Den nye teljemåten – meir forvirring?

AV VIBEKE LAURITSEN

Femognitti eller nittifem? Ei gransking av gjennomføringa av den nye teljemåten er tittelen på hovudoppgåva mi, som var ferdig hausten 1995. Den nye teljemåten blei innført 1. juli 1951. Folk skulle frå da av skrive og uttale talorda med tiaren føre einaren, førtifire i staden for fireog førti. Eg har i hovudoppgåva mi freista å vise graden av gjennnomføring av teljereforma i dag, nærmare 45 år etter at Stortinget vedtok ny uttale av visse talord.

Undersøkinga mi er gjennomført ved hjelp av 60 informantintervju og «overhøyringar» i forretningar og skoleklassar. Eg har sett på om der kunne vere skilnader i bruken av teljemåtane når det galdt kjønn, alder, yrke, geografisk tilknyting, utdanning, formell/uformell talesituasjon og rapportert/reell teljemåte.

Det spesielle med teljereforma var at ho omfatta både tale- og skriftspråket, blei støtta av språkleg konservative, og målet var ikkje å føre dei to offisielle skriftspråka våre nærmare kvarandre. Hovudføremålet var å gjere språket betre som kommunikasjonsmiddel.

Argumentasjon

Det var med eit brev frå Telegrafstyret til Samferdselsdepartementet i mars 1949 at spørsmålet om talreform blei offisielt. I eit rundskriv frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet blei andre bedne om å uttale seg om saka. Meir enn 75 organisasjonar og institusjonar gav si tilslutning til forslaget, og bare to var direkte imot det (St. melding nr. 31 1950:4–9).

Dei pedagogiske og praktiske fordelane blei peika på som viktige argument for gjennomføringa av teljereforma. Borna ville få det lettare når dei skulle rekne, sidan det var meir logisk at talorda blei uttalte i den rekkjefølgja dei stod. Folk flest ville få det lettare i det praktiske livet. Dei ville unngå misforståingar og feil ved bruk av sjekkar og i rekneskapar til dømes. Argument som at det ville bli enklare for utlendingar å lære norsk, samtidig som vi ville gjennomføre det teljesystemet som er vanleg i dei fleste andre språk, blei au brukte.

Ulempene var blant anna at vi ville fjerne oss frå dansk, færøysk, nederlandsk og tysk. Dessutan ville uttalen av dei fleste talorda vere i strid med rytmen i dei fleste norske talemåla, ettersom anapesten (tung-lett-tung) er sjeldan i vanleg norsk (Seip 1950:10).

Undersøkingane mine

I den mest formelle delen av intervjuet i undersøkinga mi, lesestykket, blei 60 % av talorda sagde med den nye teljemåten. Her fekk informantane beskjed om å lese ein tekst inn på kassett. I det mindre formelle og meir munnlege hovudintervjuet, der informantane kunne svare meir som dei ville sjølv, blei den nye teljemåten brukt i 42 % av svara. Skilnaden formell - uformell talesituasjon er truleg viktig. Sjølv om hovudintervjuet ikkje kunne bli kalla ein uformell talesituasjon, var der i alle høve ein skilnad i formalitetsgrad i dei to intervjusituasjonane.

Eg delte informantane inn i fire aldersgrupper, og eg fekk det interessante og overraskande resultatet at skilnaden i bruken av den nye teljemåten i lesestykket var jamna ut i hovudintervjuet med unntak av for elevane. Dette kan vere ein indikasjon på at gjennomføringa av den nye teljemåten har eit stykke att.

Der var små skilnader i høve til kjønn, som ein kanskje kunne ha venta i høve til resultata i andre sosiolingvistiske undersøkingar, men ved yrke og utdanning og mellom einskildinformantane var der til dels store forskjellar i korleis teljemåtane blei brukte. Dei fleste nytta den gamle teljemåten ved faste uttrykk og når dei svara på spørsmålet om kor gamle dei var sjølve.

Sjølv om dei fleste informantane umedvite veksla mellom teljemåtane, og der oftast ikkje var samsvar mellom rapportert og reell teljemåte, kan vi sjå tendensar til ei funksjonsdeling. Mange informantar ville ha nytta den nye teljemåten i samanhengar der det var viktig å vere klar og nøyaktig, til dømes ved telefonnummer. I meir avslappa talesituasjonar og i privatlivet sa dei fleste informantane talorda med den gamle teljemåten.

Kvifor har den nye teljemåten ikkje slått igjennom?

Ei årsak kan vere direkte motstand mot teljereforma, først og fremst frå riksmålsrørsla i åra rett etter at reforma skulle bli gjennomført. Noen konservative rekna reforma som eit steg på vegen mot samnorsk, men der var faktisk mange språkleg konservative som uttalte seg positivt om saka au.

Den nye teljemåten har ein rytme som folk ikkje er vane med. Dette var kanskje ein av dei umedvitne psykologiske faktorane dei reformvennlege ikkje rekna med skulle spele noen særleg rolle for gjennomføringa. Kor mye dette med rytmen har verka inn, er det vanskeleg å seie noe sikkert om. Men svenskane nyttar den nye teljemåten utan at det er noe problem for dei!

Teljereforma kan au vere eit prov på at det ikkje er så lett å få til talemålsnormering her i landet som ein hadde trudd, og det er tydelegvis vanskeleg å få folk som har eit etablert talespråk til å forandre på det. Og med den nye teljemåten fekk vi både ny rekkjefølgje på tala og nye ordformer for fleire av dei. Reformistane hadde tidlegare bare hatt røynsler frå reformer i skriftspråket, og dei hadde ein fått gjennomført i skolen utan store problem.

Ei av dei viktigaste årsakene til at gjennomføringa av den gamle teljemåten går så sakte, kan vere at folk ikkje er merksame på korleis dei uttaler talorda i det heile. Dette var det generelle inntrykket eg fekk i intervjua, og au når eg har snakka med andre folk om emnet. Bruken av talorda er ikkje noe folk normalt tenker over, men i lengda trur eg informasjon, diskusjon og bevisstgjering om teljemåtane vil verke positivt på bruken av den nye teljemåten. Det språklege bevisstheitsnivået om teljemåtane ser i dag ut til å vere lågt – i motsetnad til da reforma blei innført.

Viss noe skulle ha vore gjort annleis, burde informasjonen ha vore betre, blant anna i pressa. Behandlinga av teljereforma i fullføringsfasen har vore dårleg, og ikkje ein gong sidan 1951 har til dømes departementet eller sakkunnige råd kome med råd eller rettleiing om korleis lærarane skulle gjennomføre oppgåva si (Vinje 1991:4).

Vi må heller ikkje gløyme dei heilt urealistiske og overdrivne førestellingane reformistane hadde om kor raskt gjennomføringa av den nye teljemåten ville gå. Dei som skal justere offisiell språkbruk, må rekne med at ei reform som inneber endring av eit så frekvent fenomen i språket som talord, truleg vil ta 2–3 generasjonar før det fell til ro og finn si form (Omdal 1977:8).

Føresetnaden om at elevane skulle lære den nye teljemåten gjennom skolen, har svikta. Det ser ikkje ut til å vere eit bevisst mål for lærarane å lære elevane den nye teljemåten. Han er til dels blitt sabotert, både på grunn av uvilje, ignorering, slapp haldning og fåkunne. I løpet av 100 år blir befolkninga skifta ut, slik at alle da skal ha lært den nye teljemåten som elevar på skolen. Men foreldre og besteforeldre vil i dei første generasjonane verke som ein konserverande og reverserande faktor. Her vil den «språklege lojaliteten» til den einskilde sitt språkmiljø au spele inn. Dessutan kan språkhaldningar ha noe å seie for kva for ein teljemåte ein vil bruke, og kva slags språk ein identifiserer seg med.

Men ein kan heller ikkje seie at reforma har vore ein komplett fiasko. I Kringkastinga og i dei fleste massemedia held programfolka seg stort sett til den nye teljemåten, sjølv om det bare er i NRK at dei tilsette er bundnee til noen streng, direkte instruks. Den formelle talesituasjonen, til dømes ved opplesing av nyheiter, fremjar tydelegvis bruken av den nye teljemåten.

Same kva må ein kunne seie at den nye teljemåten har slått mye dårlegare an enn mange hadde venta på førehand. I staden for å få ein ny teljemåte som erstatning for den gamle har vi fått to alternative teljemåtar der det framfor alt er ein skilnad i formalitetsgrad. Dermed er det tvilsamt om vi så langt har fått noen gevinst. Mange vil hevde at vi i staden har fått meir forvirring. Reforma har heller ført til fleire misforståingar enn færre. Folk må no kunne to teljemåtar, og ved munnleg kommunikasjon krevst det meir konsentrasjon og merksemd på avkodinga når talorda blir brukte, slik at misforståingar ikkje oppstår. Det kan derfor sjå ut som om vi vil få mange år framover med «dobbeltkøyring».

Referansar

  • Ny uttale av visse tallord 1950: Stortingsmelding nr.31:1–10.
  • Kvifte, Bjørn Harald 1978: Den nye tellemåten - departementalt påfunn eller språkforbedring. Søkelys på tallreformen av 1951. Hovudoppgåve, Oslo.
  • Omdal, Helge 1977: Høyangermålet. Språklig Samling nr.1:7–9.
  • Seip, Didrik Arup 1950: Tellingsmåten i norsk og mulig endring. Oslo: Land og kirke.
  • Vinje, Finn-Erik 1991: Om å få folk til å telle annerledes. Språknytt nr. 4:2–5.

 

-- Vibeke Lauritsen er cand.philol. frå Høgskolen i Agder og Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:25.11.2003 | Oppdatert:30.06.2015