DUDEN – was bedeutet das*

No image

Kvar femte EU-borgar har tysk som morsmål, og Tyskland er ein viktig handelspartnar for Noreg. Likevel studerer stadig færre nordmenn tysk. Christian Janss ved Universitetet i Oslo er like fullt optimist på vegner av tyskfaget: – Behovet for solid tyskkompetanse i næringslivet og samfunnet elles går hand i hand, og det er eit lykketreff.

AV ERLEND LØNNUM

Det ser altså ikkje heilt mørkt ut for tysken, skal vi tru ein av dei få tysklitteratane ved universitetet i hovudstaden.

– Vi tilfredsstiller mange behov ved å undervise i tysk på skolen og universitetet. Eg merkar med glede aukande interesse og entusiasme blant studentane mine og også i samfunnet elles, ikkje minst i næringslivet, fortel Janss. Arven etter Duden lever altså vidare sjølv om pilene i lang tid har peikt nedover for tysk i norsk skole og høgare utdanning.

– Tyskarane har lenge vist større interesse for oss enn vi har for dei, og dei som kjem hit, er svært flinke og snare til å lære seg norsk. Det synest eg vi bør kunne gjengjelde. Til alt hell er det i ferd med å endre seg, for Tyskland har i dag ein annan status i det norske medvitet enn før. Forholdet har blitt mindre betent med åra, sidan Tyskland har teke eit grundig oppgjer med fortida, utan å skyve ho under teppet, seier germanisten. – Ved universitetet vonar vi at fleire får auga opp for tyskfaget slik at vi kan utlikne noko av skilnaden. For tyskarar og nordmenn har eit felles mål i kulturell utveksling og økonomisk samarbeid.

Christian Janss er førsteamanuensis i tyskspråkleg litteratur ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk (ILOS) ved Universitetet i Oslo.

Tala talar klart

Nedgangen i tysk har flata ut dei siste åra, både i skolen og ved Universitet i Oslo. Tysk er i dag det tredje største framandspråket i den vidaregåande skolen, etter engelsk, som er soleklart større, og spansk, som ikkje veks like raskt lenger.

Ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk er Christian Janss aleine om å undervise i tysk litteratur. For 10–15 år sidan var det til samanlikning fem tilsette i litteratur ved det dåverande Germanistisk institutt.

– Eg skulle gjerne hatt eit større litteraturfagleg forskarmiljø rundt meg. Men eg har uansett nok å gjere med 40 studentar og to doktorgradsstipendiatar. Og eg set pris på å samarbeide med kollegaer ved tyskseksjonen og ved andre fag, forsikrar Janss.

Universitetet i Oslo har vidare éin tilsett i tysk kultur og fire–fem tilsette i tysk språk. Ved dei andre norske universiteta er situasjonen dystrare. Universitetet i Tromsø la nyleg ned mastergradsstudia i tysk og fransk, og for to år sidan blei studietilbodet i tysk, fransk og spansk avvikla ved Universitetet i Stavanger. Årsakene er dei same som i fleire land: sviktande studentrekruttering og dårleg økonomi.

Det er dessutan færre nordmenn enn før som utdannar seg i Tyskland. I dag er det rundt 200 studentar som tek ein heil akademisk grad i Tyskland, og det utgjer berre halvannan prosent av den norske studentmassen i utlandet. For 20 år sidan var det fem gonger så mange.

Kvifor skal ein velje tysk?

– Som så mange foreldre seier eg til tenåringsbarna mine: Studer det som interesserer deg! Men då må den unge borgaren faktisk vite kva som er interessant. Og det er ikkje barna si skuld at dei tenkjer som dei gjer, foreldra har ansvaret. Så viss vi foreldre ikkje er entusiastiske til andre språk enn engelsk, skal det mykje til at barna blir interesserte nok, trur Janss. – Pedagogar og foreldre må fortelje dei unge at det finst ei spesiell glede her i verda, som er verd å trakte etter: den stille meistringsgleda og kjensla av vokster, den som kjem når du har forstått vanskeleg matematikk, tysk grammatikk, eit stykke litteratur eller musikk. Viss vi kan formidle til dei store barna våre eit slikt syn på lærdom, er vi på rett kurs.

Frå i år vil vidaregåande skoleelevar som fordjupar seg i andre framandspråk enn engelsk, få eitt ekstra poeng ved opptak til høgare utdanning.

– Nyordninga kan hjelpe fleire inn i tysken, og lektorar med tysk i fagkrinsen kan vere på veg inn porten igjen. For dei som ønskjer å kombinere praktisk dugleik med intellektuelle utfordringar og fagkunnskap, er tysk eit attraktivt og spennande fag, meiner Janss.

Janss får støtte av Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), som meiner at elevane må kunne fordjupe seg i realfag og ta andre framandspråk enn engelsk, fordi næringslivet treng fleire som meistrar både språk og andre fag.

Næringslivet er bekymra

NHO, Handelshøgskolen BI og Norsk-Tysk Handelskammer melder at den låge interessa for tysk kan få alvorlege konsekvensar for norsk økonomi. Dei etterlyser difor ei meir målretta satsing på dei tysktalande landa. Universitetet i Oslo prøver å kome næringslivet i møte ved å gi råd og arrangere seminar, møte og konferansar. I dei siste par åra har NHO og Humanistisk fakultet stått bak fleire felles arrangement for å få merksemd rundt tyskfaget i Noreg.

– Vi har ein felles agenda med næringslivet, så eg er trygg på at samarbeidet mellom NHO og universitetet vil gi oss fleire studentar. Eg vonar òg at NHO og andre aktørar lyser ut stipend til studium i Tyskland og Frankrike – i alle fag! oppmodar Janss.

NHO har lenge ønskt at fleire nordmenn studerer til ingeniør og liknande i Tyskland, sidan handelen med Tyskland aukar. Mellom anna på det tyske satsingsområdet grøn energi søkjer tyskarane tettare band med norske bedrifter, og då kjem ein til kort med berre engelsk. NHO kjenner til mange døme på føretak som har mista kontraktar fordi dei tilsette ikkje er fortrulege med dei kulturelle kodane. Eller som ein tysk næringslivsleiar sa det: «Eg kan knapt hugse ei vellykka avslutning av eit møte som blei halde på engelsk.»

– Engelsk fungerer nok godt som arbeidsspråk for begge partar i dei større internasjonale bedriftene, men i mindre bedrifter er det heilt nødvendig å kunne tysk, til dømes når tekniske spesialistar frå tyske bedrifter kjem for å løyse problem med utstyr dei har levert til Noreg. Meir samkvem aukar i det heile behovet for presis kommunikasjon, understrekar Janss.

Tyskland–Noreg 1–1

Tyskarane har fått fornya sjølvtillit dei siste åra. Det kunne ein særleg sjå under fotball-VM i 2006, då det tyske flagget vaia i medvind og vertskapet song nasjonalhymna av full hals, slik andre land viser idrettskjensler. Det multikulturelle landslaget, som har spelarar med bakgrunn også frå Brasil, Ghana, Polen og Tyrkia, blei symbol på ei brytingstid.

– Mange tyskarar er stoltare over sin eigen nasjon og kultur no som vi og dei har fått den skamfulle krigen og assosiasjonane til høgrøysta nazileiarar meir på avstand. Nasjonalkjensla har lenge hatt noko trykkjande og leitt ved seg, men no kan tyskarane endeleg sjå på seg sjølv med friskare auge. Det opplever ein mellom anna gjennom gleda dei viser over landslaget i fotball. Samstundes kjem dei alltid til å sjå seg sjølv og denne forma for nasjonalisme også med kritiske auge. Dei har måtta finne balansen mellom det å respektere minnet om jødeutryddinga og det å bevare sjølvransakinga, samtidig som dei øver seg i å bli glad i sitt eige land, fortel Janss.

Das Land der Dichter und der Denker

Tyskland og Noreg har knytt tette band frå hansatida og fram til i dag. Det er umogleg å tenkje seg utdanning av norske akademikarar, ingeniørar og legar for femti og hundre år sidan utan tysk påverknad. Og det er vanskeleg å sjå for seg kunstnarar som Ibsen, Grieg og Munch utan tysk inspirasjon og eit vake tysk publikum. I Noreg har dessutan den rike tyske litteraturen og filosofihistoria alltid spela ei sentral rolle. Tenk berre på forfattarar som Goethe og Brecht og tenkjarar som Kant og Nietzsche.

– Vi må halde kultursambandet levande, for språket er berar av kulturen og tenkjemåten. Det forklarer noko om oss sjølv og om banda våre til kontinentet, slår Janss fast.

– Dårlege språkkunnskapar reflekterer eit lågt kulturelt nivå, for å seie det litt brutalt. Ein får sjølvsagt ikkje eit fullgodt bilete av Tyskland ved å lese berre Thomas Mann. Samtidig er det umogleg å tenkje seg tysk kultur utan Thomas Mann og andre store forfattarnamn!

 

* Konrad Duden (1829–1911) var ein framståande filolog og leksikograf i Tyskland. Han forfatta i 1880 den epokegjerande Vollständiges Orthographisches Wörterbuch der deutschen Sprache, som la grunnlaget for ei einskapleg tysk rettskriving og for dei berømte DUDEN-ordbøkene, m.a. DUDEN – was bedeutet das.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter