Fleire språk i rådet

Kvensk, romani og romanes er no mellom dei språka Språkrådet arbeider for å fremje. Ved årsskiftet byrja Verena Schall som rådgjevar for minoritetsspråk.

AV SVEIN ARNE ORVIK

Verena Schall– Med denne nye, faste stillinga vil Språkrådet auke kunnskapen om og toleransen for det språklege mangfaldet i Noreg. Det høver godt i Språkåret 2013. Stillinga gjer at Språkrådet kan engasjere seg meir aktivt i spørsmål som gjeld andre språk enn norsk, seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen.

Språkrådet har lenge arbeidd med kvenske stadnamn, men har no fått ein eigen rådgjevar med ansvar for dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes og for nyare innvandrarspråk.

Kontakt med språkbrukarar
Verena Schall (bildet) har tysk-finsk bakgrunn og kjenner stoda for det kvenske språket og det kvenske, norsk-finske miljøet godt etter mange år i Tromsø.

– Det er viktig at arbeidet med å normere kvensk språk og gje ut ein grammatikk og ei kvensk ordbok held fram. Slikt er infrastruktur for språket og viser kva for status språket har, seier Schall.

Ho trekkjer fram at interessene til dei som brukar romani og romanes i Noreg, må verte meir synlege i samfunnet. Ein viktig del av stillinga er å ha kontakt med språkbrukarar, fagmiljø og interesseorganisasjonar. Språkrådet skal òg spreie informasjon om og på minoritetsspråk og samle inn kunnskap om bruken av språka.

Språkrådet har fått midlar frå Kulturdepartementet til å opprette den nye stillinga. Med stortingsmeldinga Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk fekk Språkrådet eit utvida ansvar for andre språk enn norsk. For halvtanna år sidan fekk Språkrådet ein eigen rådgjevar for norsk teiknspråk.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter