Nynorskordlista

AV MARIT HOVDENAK

I desse dagar kjem det ut ei stor nynorsk ordliste som blir eit sidestykke til Bokmålsordlista frå 1992. Bokmålsordlista og no Nynorskordlista er offisielle rettskrivingsordlister på linje med Retskrivningsordbogen i Danmark og Svenska Akademiens ordlista.

Både for nynorsk og bokmål finst det fleire skuleordlister som blir oppdaterte med visse mellomrom. Dei største av desse ordlistene har om lag 30 000 oppslagsord. For nynorsk har det skorta på større hjelpemiddel for dei som vil ha rettleiing i å skrive godt og korrekt. Bokmålsordlista og Nynorskordlista har bortimot dobbelt så mange oppslagsord som dei største skuleordlistene, 56 000 og 58 000. Desse to bøkene høver difor for dei som har bruk for rettskrivingsordlister som er meir omfattande enn dei vanlege ordlistene.

Målgruppa for den nye ordlista er alle som skriv nynorsk – på skule, i arbeidet eller privat. Ordlista er godkjend til bruk i den vidaregåande skulen.

Nynorskordlista byggjer særleg på Nynorskordboka, andre utgåva frå 1993, med 90 000 oppslagsord. Dessutan byggjer ordlista mellom anna på Bokmålsordlista og på IBM-morfologien, ei stor elektronisk ordsamling som finst i nynorsk- og bokmålsversjon. Desse tre kjeldene er lagra elektronisk og har vore brukte som grunnlag i redigeringa. Nynorskordlista er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk språkråd, Avdeling for leksikografi ved Universitetet i Oslo og Det Norske Samlaget. Arbeidet har for det meste gått føre seg ved Avdeling for leksikografi.

Utvalet av oppslagsord i ordlista dekkjer det sentrale allmenne ordtilfanget i nynorsk. Det er lagt vekt på å få med aktuelt ordstoff. Storparten av grunnorda og dei avleidde orda i Nynorskordboka er tekne med i ordlista, og det vil seie ei stor mengd både heimlege ord og framandord. Av samansette ord er det derimot berre med eit mindre utval blant dei vanlege orda, t.d. alarm|klokke, ~sentral. Om samansetningar skal ha binde-s, er det opplyst om det, t.d. kvantumsrabatt og nedbør(s)~. Utvalet av ord frå omstridde delar av ordtilfanget, dansk-tyske lånord og nyare engelsklån, følgjer i store trekk den politikken Språkrådet har stått for i seinare år.

Ordlista har med som oppslagsord ein god del namn, særleg stadnamn. Det gjeld namn på norske kommunar, på statar og hovudstader og ein del andre viktige namn. Innbyggjarnemningar er med i stor grad, slike som tromsøværing og slovak. Elles er det med namn på ein del institusjonar og organisasjonar, som statsorgan og politiske parti. Vanlege forkortingar er med som oppslagsord.

Rettskriving og bøying i ordlista er à jour med dei siste vedtaka i Språkrådet i 1996. Ordlista har full bøying av orda, men uproblematiske samansetningar som alarmklokke har ikkje bøying oppført, ein må slå opp på sisteleddet (klokke) for å sjå bøyinga. Ein del gjennomgåande sideformer som gjeld store grupper av ord, er det berre opplyst om i brukarrettleiinga, slik vanleg er i skuleordlistene.

Uttaleopplysningar er tekne med for ein del ord og namn der vanleg uttale skil seg mykje frå skriftbiletet, som for raffinement (-mang) og Murray (mørri) . Det er sett trykkmarkering i somme mindre kjende ord som madapolam, som brukaren kan trenge uttalerettleiing om.

Det er teke med ei stutt forklaring til mange av dei meir spesielle dialektorda og framandorda. Forklaringa kan vere eit synonym eller berre ei fagmerking som bot. (i botanikk) og med. (i medisin). Dei vanlege, velkjende orda er i regelen ikkje forklarte, men homonyme ord og ord som ofte blir forveksla eller skrivne feil, har gjerne forklaring.

Nynorskordlista er på vel 400 sider og kostar ca. 190 kroner.

 

-- Marit Hovdenak er førstekonsulent i Norsk språkråd.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter