NS-ISO 704 – terminologistandardisering på norsk

AV JOHAN MYKING

Terminologistandarden NS-ISO 704 Terminologiarbeid. Prinsipp og metodar er ei norsk utgåve av den tilsvarande standarden frå den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO. Utgjevinga er ei storhending både fagleg og språkpolitisk.

Når gjengedimensjonar, krav til materialkvalitet og handsaming av giftstoff skal gjerast einskaplege på tvers av språk- og statsgrenser, er det både nyttig og nødvendig å ha eit einskapleg språk som verktøy. Det er såleis nære historiske og faglege band mellom standardisering og terminologi. ISO har ein eigen teknisk fagkomité for terminologi og språkressursar, den såkalla ISO/TC 37, og det er den som står bak serien av terminologistandardar. Standard Norge er den norske medlemsorganisasjonen i ISO.

Eit komplett norsk metaspråk

NS-ISO 704 byggjer på nyare teoretisk forsking og metodeutvikling. Grunnlaget er i stor grad språkvitskapleg, og terminologiarbeid både gjev og krev sjølvsagt ei viss trening i språkvitskapleg tankegang. Standarden er likevel tydeleg, utførleg og grafisk tiltalande i forklaringane, og tankegangen bak det å klassifisera og ordna er felles for alle fag. Brukarar som manglar høgskuleutdanning i språk, treng derfor ikkje å la seg skræma av det språkvitskaplege grunnlaget. Skilnaden mellom storleikane referenten (tingen), omgrepet (tanken) og termen (ordet) er tydeleg forklart. Det vert gjeve eit utførleg oversyn over omgrep, omgrepsrelasjonar og omgrepssystem, av definisjonar og definisjonsutforming. Korleis ein formar ut og tilordnar uttrykk, altså sjølve fagtermane, er likeins grundig handsama. Dei ulike og til dels motstridande krava til gode faguttrykk er felles for alle som arbeider med lånord og avløysarord, derfor er standardisering også kulturarbeid.

Standardisering på nynorsk

Standard Norge, som står bak den norske utgåva av ISO 704, er i dag inne i ein aktiv periode og har ei sentral rolle som norsk terminologisk aktør, sjå t.d. artikkel i Språknytt nr. 3, 2010. Organisasjonen samarbeider tett med Språkrådet på dette fagfeltet. Det ligg ein viktig språkpolitisk signaleffekt i at organisasjonen no gjev ut NS-ISO 704 på ein stø og moderne midtlinjenynorsk. Tidlegare har Språkrådet gjeve ut den vesle handboka Termlosen, som òg opphavleg er ein ISO-publikasjon. Dette heftet er tospråkleg bokmål–nynorsk, men fullt ut einskapleg med NS-ISO 704. Norske terminologiinteresserte har dermed fått eit fyldig og oppdatert referansemateriale på norsk.


-- Johan Myking er professor ved Universitetet i Bergen og har vore leiar for fagrådet for terminologi og fagspråk i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:07.03.2011 | Oppdatert:10.06.2015