Kvifor ikkje berre bruke engelsk?

No image

Studentar i Noreg lyt tilpassa seg internasjonaliseringa av den høgare utdanninga. Engelsk vert brukt som lingua franca, og pensum og faguttrykk er ofte på engelsk. Men kvifor ikkje velja kredittskvis framfor credit crunch og hedgefond i staden for hedge fund når ein skriv om finanskrisa?

AV TRUDE BUKVE

Bruken av engelsk i forsking og akademia har vore eit gjennomgangstema i masteroppgåva mi, og med ei haldningsundersøking vona eg å finna ut kva økonomistudentar sjølve tykkjer om bruken av engelsk i ei elles norsk undervisning. Særleg ville eg undersøkja om studentane reflekterer over og er medvitne om inntaket av engelsk terminologi i norsk fagspråk, og kva positiv eller negativ verknad dette kan ha på læringseffekten og norsk som samfunnsberande språk.

Det var 117 studentar med på undersøkinga, som synte at deltakarane var svært språkbevisste. Dei fleste studentane var samde i at det er viktig å utvikla det norske fagspråket, og at eit godt norsk fagspråk gjer det lettare å kommunisera forsking til ålmenta. Likevel meinte fleirtalet at engelske termar ofte er meir presise enn dei norske, og når dei fekk valet mellom norske og engelske faguttrykk, vann ofte engelsk over norsk.

Haldningar til engelsk

Fyrst i undersøkinga vart studentane spurde om dei meinte at det vart nytta for mange engelske termar i undervisninga. Av dei 117 respondentane var 77 anten heilt ueinige eller nokså ueinige i denne påstanden. Fleirtalet av studentane (53 prosent) var også einige i at dei norske termane som vart nytta, var gode, medan 62 prosent var einige i at det er viktig å utvikla norske termar.

Når det gjeld læringseffekt, har tidlegare forsking peikt på at morsmålet er det beste språket å læra på. Dette meinte også fleirtalet av studentane. Medan 62 prosent svara at norsk gav best læringseffekt, meinte 15 prosent at engelsk var mest effektivt. Derimot hevda 18 prosent at det ikkje var nokon skilnad mellom dei to språka.

Ein av studentane uttrykte seg slik: «Synes det vanskeliggjør å lese pensum på engelsk. Får  ikke tak i innholdet på samme måte.» Men det var også studentar som var ueinige i dette: «Engelsk terminologi er bedre å bruke. Mer presist!»

Den siste påstanden stammar frå eit intervju med ein professor i studentavisa K7 Bulletin. Her vart det understreka at det er betre å nytta engelsk terminologi fordi den er meir presis og kjend enn den norske, og at ein difor ikkje alltid har gode norske alternativ. Det viste seg at heile 60 prosent av studentane var einige i dette.

Hedgefond som høgrisikoprodukt

Den same haldninga synte seg også når studentane vurderte norske omsettingar av engelske termar. Eit fleirtal meinte at termen kredittskvis var ei dårleg omsetting av det engelske credit crunch. Heller ikkje den norske termen høgrisikoprodukt let studentane passere, og størsteparten av dei meinte at den engelske ekvivalenten contract for difference (CFD) var betre. Av dei norske termane var det hybridtermen hedgefond studentane likte best. Heile 76 studentar meinte at termen var ei god eller grei nok omsetting av den engelske ekvivalenten hedge fund. Av dei norske termane som vart presenterte for studentane, var det altså den minst norske dei likte best.

Men når det var tale om formidlinga av økonomifaget til ålmenta, var fleirtalet av studentane samde i at norsk var det beste språket å gjera det på. Av dei spurde meinte 68 % at det var viktig, medan 14 prosent var ueinige.

Skilnader mellom grupper

Tidlegare forsking, mellom anna frå Tore Kristiansen og Lars S. Vikør (Nordiske språkhaldningar 2006), tyder på at menn kan vera noko meir positive til engelsk, medan kvinner har meir puristiske tendensar. Også i undersøkinga mi synte det seg nokre skilnader mellom gruppene. Kvinner var i det store og heile meir positive til norsk i reint normative spørsmål. Derimot var det ikkje signifikante skilnader mellom kjønna i meir deskriptive spørsmål, som til dømes at engelske termar er meir presise enn norske termar, og at norsk gjer det lettare å formidla forsking til folk flest.

Studentar som har studert lenger enn eit halvt år, var meir positive til bruken av engelsk enn dei som hadde studert under eit halvt år. Ei mogleg forklaring på det kan ein finna i sosiolingvistiske teoriar som seier at ein kan sosialiserast inn i ulike haldningar. Om ein møter negative haldningar til bruken av norsk i akademia, kan det verka inn på studenthaldningane. Det er viktig at ein som formidlar er klar over det, og at ein gjer medvitne språkval. Det gjeld anten ein brukar norsk eller engelsk som fagspråk.

Frå haldning til handling

Det er viktig å kartleggja haldningane til studentane dersom ein ynskjer å kasta lys over fagspråkssituasjonen slik han er i dag. Studentane står på terskelen til arbeidslivet, og haldningane ein møter i studietida, kan hengja ved vidare i livet.

Etter mi meining er det viktig å syna at termane er ein del av språket, og ikkje berre nemningar på ulike omgrep, isolert frå annan språkbruk. I masteroppgåva nytta eg eit utval termar henta frå norske aviser og samanlikna dei med termar eg har funne i ordlister og lærebøker. Inntrykket eg sit att med, er at det ofte er lite samsvar mellom termbruken i dei ulike kjeldene. Medan ein i norske aviser ofte nyttar kredittskvis, nyttar ein i somme ordbøker termen kredittmangel. Og ikkje nok med det, i den norske læreboka eg gjennomgjekk, nytta ein ingen av dei norske omsettingane, men credit crunch. Det er altså av og til lite systematikk, og ofte kan eitt omgrep ha fleire norske faguttrykk.

For å vidareutvikla den norske terminologien og gjera han meir kjend for brukarane kan ei av løysingane vera å ta i bruk resultat frå sosiolingvistisk forsking. Slik kan ein få viktig kunnskap om kva utfordringar ein står overfor når ein vil gjera norsk terminologi lettare tilgjengeleg for studentar så vel som for ikkje-spesialistar. Når ein kjenner til haldningar som går ut på at norsk fagspråk ikkje er presist nok, kan ein arbeida for å syna brukarane at eit norsk fagspråk er like presist og godt som dei engelske faguttrykka. Ein lyt syna brukarane verdien av eit godt norsk fagspråk. God formidling skal skje på tilhøyraren sine premissar.

Språket er eit mektig verkty som bør nyttast for å inkludera menneske slik at dei kan delta i samfunnsdebatten, ikkje for å ekskludera dei utan spesialkunnskapar på området. Som ein av studentane påpeikte i undersøkinga: «Det er viktig med fagspråk på eige språk.»

 

-- Trude Bukve har mastergrad i lingvistikk frå Universitetet i Bergen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter