Godt nytt Språkår!

Truleg har mange av lesarane alt fått med seg at 2013 er det nasjonale Språkåret.

Arnfinn Muruvik VonenMed statsstøtte frå Kulturdepartementet og organisering under Nynorsk kultursentrum er Språkåret 2013 eit stort prosjekt som skal «bli ei raus feiring av språklege skilnader og mangfald», som det står på nettstaden til prosjektet. Utgangspunktet er to viktige jubileum. I 1813 vart Ivar Aasen fødd, mannen som skapte det skriftspråket vi i dag kallar nynorsk. Og i 1913 vart Det Norske Teatret opna, nynorskteateret som i dag er ein av dei viktigaste arenaene for språkkunst i landet vårt.

Det er altså to historiske nynorskhendingar som ligg til grunn for Språkåret, og mykje av det som skal gå føre seg land og strand rundt i Språkårets namn, har med nynorsk å gjere. Samstundes er det viktig å få fram at nynorsken er eit døme på noko meir allment. Den språkdelte norske skriftkulturen med valet mellom bokmål og nynorsk er ei stadig påminning om at språkbruk alltid inneber språklege val. Det finst alltid fleire måtar å seie og skrive ting på. Vi vel mellom språk, og vi vel mellom formuleringar i det same språket.

Det meste vi har bruk for å seie, kan seiast om lag like godt på kvensk, tyrkisk eller norsk teiknspråk som på trøndersk eller engelsk. Men ofte har det eine språket nokre treffande uttrykksmåtar til rådvelde som det andre språket ikkje har. Og ofte er eitt språkleg val ganske enkelt betre tilpassa situasjonen enn eit anna, som når ein tilsett i ein offentleg etat skal velje mellom formuleringar i eit rundskriv.

I Språkåret skal vi gle oss over språkleg mangfald, debattere språklege spørsmål og tenkje over kva språk har å seie for oss. Språkrådet stør heilhjarta dei verdiane som Språkåret lyfter fram, og oppfordrar lesarane våre til å gjere det same!

Arnfinn Muruvik Vonen

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter