Språkåret 2013 er i gang

Språkåret skal setje fokus på alle språk i Noreg: målformene nynorsk og bokmål, samisk og minoritetsspråka kvensk, romani og romanes, i tillegg til norsk teiknspråk, som har fått offisiell status i Noreg. Samtidig har vi òg mange dialektar og ei rekkje nye innvandrarspråk.

Hender-tegnspråk

Målet er ei raus, inkluderande og samlande feiring av alt språk i Noreg, med grunnlag i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret. Den offisielle opninga vart halden av kulturminister Hadia Tajik 2. januar i Kristiansand, der Det Norske Teatret heldt den aller første framsyninga si på denne datoen.

Språkrådet inviterer til debatt
Språkrådet skal i løpet av året arrangere fleire språkkafear, der vi inviterer til debatt om språkpolitiske emne. Det første emnet blei debattert på den internasjonale morsmålsdagen 21. februar på Litteraturhuset i Oslo. Temaet var situasjonen for dei som har eit anna språk enn norsk som morsmål.

Språkrådet vil nytte Språkåret 2013 til å framheve språkleg mangfald og måljamstilling i arbeidet med å betre språket i offentleg forvaltning. Vi vil òg markere verdien av språkmangfald på Døves Kulturdager.

Det vidare arbeidet med Språkåret skal Nynorsk kultursentrum stå for. Inger Johanne Sæterbakk er tilsett som prosjektleiar, og sekretariatet ligg på Ivar Aasen-tunet.

Språkåret har si eiga nettside, www.språkåret.no. Du kan følgje Språkåret både på Twitter og Facebook.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter