Leiar: Statsorgana og mållova

– 28 prosent av statsorgana har ikkje gitt saksbehandlarane orientering om lov om målbruk i offentleg teneste. Berre 14 prosent av statsorgana oppfylte i 1995 kravet om at det i rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. over ei viss tid skal vere minst 25 prosent nynorsk. Ein tredel av statsorgana meiner dei ikkje har tilstrekkeleg kompetanse i nynorsk. Likevel har berre vel 10 prosent av institusjonane i perioden 1992–94 sytt for at ein eller fleire av dei tilsette har fått opplæring i nynorsk. Knapt ein firedel av statsorgana har rutinar for språkleg likestilling. Fleire hundre skjema finst berre på ei målform.

Dette viser ei kartlegging Norsk språkråd har gjennomført. Opplysningane vart innhenta i 1995 og gjeld såkalla «sentrale statsorgan», dvs. statsorgan som har heile landet som tenestekrins. Departementa er ikkje med i kartlegginga.

***

Lov om målbruk i offentleg teneste krev m.a. at statsorgan med heile landet som tenestekrins skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. vekslar målform slik at ingen av dei to målformene er representert med mindre enn 25 prosent. Tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk område skal vere i fleirtalsmålforma for området, og tilfang med særleg tilknyting til ein kommune skal vere i den målforma kommunen har gjort vedtak om å krevje frå statsorgan. Skjema skal liggje føre på begge målformer. Private rettssubjekt, dvs. alle andre enn offentlege organ, skal ha svar frå eit statsorgan på den målforma dei sjølv har nytta i brevet. Kvart statsorgan har ansvar for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk.

Det er Kulturdepartementet som fører tilsyn med målbruken i departementa. Frå 1994 fører Norsk språkråd tilsyn med statsorgan under departementsnivå. Denne arbeidsdelinga vart innført for å styrkje tilsynet med mållova, slik stortingskomiteen bad om det i Innst. S. nr. 17 (1992–93).

***

Kvart statsorgan vil i haust få melding om å innføre ordningar slik at praksis kjem i samsvar med mållova. Kvart år framover vil det bli innhenta ny statistikk. Frå 1997 vil statsorgana få rapporteringsskjema tilsendt før rapporteringsåret tek til, slik at dei heile tida rapporteringsåret igjennom kan sjå korleis dei ligg i høve til krava i mållova. Statsorgan som ikkje fullt ut etterlever minstekrava i lova, må rekne med tett oppfølging i tida som kjem.

 

Jan Faarlund

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.07.2004 | Oppdatert:30.06.2015