Visuell rikdom eller språkleg latskap?

AV SUNNIVA RELLING BERG

Eit smilefjes i rett tid kan vere både hyggeleg og klargjerande. Men eg har hatt ei førestelling om at seriøse e-postar og vanlege tekstar ikkje inneheld emotikon (’avbilding av kjensler’), slik som :). Sjølv om eg har vakse opp med MSN og mobiltelefon, blei eg overraska den gongen eg fekk eit smilefjes til svar i ein sakleg, jobbrelatert e-post frå ein person eg ikkje kjenner.

Når eg kjenner trongen til å putte inn eit smilefjes, har eg i seriøse settingar tvinga meg sjølv til å tenkje grundigare gjennom kva eg har skrive, og prøvd å bruke språket til å få fram glede og munterheit. Eg har tenkt at språket må kunne vere sterkt nok i seg sjølv, og at smilefjes lett blir ein feig snarveg.

Det finst mange typar tekstar på nettet der det er vanleg å bruke emotikon og lydord: private meldingar, diskusjonsinnlegg og bloggar. Bruken kan vere effektiv og hindre misoppfatningar. For å unngå å verke sur kan eit smil :) gjere orda hyggelegare. Eit raskt søk på nettet viser at emotikon ikkje er ein ny ting. På Wikipedia blir det spekulert på om Abraham Lincoln brukte eit emotikon i ein tale skriven i 1862. I 1881 trykte det satiriske magasinet Puck typografiske emotikon. På den tida vart ikona brukt til uformell og humoristisk skriving.

Emotikon kan gjere kommunikasjonen rikare og meir personleg. Skriftspråket kan nærme seg talespråket ved å ta inn mimikk og dialekt i teksten. Men det kan òg føre til latskap, slik alle typar språklege klisjear kan. Alt kjem an på kva eg ønskjer å formidle, og kven eg kommuniserer med. Kommunikasjon er spanande. Ein må heile tida bruke ulike verkemiddel for å få fram meininga på best mogleg måte, i ulike medium, til ulike personar, i ulike settingar. Ein student som vart intervjua av Magasinett, sa at han ikkje skriv smilefjes i meldingar til framande eller folk som har ein profesjonell relasjon til han, for han ønskjer å bli oppfatta som sakleg. Det vil alltid vere viktig å tilpasse verkemidla etter den typen tekst ein skriv.

Kan smilefjes og SMS-språk bli vanleg i skjønnlitterære tekstar? Kven veit? Men eg liker den utfordringa det er å leite i språket for å finne dei rette formuleringane. Er utropet tydeleg til stades i orda, kan det vere like fint å avslutte setninga med eit punktum som med eit utropsteikn. Dersom ein berre skulle ta inn det visuelle, kunne nyansane i språket bli redusert. Det finst ein stor rikdom i reine ord òg. Ord kan male i tankane til lesaren, spele på assosiasjonar og fylle store tankelerret med bilete.

 

-- Sunniva Relling Berg er forfattar.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter