Åtak og forsvar

Utviklinga av ny teknologi og handel over landegrensene fører med seg mykje godt, men denne gongen skal vi ta for oss nokre nye tilbod vi nok kunne ha greidd oss utan. Vi ser òg på ein ny type forsvar vi kan trenga meir av i framtida.

Det er ikkje skjønt alt som skimrar

Dei siste åra har vi kunna lesa åtvaringa mot skimming i avisene, men kva er det da det er tale om, og korleis skal ordet uttalast? Vi meiner skimming fungerer dårleg på norsk både fordi det ikkje seier noko særleg om kva det er tale om, og fordi skrivemåten kan innby til å setja ordet i samband med ord som skimmer og skimra, som gjeld noko heilt anna. Det engelske verbet skim betyr oftast ’skumma’, som i skumma mjølk. Men i dei siste åra har det engelske verbet òg blitt bruka om ein type kortsvindel. Det som da blir skumma av, er informasjonen i betalingskort. Sidan det handlar om å kopiera eller skaffa seg avtrykk av kortet, har vi sansen for dei greitt forklarande omgrepa kortkopiering eller kortkloning.

Phishing i Valdres?

Ein annan måte å bli kvitt pengane sine på kan vera å gi frå seg viktig informasjon på ei nettside eller ved å opna lenkjer som i røynda fører til at informasjon på maskinen kan lesast av andre. På engelsk blir dette kalla fishing, eller i sjargong: phishing. Vi synest dette beint fram kan kallast fisking på norsk, men det kan òg presiserast som nettfiske.

Eit forsvar for kyberpønken?

Det er høgst naturleg at Forsvaret vil utvikla seg til å kunna forsvara landet mot dataåtak. Kva kallar vi denne typen forsvar? Sjølv har Forsvaret begynt å bruka eit namn som er blitt kjølig motteke i Språkrådet: Cyberforsvaret. Innvendingane våre knyter seg sjølvsagt til leddet cyber-, som i tillegg til å vera engelsk for kyber- ikkje er spesielt klart og informativt og kanskje til og med verkar avleggs.

Når vi høyrer cyber-, er det nok somme av oss som særleg tenkjer på cyberspace, som tidlegare først og fremst blei bruka som ein metafor for Internett. Men etter det vi kan skjøna frå omtalen av denne nye delen av Forsvaret, gjeld det meir enn Internett.

Cyber-/ kyber- har elles blitt erstatta av forledd som nett-, når det er tale om Internett, men særleg av e- når det er tale om det som i vidare forstand har med elektroniske data å gjera. I denne samanhengen kunne det passa vel så godt å tala om informasjonsforsvar, eller rett og slett dataforsvar

 

-- Av Daniel G. Ims, rådgjevar i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.09.2012 | Oppdatert:27.05.2015