Fargerikt fagspråk

Fagspråk er ikkje nødvendigvis tørt, kjedeleg og fantasilaust. Om vi går fagspråklege tekstar etter i saumane, ser vi at dei ofte er prega av spenstig retorikk, underhaldande anekdotar og språklege bilete. Dette gjeld ikkje minst om vi går på oppdagingsferd i nye fagfelt som til dømes genteknologi og nanoteknologi.

AV OLE VÅGE

På dei nye fagområda finst det eit vell av metaforar, det vil seie ord og uttrykk som er overførte frå ei bokstaveleg og konkret tyding til eit nytt fagfelt, der dei får nye, biletlege tydingar. Metaforar er altså ikkje noko som avgrensar seg til det daglege allmennspråket, men er i høgste grad til stades i fagspråket.

Spleising og kveiling

Genteknologi er eit relativt nytt fagfelt, der det blir nytta ei rekkje teknikkar for å endre DNA-molekyla hos levande organismar (sjå figur 1). DNA-molekyla er stoffet som arvematerialet, genane, er bygde opp av. Dei fleste av oss har høyrt uttrykket genspleising, det vil seie samanføying av DNA-molekyl frå ulike organismar til eit nytt DNA-molekyl for å overføre visse arveanlegg. Vi kjenner alle til at å spleise tyder å flette ellerskøyte saman to tauendar. Denne førehandskunnskapen gjer det lettare å førestelleseg korleis samanføyinga skjer i genteknologi. Fagfolk snakkar også ofte om DNA-trådar. Desse trådane vert kveila saman i form av ein spiral. På fagspråket talar ein gjerne om oppkveiling og avkveiling i samband med celledeling. På den måten vert den konkrete erfaringa frå tauverk nytta i fleire samanhengar for lettare å fatte det innfløkte og mikroskopiske i genteknologien. Vi grip det ukjende med det kjende.

Det er interessant at genspleising på norsk eigentleg er ei feilomsetjing frå engelsk. Terminologar har peikt på at det engelske gene splicing opphavleg kjem frå filmklippteknikk, der splicing vert nytta i tydinga ’samanskøyting av filmklipp’, og ikkje ’spleising av tau’. Denne snodige, men forståelege språklege forskuvinga har ikkje berre skjedd på norsk, men også til dømes på fransk, der vitskapsfolk i genteknologi nyttar metaforen épissure (’spleising av tau’), medan det rette burde vere montage (’samanskøyting av film’). Med andreord har genforskarane opphavleg sett for seg DNA-materialet som ein slags filmsekvens.

Transkripsjon og translasjon

Fagfolk seier gjerne at DNA-trådane inneheld kodar, det vil seie ulike samanstillingar av bokstavane A, G, C og T, som representerer dei kjemiske byggesteinane i stoffet. Eit mål i genteknologien er å danne protein. For å klare det må kodane på DNA-molekylet avlesast og overførast til eit såkalla RNA-molekyl, ein slags kopi av DNA-molekylet. Denne prosessen kallar ein for transkripsjon. Metaforen er opphavleg henta frå arbeidet med å transkribere bokstavar frå eit alfabet til eit anna, til dømes frå det kyrilliske til det latinske alfabetet.

Når desse bokstavane er ferdig transkriberte i molekylet, er det neste steget å gjera dei forståelege for proteinet. Dette steget kallar ein translasjon i genteknologifaget. Ordet translasjon kjem frå latin og tyder ’omsetjing’. Vi snakkar då om ei slags overføring av informasjon mellom ulike språk i kroppen vår.

Slike metaforar er med på å skape eit bilete av arvematerialet som eit slags kokebokbibliotek. Her finn vi bøker på ulike språk som gjev oss oppskrifter på livskoden. Vi kan såleis lese genspråket for å få tilgang til informasjonen som ligg lagra i arvematerialet. Men ved å nytte metaforar med ulikt opphav er ikkje desse bileta eintydige. Bruken av tau- og trådmetaforar gjer at kunnskapen om genar ikkje nødvendigvis kan plasserast mellom to permar, men langs ein tråd som kan flettast saman med andre. Vi har òg sett at metaforen genspleising opphavleg kom frå filmverda og hadde med samanskøyting av filmklipp å gjere. På dette viset kan vi også førestelle oss genmaterialet som ei rekkje scener i ein film. Arvematerialet vårt kan ein på den måten ikkje berre forstå som eit bibliotek, men også som eit multimediatek.

To typar metaforar

Kvifor nyttar forskarane metaforar? Er det for å krydre fagspråket og gjere det meir spennande? Her kan det vere nyttig å skilje mellom to ulike typar metaforar, didaktiske og konstitutive. Didaktiske metaforar vert nytta når ein skal forklare fagomgrep for andre enn fagekspertar, gjerne i populærvitskaplege bøker eller i lærebøker for elevar og studentar. Didaktiske metaforar forenklar langt på veg læringsprosessen. Ved å nytte språklege bilete frå allereie kjende felt vert det lettare å forstå og lære nye omgrep. Til dømes er arvemateriale ein metafor som ofte vert nytta i tekstar til ålmenta. Fagfolk snakkar heller om genar.

På den andre sida kan metaforar gjenspegle den fundamentale tenkjemåten hos forskarar. Dei forstår fagfeltet sitt gjennom metaforar som er  såkalla konstitutive, det vil seie ein type grunnmetaforar. Denne typen er ikkje berre hjelpemiddel i læringa, men òg grunnleggjande byggjesteinar på fagfeltet. Metaforane transkripsjon og translasjon er konstitutive metaforar fordi dei gjenspeglar korleis fagfolk faktisk forstår prosessane.

Nanoteknologiske strukturar

Metaforar finn vi på alle fagfelt, kanskje særleg i dei nye vitskapane. I nanoteknologi snakkar ein gjerne om corralar. Ordet corral kjem frå spansk og tyder ’innhegning’, og då helst av dyr. Vi kjenner kanskje att ordet frå amerikanske westernfilmar, der nybyggjarane danna eit lukka forsvarsverk av hestevogner og kalla det for corral. Når ein i nanoteknologi set saman atom i kompliserte strukturar, nyttar ein metaforen corral (sjå figur 2).

Ofte seier ein at metaforar byggjer på det konkrete og kjende for å gripe det nye, abstrakte og innfløkte. Ein tek altså med seg nokre eigenskapar frå opphavsomgrepet som så vert overførde til det nye omgrepet, metaforen. Corral er eit døme på det. Her er det den kjende geometriske figuren som vert overførd. Samstundes kan metaforen vere problematisk i norsk fagspråk. Sjølv om corral er eit kjent ord i den engelskspråklege verda, og dimed har store føremoner som metafor, er det ikkje sikkert at nordmenn kjenner ordet. I det heile bør ein vere varsam med å nytte framandspråklege metaforar på norsk. Det kan hende at dei byggjer på ein kulturell bakgrunn som er ukjend for oss. Dette gjeld til dømes metaforen boot, kortforma av bootstrap, som mellom anna vert nytta i IT-bransjen om oppstart av datamaskinen eller primærlastar av dataprogram. Metaforen er henta frå engelskspråkleg litteratur, der han tyder (det umoglege) ’å løfte seg sjølv opp med hjelp av støvelstroppar’. Sjølv om det engelske uttrykket ofte er i bruk på norsk, er det nok mange som ikkje kjenner til den metaforiske tydinga.

Metaforar er såleis ikkje berre med på å gjere språket vårt meir variert og rikare. Dei kan også vere verkty for å lære og forstå omgrep frå innfløkte fagfelt. Om fagfolk eller fagformidlarar nyttar metaforar med omhug, kan kunnskap verte lettare tilgjengeleg ikkje berre for fagfolk, men også for alle oss andre.

 

-- Ole Våge er rådgjevar i terminologitenesta i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2012 | Oppdatert:09.06.2015