Ved og langs havet

Pomorhandel var namnet på kysthandelen mellom russarar frå Kvitsjøen (Beloje more) og nordmenn i Finnmark og Troms frå 1700-talet og fram til den russiske revolusjonen i 1917.

I det gamle pomorområdet ligg byen Murmansk. Bynamnet er ei noko forvanska russisk avleiing av ordet nordmann. Me var der alt på 1200-talet.

Det russiske ordet pomore tyder ’område langs havet’, av po 'langs, ved' og more 'hav'. Eit tilsvarande polsk ord er Pomorze, som er namnet på eit stort kystområde langs Austersjøen. På norsk nyttar me den fortyska nemninga Pommeren.

Også Normandie, som den franske kongen måtte gje frå seg til vikingar i 911, har opphav i nordmann, som kan henda tydde ’mann frå nord’, og ikkje berre ’mann frå Noreg’.

Eit område på fastlandssida av Den engelske kanalen heitte Aremorica på latin, og seinare Armorique på fransk. Opphavleg er dette eit keltisk ord, der ari tyder ’ved, langs’ og mori tyder ’hav’. Dei keltarane som kom dit på 400-talet, kalla seg bretonar, og det området som dei slo seg ned i, fekk namnet Bretagne etter dei. Legg merke til likskapen mellom Stor-Britannia i England og Bretagne, som vel må vera eit slag Vesle-Britannia.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter