Schlüsselburg

Magnus Eriksson, som var konge i både Noreg og Sverige, tok i 1348 ei borg på ei øy i den russiske elva Neva og gav ho namnet Nöteborg

Svensk har både en nöt, som tyder ’ei nøtt’, og ett nöt, som tyder ’eit naut’, altså ’fe’. Av det svenske namnet Nöteborg kan ein ikkje sjå om nöt her tyder ’nøtt’ eller ’naut’. Men sidan det russiske namnet på staden er Orekhovo og orekh tyder ’nøtt’, er det nok nøtt vi har her.

Peter den store erobra borga i 1702 og gav ho det tyske namnet Schlüsselburg. Schlüssel er tysk og tyder ’nøkkel’, så ein kan omsetja Schlüsselburg med Nøkleborg. For tsaren skulle Schlüsselburg tena som nøkkelen til Europa, for på den tida hadde Russland ikkje tilgang til Finskebukta.

Nøklar høyrer saman med låsar. Også i russisk er det slik. Eit ord som russarane skriv zamok (замок), tyder ’lås’ når trykket ligg på den siste stavinga (zamók), og ’borg’ når det ligg på den fyrste (zámok). Det samsvarande verbet heiter zamykátj og tyder ’stengja’, ’lukka’.

Det tyske ordet Schloss tyder både ’lås’ og ’slott’, og ’ein slutt’ heiter ein Schluss. Det samsvarande verbet schliessen tyder ’å låsa’, ’å slutta’. Vårt ord slott kjem frå nedertysk.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2012 | Oppdatert:27.05.2015