Er du tøff eller baka?

No image

Visste du at gøy og tøff var slangord på 40-talet? Eller at veiv tyder det same som fest og blei mykje brukt av ungdom i hovudstaden på midten av 1900-talet? Du får vite meir om slang på den populære språkutstillinga på Bymuseet i Oslo.

AV INGUNN INDREBØ IMS

Slangord finn ein vanlegvis ikkje i ordbøkene. Når ord som gøy og tøff står i ordlister og ordbøker i dag, er det nettopp eit teikn på at dei ikkje blir rekna som slang lenger.

Ta deg ei bolle

Kva for ord og uttrykk som kjem til å feste seg og gå inn i det allmenne ordforrådet, er det uråd å seie noko om. Og går ein tilbake i tid, er det interessant å sjå kva som har festa seg i språket, og kva for ord og uttrykk som ikkje lenger er i bruk. I boka Slang og sjargong: en kavalkade over det muntre innslaget i norsk hverdagstale frå 1962 skriv forfattaren Ingvald Marm:

Når det er aktuelt å be den andre parten om å holde opp, sies: skrubb a tante!, kutt ut a (fra engelsk «cut it out»)!, steng a'!, skru a'!, ta deg en bolle (potet, pære)! (jf. engelsk «have a banana»). Hvis disse døgnfluene skulle være avgått ved døden allerede før boka er kommet ut, er det bare et bevis på slangspråkets raske utvikling og sterke trang til fornyelse.

Den gongen blei altså desse uttrykka karakterisert som moglege «døgnfluger». «Ta deg ei bolle» eller «kutt ut» er det ikkje uvanleg å høyre den dag i dag, men «skrubb ‘a tante» er heller lite brukt.

Barn og unge er gode til å bruke og lage slang. Dei lagar nye ord, hentar ord frå andre språk og brukar ord og uttrykk på nye måtar. Slang kan bli vurdert som både positivt og negativt, det kjem heilt an på kven som vurderer. Slang kan òg vera knytt til ulike miljø. Gjennom slang kan ein vise kven ein er, eller korleis ein ønskjer å bli oppfatta. Flus (slangord for ‘pengar’ på arabisk) blir kanskje oppfatta som positivt i eitt ungdomsmiljø og negativt i eit anna, mens vaksne kanskje ikkje ein gong forstår kva det tyder.

Btw. Lol!

Engelske lånord er ei av dei viktigaste kjeldene til slang, til dømes nerd, kul, crazy, nice, boring. I dag ser vi òg at mange ungdommar brukar forkortingar som lol (‘laughing out loud’), btw (‘by the way’) og brb (‘be right back’). Dette er nokså nytt og heng nok saman med bruken av SMS og sosiale medium, der ein må skrive kort og konsist. Men det er ikkje berre engelsk som påverkar ungdomsspråket. I mange fleirspråklege ungdomsmiljø er det vanleg å høyre ord og uttrykk frå arabisk, panjabi, tyrkisk og berbisk.

Slang i dagens norsk er eit av temaa i utstillinga på Bymuseet i Oslo. Utstillinga står i heile 2017. Skoleklassar og andre språkinteresserte frå heile landet har allereie vist stor entusiasme under besøka på museet. Alle er velkomne!

---

Delar av teksten er henta frå utstillinga, som er laga av Ingunn Indrebø Ims frå Språkrådet og Bente Ailin Svendsen frå MultiLing, og har òg stått på trykk i det siste nummeret av Norsklæraren.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter