Verdas første vinnar av Nysgjerrigpers språkpris er ...

No image

I år har fleire enn 100 skoleklasser konkurrert om kven som har forska best i Årets Nysgjerrigper, som er ein årleg konkurranse Noregs forskingsråd utlyser for elevar i barneskulen. I konkurransen blir barna kjende med bruk av vitskapelege metodar når dei arbeider som forskarar.

AV NINA TEIGLAND

Nytt i 2012 var at ein kunne vinne Nysgjerrigpers språkpris, ein spesialpris som blir delt ut av Språkrådet. Dei aller skarpaste språkforskarane i 2012 var elevane på 1.–7. årssteg ved Skåbu oppvekst i Nord-Fron kommune. Skåbuelevane fekk den nye spesialprisen for prosjektet «Kåffår ha Skåbu-dialekta forandra sê?». Juryen roser dei for ein ryddig rapport der problemstillinga og  hypotesane heng godt saman.

Årsaker til dialektendring

Elevane hadde observert at færre barn og unge enn før snakkar tradisjonell dialekt i Skåbu, og ville undersøkje dette. Dei testa i kor stor grad folk i ulike aldersgrupper bruker daglegdagse dialektord, og fann ut at jo yngre folk i Skåbu er, desto mindre tradisjonell dialekt bruker dei. Elevane hadde ulike hypotesar om kvifor det er slik, og dei fann blant anna ut at tilflytting og påverknad frå radio og tv kan vere noko av grunnen.

Juryen seier at prosjektet er eit godt gjennomført talemålsprosjekt: «Dei unge forskarane […] har teke for seg ulike hypotesar om kvifor talemålet i bygda er i endring. Elevane har gått systematisk til verks for å teste ut hypotesane, og dei har funne ut at det er fleire årsaker til at dialekten i bygda har endra seg. Prosjektet viser tydeleg at årsakene til talemålsendringar er samansette.»

Premiar og feiring

juni var det høgtideleg premieoverrekking i Skåbu med ordførar, rektor og språkdirektør til stades. Elevane fekk ein kjempesjekk på 5000 kroner for forskinga si, og kvar og ein fekk diplom. I tillegg fekk dei Nysgjerrigper-bøker, T-skjorter, jakkemerke og berenett. Etterpå var det fest med bollar og brus, både for stolte elevar og lærarar.

Vi oppmodar alle lærarar om å bli med og kjempe om prisen neste år. Les meir på nettstaden vår.

Språkrådet gratulerer dei første vinnarane av Nysgjerrigpers språkpris og ser fram til eit nytt skuleår fullt av språkforsking! 

 

-- Nina Teigland er rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter