Éi elv i Sibir, fem i Pakistan

Elva i Sibir heiter Ob. Namnet skal vera av gammaliransk opphav og tyda berre ’elv’. 

På persisk tyder ob ’vatn’, og utan vatn inga elv. Sitt ord for ’vatn’ skriv franskmennene eau, men dei seier å. Det seier me òg, for å er eit anna ord for ’elv’. Langt attende i tida har eau og å same opphav:

 ___________ *akwā ___________
urform

aqua
latin
|
|
 v 

*ahwō
urgermansk
|
|
v

eau (uttale /å/)
fransk

á (uttale /å/)
norrønt

Fem heiter pandsj på persisk, og pandsj + ob skulle da tyda ’fem elvar’. Pandsj ob liknar mykje på Punjab, som er ein viktig provins i Pakistan. Provinsnamnet kjem av at det er fem store elvar der. Namnet på den største elva er Sindhu, som berre tyder ’elv’, det også. Denne elva har gitt namn til provinsen Sindh i Pakistan og til landet India, som tidlegare nok heitte Sindi eller Hind. Me kallar elva Indus. Indarane i dag kallar landet sitt Bharat, som er eit heilt anna ord.

Aleksander den store (356–323 f.Kr.) drog med hæren sin gjennom Mesopotamia (Μεσοποταμία) på vegen til Punjab. Då grekarane kom dit, fekk dei heilt sikkert vita kva namnet Punjab tydde, for dei omsette det til sitt mål med Pentapotamía (Πενταποταμία). Pandsj (’fem’) heitte pénte på gresk. Likskapen mellom pandsj og pénte kjem av eit sams opphav i det indoeuropeiske grunnspråket kan henda vel 2500 år før Aleksander.

Etterleden -potamía (-ποταμία) er avleidd av gresk potamós (ποταμóς), som tyder ’elv’. Meso- (μεσο-) kjem av gresk mésos (μέσος), som tyder ’mellom’. Mesopotamía tyder altså berre ’elvimellom’. Åmellom og Åimellom er gardsnamn i Noreg.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter