skriving for kommunikasjon. Tenkjeskriving er orientert mot skrivaren sjølv og fungerer gjerne som støtte for tanken. Slik skriving er gjerne ustrukturert og springande fordi ho ikkje treng rette seg etter normer for tekstar som skal lesast av andre. Det er ofte når vi skriv med tanke på lesaren eller på den samanhengen teksten skal brukast i, at vi blir sett på den språklege styrkeprøva.

Klart språk for kven?

Prosjektet «Klart språk i staten» har som eitt av formåla å gjere språket i publikasjonar og brev frå det offentlege klarare. Klarare for kven? Sjølv om ein kan setje opp ein del språklege kriterium for klart språk, rekne ut lesbarheitsindeks (liks) osv., er det til sjuande og sist lesaren som kan uttale seg om kva som er klart språk. Her er eit eksempel på at språket ikkje nådde fram, fordi det ikkje var klart nok for dei som skulle bruke det:

I 1988, den 6. juli, eksploderte ein gassprosesseringsmodul på Piper Alpha, ein borerigg på britisk side av kontinentalsokkelen. Eksplosjonen starta ein brann, som igjen starta ein serie med nye eksplosjonar. Etter 20 minuttar var heile plattforma forandra til eit inferno av eksplosjonar og flammar og måtte evakuerast. Av dei 232 personane som var om bord, overlevde berre 65. I rapporten etter ulykka vart det mellom anna slått fast at språket i dokumenta for vedlikehald ikkje var klart nok, og at det hadde bidratt til ulykka. I rapporten vart det understreka at alle driftsprosedyrane skulle skrivast på norsk, og at både dei norske og dei engelske versjonane skulle gjennomgåast. Phillips Petroleum Company Norway finansierte eit doktorgradsprosjekt der formålet mellom anna var å utarbeide prinsipp for retningslinjer og dokumentasjon, og der nettopp språket vart sentralt. I denne prosessen var det tett samarbeid mellom det tekniske personalet som utforma innhaldet i retningslinjene, arbeidarane som skulle bruke dei, og språkforskaren.

Konvensjonar og normer

Normer og konvensjonar er ofte konserverande. Det er nettopp derfor dei er blitt normer eller konvensjonar. Av og til drar ein med seg desse språklege konvensjonane, som kan vere knytt til utdanning eller yrke, inn i situasjonar der dei ikkje høver. Tidlegare statsminister Odvar Nordli skal ha sagt: «Når man har lest odelstingsproposisjoner i 20 år, snakker man til slutt som en.» Konvensjonane for tekst og språk må stadig vere i forandring for at språket skal fungere best mogeleg i ulike situasjonar og for ulike formål. Og her kjem prosjektet «Klart språk i staten» inn, der ein del av arbeidet ikkje minst er å bryte med konvensjonar og stivna språkbruk. Byråkratspråk blir det gjerne kalla. Det er mellom anna dette språket Aasmund Olavsson Vinje harsellerer over i ein liten artikkel med overskrifta «Om Stil»: «Eg er ikki blind for Nytten av ein slik lærd Stil; den agar eller imponerar mangein Lesare, for han trur, at det maa vera grovt til Lærde Menn, som skriva slikt eit lærdt Spraak» (Dølen 1867).

Er klart språk det same som formålstenleg språk? Er klart språk å seie meininga si rett ut slik skrivaren ser saka? Vi skal sjå på to tekstar som har svært ulik uttrykksmåte.

Den første teksten er eit fiktivt brev frå nettsidene til Språkrådet:

Velg en passe personlig tone :-)

Mange klager på at brevene i staten er så formelle og stive. For en tid tilbake sendte daværende Jordbruksdepartementet oss et alternativt brevutkast:

«Hei, hei

Takk skal du ha for det ordentlig kjekke brevet du sendte oss om å få lov til å overta den lille gården etter onkern din. Det kan du nok ikke, skjønner du, for vi liker best sånne litt store og rike bønder. Folka på toppen her har sagt at det er stordrift og lønnsomhet som skal settes først. Sånn er det altså. Vær grei og ikke plag oss mer med disse greiene. Vi har mye annet å gjøre.
Hei då.
P. Jordet
byråsjef
T. Side
konsulent»

Språkbruken er utan tvil klar nok. Om han er formålstenleg, er eit anna spørsmål.

Den andre teksten er over 160 år gammal. I 1848 sender oldemor mi eit brev til foreldra sine. Ho er 30 år, gift på ein gard ei halv mil unna, har fått tre barn, og nå vil ho fortelje foreldra sine kor godt ho har fått det i livet, og også takke dei for det dei har gjort for henne. Ho kan nok ikkje skrive i den forstand vi snakkar om her, brevet er kanskje ført i pennen av læraren i bygda. Det er høgprosaens stil i dansk språkform, langt frå den hallingdialekta ho snakka:

«Hjertelskede Kjære Foreldre! Jeg vil her yttre for Eder, min pliktskyldigste Børnekjærlighed, og takke Eder for al kjærlig og omhyggelig Omsorg, som De havde for mig i mine spæde Barndoms Aar.» Ho bed om tilgjeving dersom ho i barndommen «ved Uerfarenhed kan have begaaet Feiltrin imod Eder», og avsluttar med «Vær kjærligt hilset fra Eders indtil Døden forbundne, troe, kjærlige og lydige Datter, Gunild Engebretsdatter». Det høgtidelege og velformulerte språket saman med ei elegant utbrodert handskrift gjer brevet til skrivekunst.

Ser vi brevet i den kulturelle og sosiale konteksten det høyrer heime i, har den omstendelege og høgtidlege uttrykksmåten ein funksjon. I det gamle bondesamfunnet var det ikkje skikk å utbasunere kjenslene sine overfor andre, både lykke og ulykke skulle haldast innanfor grensene av det sømmelege. I så måte bryt oldemor med konvensjonen. Men ho gjer det ved at orda blir nedfelte i skriftleg form. Det skaper avstand og gjer det mogeleg for henne å få fortalt noko til foreldra som det ville vore umogeleg å seie til dei. Så kan ein sjølvsagt ønskje at oldemor hadde vore meir skrivefør enn ho sikkert var, og at ho hadde hatt tilgang til eit skriftspråk som låg nærmare talemålet hennar enn dansken, men det er ei anna sak.

Klart språk har røter i fortida

Prosjektet «Klart språk i staten» går inn i det store demokratiske språkarbeidet som starta på 1800-talet med Henrik Wergeland, og som vart ført vidare av Knud Knudsen med fornorsking av dansken og Ivar Aasen med landsmålet, som det heitte da. Same året som oldemor fekk skrive brevet til foreldra sine, gav Aasen ut den grammatikken som var bygd på det han kalla det norske folkesprog. Å gi alle lik tilgang til språket, både som lesarar og skrivarar, utan omsyn til sosial eller økonomisk status, i bygd og by, er truleg det største demokratiseringprosjektet i vårt land.

Til slutt skal vi tilbake til spørsmålet om lyst eller pine. Skriving er både og. Eg har kanskje snakka mest om strevet, alt det uføreseibare ein kavar med, den elegante tankeflukta som fell til jorda som småstein, eller som Hans Børli seier det:

Ordene du strever med
skrangler tomt inne i deg,
som moltekart
på bunnen av et blikkspann.

Men skriv gjer vi, og vi prøver om att og om att om vi kan lykkast i det Hans Børli kallar «å sette vinger på en stein». Det som driv oss, er kanskje spenninga om kvar skrivinga vil føre oss, og gleda ved å få til noko. Kanskje også ei von om ein sjeldan gong å kunne kjenne seg igjen i orda til Olav H. Hauge:

I dag kjende eg
at eg hadde laga eit godt dikt.
Fuglane kvitra i hagen då eg kom ut,
og soli stod blid yver Bergahaugane.

 

Denne artikkelen er ei omarbeiding av eit foredrag som forfattaren heldt ved utdelinga av Klarspråksprisen 16. november 2010.

-- Torlaug Løkensgard Hoel er professor i praktisk pedagogikk ved NTNU med norskdidaktikk som særskilt fagområde.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter