Leiar

Er dokker klare?

Arnfinn Muruvik Vonen

Den nye rettskrivingsnormalen for nynorsk, som gjeld frå 1. august i år, er resultatet av ein lang prosess. I år 2000 bad Kulturdepartementet Norsk språkråd gjere greie for om og korleis systemet med klammeformer kunne opphevast. Klammeformer (sideformer) var ein del av rettskrivinga, men dei kunne likevel ikkje nyttast i lærebøker og i statlege tekstar. Til dømes kunne skuleelevar i 2000 skrive både sola og soli og både øyre og øre, men soli og øre var klammeformer og
kunne difor ikkje nyttast av lærebokforfattarar og statstilsette.

Ei utgreiing om saka vart lagdfram i 2002, men i 2003 konkluderte Norsk språkråd med at det ikkje ville gå inn for ei rettskriving utan klammeformer. I bokmål vart det annleis: Der vart ein ny normal utan klammeformer godkjend i 2005.

I 2008 la Kulturdepartementet fram Stortingsmelding nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk, og som oppfølging av denne meldinga skipa Språkrådet (som i mellomtida hadde avløyst Norsk språkråd) i 2009 ei nemnd som fekk i oppdrag å lage «ei tydeleg,
enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer». Etter ein open prosess la nemnda fram innstillinga si for styret i Språkrådet i april 2011. Styret gjekk inn for innstillinga i mai,
og Kulturdepartementet godkjende ho i september same året.

No har vi fått ein nynorsknormal utan klammeformer, men framleis med ein heil del valfridom. Sjølv om dette er den største rettskrivingsreforma for nynorsk på mange tiår, vil dei fleste kunne skrive nynorsk om lag som før. Ei lita, men mykje omtalt endring er at vi no kan skrive dokker i staden for de og dykk. Som dokker ser av tittelen på denne leiaren, driv eg for tida og eksperimenterer med å bruke denne forma. Set dokker gjerne ned og prøv dokker fram i den nye rettskrivinga, dokker òg!

Arnfinn Muruvik Vonen

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter