Ei avhandling om engelsk i norsk

AV KJELL VENÅS

Engelsk er det store maktspråket i verda i dag, og det er vår tids lingua franca eller hjelpespråk. Dette har både positive og negative sider. Frå ein nordisk språkleg synsstad må vi sjå det som positivt at engelsk verkar (om lag) like mykje mot alle dei nordiske språka, slik at dei ikkje blir meir ulike på grunn av lån frå engelsk. Meir ulikskap kan det bli dersom vi i Norden ikkje tek imot dei same engelske ord på den same måten, men fastset ulik skrivemåte eller ulik bøying for dei. Norsk språkråd var inne på ein slik veg med eit vedtak i januar 1996, som ville gje valfri norsk skrivemåte til eit titals norske ord, som hedde ved sida av heade eller kampe, kamping ved sida av campe, camping. Som vi veit, gjekk departementet delvis imot vedtaket.

Frå tid til anna lyfter det seg røyster som ynskjer å få i stand eit samordna vitskapleg studium av den engelske påverknaden på nordisk i vår tid. Berre dei to–tre siste åra har det i Nordisk språksekretariat kome to slike framlegg, frå ein dansk og ein islandsk representant. Det kan vi vel ta som eit vitnemål om at skoen klemmer på den same måten i fleire land.

Eit pionerverk i Noreg

Alt før siste verdskrig vart det skrive ei doktoravhandling om engelske lånord i norsk (Stene 1949). Ho var ferdig i prenteverket ved den tyske invasjonen i 1940, men vart ikkje framstelt som bok før etter krigen. Bokskrivaren, Aasta Stene, såg då på arbeidet sitt som eit dokument om ei faren tid, eit vitnemål om sluttfasen av ei lang utvikling. Med klårsyn nemnde ho samstundes dette som ei ny arbeidsmark i framtida og såg for seg at nokon skulle granske den nye fasen vitskapleg.

Ei ny tid og nye vegar

Ikkje før no har det meldt seg ein etterfølgjar av Aasta Stene. Det fekk ei ytre markering då cand.philol. Anne-Line Graedler disputerte for doktorgraden ved Universitetet i Oslo 13. januar 1996. Ho har skrive om mange ulike sider ved engelske ordlån i norsk. Mange mindre arbeid av andre kunne ho likevel byggje på. Ved Institutt for britiske og amerikanske studiar er det skrive hovudoppgåver om emnet, og mykje tilfang er samla inn og ordna til ein stor database av engelsk i norsk. Professor Stig Johansson har hatt tilsyn med arbeidet, og han har også vore rettleiar for Graedler. Han er forresten fødd svensk og har med den bakgrunnen kunna gje eit slags nordisk perspektiv til arbeidet. Ved sida av arbeidet med avhandlinga har Graedler også arbeidt med ei ordbok, og etter disputasen har ho halde fram med det, så boka blir vonleg ferdig om ikkje så lenge.

I doktorarbeidet sitt har Graedler kalla moderne teknologi til hjelp og rykt fram maskinelt. Derfor har ho kunna granske så mykje som 17 000 lånord fordelte på 3760 leksikonord. Tilfanget kjem frå Oslo-aviser, særleg Aftenposten, og frå ymse andre kjelder, såleis 12 einskildverk, mest alle skjønnlitterære og dei fleste romanar. Utvalet er ikkje representativt geografisk, sosiologisk eller litterært, og det er avgrensa til skriftlege kjelder. Verdien av det ligg særleg i den språklege analysen av lånetypane, studiet av korleis det engelske stoffet blir innpassa i norsk i bøying og tyding. Eit kapittel er vigt kommunikasjon og stil. Det syner kva engelske ord og vendingar blir brukte til og uttrykkjer som innslag i språkbruken.

Kvifor bruke engelsk i norsk?

Graedler har funne at fire tilhøve gjer seg gjeldande for opptak av engelske lånord i norsk. Trongen til å fylle eit tomrom er det fyrste ho nemner; det gjeld altså å gje namn til noko som det ikkje finst ord for før. Det andre er trongen til friske og nye uttrykk. Det ser ho på som eit ynske om å fylle eit slags stilistisk tomrom. For det tredje kan engelsk bli brukt fordi språket har sosial prestisje, og for det fjerde kan brukarane gripe til slike ord og uttrykk som dei fyrst kjem på, utan å tenkje på alternative val. Alle desse grunnane er sikkert verksame, med ulik tyngd alt etter bruksområde og stilslag. Rekkjefølgja her syner kva Graedler har festa seg ved. Ein meldar med noko mindre tru på positive drag i menneskenaturen kan nok tenkje at ho har lagt for lite vekt på prestisjeaspektet. Dét står vel aller sterkast i reklame. Men Graedler meiner altså at trongen til å fylle språklege tomrom har hatt mest å seia for det stoffet ho har analysert.

Om bøying og ordlaging

Eit interessant innslag i analysen av bøyingar er studiet av dei såkalla «klips-substantiva», ord av typen kjeks og pins, der ei engelsk fleirtalsform blir brukt som ordstamme i norsk. Det er ikkje få slike ord, og ved nokre av dei er forma ustø, såleis både tip og tips i eintal. Ein ny og avvikande bruk av ubunden form som har kome til i det siste, og som norske språkrøktarar liker lite, er det mange innslag av i materialet hennar. Vi ser typen i uttrykk som «Sjekk facts først, NRK» og «Controller vil inngå i gruppens lederteam», der begge dei markerte orda skulle ha bunden form etter nedervd norsk bruk, altså formene factsene og Controlleren. Graedler er inne på at det framande ved lånorda kan ha noko av ansvaret for bruken av ubunden form.

Om vi ser på heile materialet, har 42 % av substantiva norsk fleirtalsending, 58 % engelsk. Fleire tilhøve verkar inn på valet mellom norsk og engelsk ending. Det kan vera alderen på innlånet, kor langt og samansett ordet eller uttrykket er, og om det finst formelt samsvar med norske endingar. Psykologiske faktorar har noko å seia, om det framande er markert ved noko tillegg, som bruk av eit «såkalt» eller «som det heiter på norsk», eller for å nemne eit anna moment: om noko framandt kjem fram i stavemåten.

Eit eige spørsmål er tildelinga av grammatisk kjønn i norsk for ord frå det kjønnslause engelsk. Graedler poengterer at ein språkleg mekanisme må vera til hjelp ved dette. I studiet av genus har ho hatt god nytte av ein artikkel om genustildeling i dansk av Erik Hansen (1995). I kapitlet om ordlaging fester ein seg ved ein skilnad i bruken av etterleddet -minded. Mest alle eksempla i materialet går så langt attende som 1960-åra, så det ser ut til at -minded har vore eit tidsbunde moteuttrykk som har vorte mindre populært seinare. Ein spesiell og interessant type er ord med endinga -ings, som rullings for 'handrulla sigarett' eller dritings om dauddrukne folk.

Det er ei interessant og viktig avhandling Anne-Line Graedler har skrive. Enno finst arbeidet berre i det påkravde akademiske opplaget, men vi får tru at det blir publisert som bok om ikkje altfor lenge, slik at fleire kan lære å kjenne det og kunne bruke det.

Litteratur

  • Hansen, Erik 1995: «Genus i nye fremmedord». I Sprog i Norden. Nordisk språksekretariats skrifter 19. [Oslo]
  • Stene, Aasta 1949: English loan-words in modern Norwegian. Oslo.
  • Anne-Line Graedler: Morphological, semantic and functional aspects of English lexical borrowings in Norwegian. University of Oslo 1995. 311 sider.

 

-- Kjell Venås er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter