Terrengvinnarar

For dei fleste av oss er sykkelsesongen berre så vidt i emning, men somme held hjula i gang heile året.

Terrengsykkel i luftig svev

I dette nummeret vil vi visa til ei gruppe syklistar som er gode til å ta seg fram i ulendt terreng, både i utmarka og i språkvegen, der engelsk elles rår mykje av grunnen. Vi finn begge syslane omtala på nettsida www.terrengsykkel.no.

Terrengsykkel har snart ei fartstid på tre tiår som avløysarord for offroad-sykkel eller mountain bike. Som det står på den nemnde nettstaden, er det norske ordet no så etablert hos terrengsyklistane at bruken av dei engelske orda helst viser at ein er utanfor brukargruppa.

Dempa opplysning

Nyleg hadde ordsmedane i terrengsyklistmiljøet ein orddugnad for å finna eit norsk avløysarord til hardtail, og vinnaren blei halvdempar/halvdemper. Ein skjønar straks at dette må vera noko som dempar halvveges eller (med) halvparten. Det er det siste som er tilfellet: Ein halvdempar er nemleg ein sykkel som har støytdemping med dempargaffel på framhjulet, men ikkje har demping bak.

Den udempa bakparten er det som har gitt hardtail på engelsk. Eit ord som stivstjert kunne ha fungert på norsk òg, men det er litt bakvendt å spesifisera ved hjelp av det som er vanleg på ein sykkel. Med halvdempar får vi eit fint motstykke til fulldempar, som er terrengsykkel med demping både framme og bak. Dette har sett seg som avløysarord for det engelske full-suspension.

Det går opp og ned

Det finst altså fleire slags terrengsyklar, og det finst fleire typar sykling i terreng. Det som på engelsk heiter cross country, er den einaste olympiske øvinga. Løypa går gjennom skogsterreng med stigningar og fall. På norsk heiter det rundbanesykling eller berre rundbane. Mindre konkurranseorientert terrengsykling i meir krevjande terreng heiter på engelsk trail-riding eller all-mountain. På norsk heiter det beint fram sti(g)sykling.

Vidare er nemninga frikøyring/frikjøring (i staden for freeriding) etablert om sykling utanfor løyper, og utfor eller utforsykling om den greina der syklisten susar ned bakkar (downhill på engelsk). Så endeframt kan det gjerast. Vi har òg sansen for jordhopping, som er ein sjølvforklarande avløysar for det potensielt mangtydige engelske dirtjumping.

I hjulspora til syklistane

Når vi denne gongen har teke med avløysarord som alt finst og i ulik grad er etablerte, er det med ønske om at fleire skal bli kjende med desse orda, og at andre spesialistar kan bli inspirerte til å styra ordutviklinga på sitt felt. 

 

-- Av Daniel G. Ims, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter