Vel ord med omhug

No image

Dette er ei oppmoding frå og eit kjenneteikn ved Noregs fremste utøvar av ordmakt. Språkminister Hadia Tajik er tunga på vektskåla når det er tale om språkmangfald, målformer og verbal formidling.

AV ERLEND LØNNUM

– Ein kan velje å bruke språket som luft, som ein naturleg del av den atmosfæren vi har felles. Men ein kan òg bruke orda til å skape nærleik mellom menneske, slik til dømes Jens Stoltenberg har gjort i vanskelege situasjonar. Han har klart å setje ord på det mange føler, særleg etter 22. juli-hendingane og seinast i den krevjande situasjonen i Algerie. Med språket kan ein utfordre kvarandre og kople menneske, situasjonar og opplevingar saman, seier kulturministeren. Ho meiner at kultur og språk ikkje berre er avkopling, men også tilkopling til samfunnet, historia, kjenslene og ei anna røynd.

Kulturminister og Ap-politikar Hadia Tajik er tidenes yngste statsråd i Noreg. Ho er utdanna jurist og journalist.

Språkmakt og ordpreg

Riktig ordbruk har òg med posisjon å gjere. Som 19-åring tillét Tajik seg å bruke eit lada ord som «negermaskot» i antologien Svart på hvitt, som ho var redaktør for, og som handlar om korleis det er å vere innvandrar i Noreg.

– Som ung kan ein bruke slike ord på ein meir ironisk og distansert måte. Som statsråd må eg forklare tydeleg kva eg vil med dei orda eg vel. Nå er eg i ein posisjon der eg er med på å definere korleis ein forstår verda, og då må det ein annan type presisjon til. Eg må heile tida tenkje på at det eg driv med, er massekommunikasjon. Kvar dag vender eg meg til personar med ulik referanseramme og bakgrunn. Så viss eg skal bli forstått av alle, må eg velje orda mine med omhug. Vi skal alle snakke så folk forstår, men vi skal seie det med eigne ord, og vi skal ikkje slutte å ha eit leikent forhold til språket, understrekar Tajik.

– Korleis ein oppfattar verda, heng saman med om ein har eit inkluderande språk eller eit språk som skil mellom menneske og puttar dei i forskjellige kategoriar. Og språkforståinga er særleg viktig når ein har makt, som politikarar og andre samfunnsdebattantar.

Mor som språkformidlar

Interessa for språk begynte i barndomen for Hadia Tajik. Ho har foreldre frå Pakistan, så på skolen i Bjørheimsbygd i Rogaland fekk ho opplæring i det pakistanske fellesspråket urdu, som mor hennar underviste i, sidan ingen andre kunne urdu på heimstaden. Det første språket ho lærte seg, var derimot dari (persisk). Familien på farssida kjem opphavleg frå Tadsjikistan (Tajik er namnet på folkeslaget der), der dari er hovudspråket. Moras jentenamn er Qazalbash og kan på si side sporast til Tyrkia.

– Mor mi meinte at bror min og eg uansett kom til å lære norsk i barnehagen og nærmiljøet, så ho lærte oss dari frå barnsbein av så vi kunne kommunisere med slektningar i Pakistan. Mamma jobba iherdig for det, og ho må ha lukkast ganske bra, for når vi ser videoopptak frå oppveksten, snakkar vi dari med eit breitt ordforråd.

Ho er også glad for å ha lært urdu, som var nødvendig då ho såg pakistanske tv-program på urdu og etter kvart også Bollywood-filmar på hindi.

– Hindi og urdu er ulike i skrift, men såpass like i ordforråd og uttale at det er mogleg for urduspråklege å forstå filmane utan problem. Eg gløymer aldri dei herlege impulsane desse fargerike filmane gav, gjennom song, dans og musikk, minnest Tajik.

Familien Tajik er med andre ord eit godt døme på at folk flytter på seg i verda. Eller for å seie det med Salman Rushdie, som Hadia ein gong trefte då ho studerte menneskerettar i London og var eit uskrive blad: «Menneske har ikkje røter, dei har føter.»

Leseglad og skrivefør

I Bjørheimsbygd dreiv familien Tajik nærbutikken, der Hadia hadde god tilgang på aviser og teikneseriar. Ho vart såleis tidleg nyfiken på lesing og skriving.

– Eg las heile tida, alt frå VG og Rogalands Avis til Donald og Bamse, fordi dei var så lett tilgjengelege for meg. Og i 9. klasse hadde eg arbeidsveke i lokalavisa Strandbuen, der eg skreiv om ein bortkomen hund og om at verkstaden nedi gata kunne reparere ein ny type bilar. Då fann eg ut at dette ville eg gjere meir av. Så min store plan i livet var å bli journalist.

Etter journaliststudiet ved Høgskolen i Stavanger fekk ho eit sommarvikariat i Aftenposten, der ho måtte bryne seg på den interne språktesten i regi av Per Egil Hegge.

– Det var ei skremmande oppleving å bli IQ-testa slik. Men det var viktig for språkmedvitet, ikkje minst å ha ein nestor som Hegge rundt seg. Eg minnest at han sende meg ein e-post etter at eg hadde skrive ei av mine første saker. Der gav han meg generell ros og oppmuntring, men samstundes peikte han på at eg gjorde for mange kommafeil. Han la derfor ved kommareglane, utførleg forklarte og med merknaden «Det kan hende du tenkjer at det ikkje er så nøye med teiknsettinga, men då vil eg seie: Jo, det er det.» Deretter lærte eg meg reglane ganske godt. Men eg må vedgå at eg framleis puttar inn for mange pustekomma fordi mykje av det eg skriv, skal lesast opp. For sjølv om det finst dyktige taleskrivarar i departementet, arbeider eg med talene og tekstene på eiga hand, fortel statsråden.

Målformmedviten minister

Tajik hadde nynorsk som hovudmål på barne- og ungdomsskolen, og så var ho ein av mange elevar som bytte til bokmål som hovudmål på vidaregåande skole.

– Eg hadde ikkje nødvendigvis eit reflektert forhold til det den gongen, men eg har i ettertid prøvd å rasjonalisere det med at eg ville stå sterkare viss eg òg kunne skrive bokmål, sidan eg hadde tenkt å bli journalist.

Då Tajik arbeidde som journalist i Akersgata, skreiv ho stort sett på bokmål, også privat, fram til ho for rundt to år sidan begynte å skrive nynorsk på sosiale medium.

– Å gå tilbake til nynorsk var litt som å spele Wordfeud med seg sjølv fordi eg måtte leggje meg i selen og bruke ordbøkene aktivt. Korleis var det nå igjen? Kan eg skrive det eller det ordet på nynorsk? undrast vestlendingen.

Nettsida www.hadia.no, som Tajik har planar om å opne att, har ho behalde på bokmål. Og i avisinnlegg den siste tida vekslar ho mellom målformene.

– Det er viktig at ein meistrar både bokmål og nynorsk, for nynorsk har ein sjølvsagd plass i norskfaget og i samfunnet. Derfor må eg òg praktisere begge målformene og ikkje berre meine det. Det er mitt vesle bidrag.

Språkpolitisk engasjert

Kulturministeren ønskjer velkomen diskusjonen om den nye læreplanen i norsk og opplæringa i nynorsk og bokmål.

– Det er utmerkt at diskusjonen fell saman i tid med Språkåret, så kan ein sjå dei språkpolitiske og kulturpolitiske samanhengane betre enn elles. For korleis ein behandlar norskfaget, har verdi langt utover det utdanningspolitiske. Ein så sentral debatt må ikkje vere for smal.

Derfor nemner ho snarare tema som eksamensform, karakterar og når og korleis ein skal introdusere sidemål, framfor spørsmålet om å innføre att omgrepa hovudmål og sidemål i læreplanen. Ho trekkjer også fram at samtidslitteraturen må ha fast plass på skolebenken.

– Vi må for all del ikkje gløyme den moderne litteraturen i nynorskundervisninga, som eit tillegg til klassikarane. For vi må kommunisere til barn og unge at nynorsk ikkje berre er ein kulturell arv, men også ein del av samtida.

Åtvarar mot latmannsspråk

Tajik var mellom 2007 og 2009 medlem av fagrådet for samfunn og høgare utdanning i Språkrådet, der ho blant anna var med og diskuterte den engelske innverknaden på norsk.

– Det er eit gode at dei fleste nordmenn meistrar engelsk såpass godt. Det løner seg både diplomatisk, politisk, økonomisk og kulturelt. Samstundes er det illevarslande at stadig fleire bedrifter og høgare utdanningsinstitusjonar brukar engelsk i staden for norsk, og ikkje berre når dei må. Eg synest det er for lite ambisiøst at det i mange enkeltfag blir undervist einast på engelsk. Men vi blir alle utfordra av den praktiske røynda, for vi må også kjenne til engelsk fagterminologi, og internasjonaliseringa krev at ein kan fleire språk, seier Tajik.

– Eg har persisk og urdu med meg i bagasjen, og når eg snakkar med vener og familie, vel eg ofte det ordet som fell meg inn, sjølv om eg i ein og same setning kan ende med å bruke ord frå tre ulike språk. Det blir litt latmannsspråk. Då får ein ikkje utvikla ordforrådet sitt tilstrekkeleg. Og slik kan det òg vere for dei som brukar engelsk aktivt. Utan å tenkje over det grip dei til engelske ord i det norske. Oppmodinga får derfor bli å ikkje vere for lat. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.03.2013 | Oppdatert:25.02.2021