Leder

Norsk svorsk

Sigfrid Tvitekkja

«Aftenpostens musikkmeldar trudde fyrst me song på skånedialekt», sa vokalisten i det norske bandet Kaizers Orchestra, Janove Ottesen, jærbuen som syng norsken sin på europeiske scenar – med stort hell. Skavlan introduserte han nyleg for eit svensk tv-publikum med desse orda: «Han snakker et helt uforståelig norsk.» Sjølv fekk Skavlan før jul Foreningen Nordens språkpris. I takketalen skrytte han absolutt ikkje av svorsken han brukar i studio. Så var det ikkje «god språkføring» han fekk pris for heller! Skavlan fekk prisen fordi han set saman nordiske gjester i studio og lèt dei snakke morsmålet sitt. Dette er ei svært god gjerning for språkfellesskapet i Norden. Svorsken er berre eit produkt av kommunikasjonssituasjonen i studio, skal me tru Skavlan.

– Folk i Noreg er ikkje så glade i å snakke norsk, seier Bertrand Besigye i intervjuet i Språknytt, og meiner at nordmenn svorskar, medan svenskane held på svensk, og at dette også handlar om språkleg sjølvtillit.

– Det verkar som om nordmenn heller vil tale eit anna språk, til skilnad frå franskmenn, italienarar og tyskarar, som elskar språket sitt, seier Besigye.

– Svenskane trur dei forstår norsk når dei av og til høyrer svenske ord blanda inn i norsken, seier Skavlan. Då er det ikkje så farleg om det er eit uforståeleg eller forståeleg ord som blir bytt ut. Han får det til å høyrast ut som om noko av språkforståinga også handlar om psykologi og innstilling. Og det gjer det nok, òg.

Silje Marie Femtegjeld analyserer svorsken til Fredrik Skavlan i dette nummeret av Språknytt. Teoriar om språkleg tilpassing tek utgangspunkt i at talaren har eit føremål med tilpassinga («knotet»). Kva vil talaren oppnå? Kven vil talaren tekkjast? Kva er tilhøvet mellom talarane? Ein kunne også lagt til at tilhøvet mellom språka til dei ulike talarane er viktig.

Av Sigfrid Tvitekkja

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.03.2011 | Oppdatert:10.06.2015