Pendelord

No image

Det er ikkje uvanleg at ord og uttrykk endrar meining med tida. Men at dei får stikk motsett tyding av den opphavlege, er heller sjeldsynt.

– Heldigvis blei eg forfordelt, så eg fekk mest.
– Kan du gjere meg ei bjørneteneste?
– Eg blei så rørt at eg gret krokodilletårer over den patetiske framsyninga.

Tydinga til desse såkalla pendelorda har svinga som ein pendel, frå den eine sida og til den andre. Det byrjar gjerne med ny bruk hos dei unge. Når dei unge blir gamle, kan pendelrørsla vere fullført. Korleis folk oppfattar pendelord, er ein god indikasjon på språkleg alder.

Misforstått teneste

Verbet forfordele har vi frå eldre tysk/lågtysk vervorteilen/vorvordelen. Forstavinga ver-/vor- hadde ei negativ tyding som nærmast svarte til norsk mis-. I norsk og dansk har mange truleg omtolka for- til ‘for mykje’. Det byrja visst i sekstiåra. No står begge tydingane i ordbøkene, og forvirringa er total. Om ein bruker det riktig eller feil, risikerer ein å bli misforstått, så det beste er nok å unngå det.

Ei bjørneteneste er ei teneste som er meir til skade enn til gagn. Uttrykket kjem frå ein fabel av La Fontaine: Ein bjørn kom til å slå i hel herren sin då han klapsa til ei fluge som sat på panna hans. Men frå åttiåra av har nok førestillinga om bjørnetenesta blanda seg med tanken på bamseklemmen: noko stort og mjukt og godt, altså.

Patetiske tårer

Krokodilletårer er tårer ein græt utan å meine det, når ein hyklar medkjensle eller sorg. Etter gammal folketru kunne krokodiller etterlikne barnegråt for å lokke til seg bytte. Somme yngre bruker visst ordet krokodilletårer om «store» tårer. Er pendelen i sving? 

Patetisk er adjektivet som høyrer til patos ‘alvorstung og gripande uttrykksform’ (jf. gresk pathos ‘liding, affekt’). Å vekkje medynk og liknande kjensler er i utgangspunktet ikkje negativt, men det kan lett bli for mykje av det gode, ja, beint fram låtteleg. Det patetiske har ikkje nett pendla til det motsette av utgangspunktet, men for dei fleste har det bikka over i det svulstige og kleine, og for mange er det berre ynkeleg i negativ tyding. 

Andre dømeOpphavleg tydingNy tyding
laps elegant kledd mann sjuskete kledd person
lemfeldig mild, lempeleg skøytelaus
virak hyllest, ros uro, styr

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter