– Eg kviler litt for mykje på at eg trur eg kan nynorsk

Lærarstudentar stør seg ofte til magekjensla når dei skriv nynorsk. Sjølv om nynorsk har nokså stor plass i norskfaget i lærarutdanninga, ser det ikkje ut til at sjølve norma har festa seg så godt hjå alle.

AV AKSEL TORSNES MEHLUM

Tittelen er eit sitat frå ein lærarstudent, og utsegna seier litt om normkunnskapen og normmedvitet hjå lærarstudentar med nynorskbakgrunn. Eg har undersøkt normtryggleiken hjå studentar som har vakse opp med nynorsk som hovudmål, og som har flytta til Oslo eller Trondheim for å ta lærarutdanning.

Mange av dei variablane eg testa, var knytte til emne som blei drøfta då rettskrivinga blei revidert i 2012. I tillegg intervjua eg nokre av informantane for å finne ut meir om haldningane deira til valfridomen i norma.

Funna tyder på at kunnskapen om norma ikkje er på topp. På haldningssida er studentane generelt positive til nynorsk, og dei trur ei stram norm er ein didaktisk føremon for nynorskopplæringa i skolen.

Lågt normmedvit

Inntrykket av ein del hòl i normkunnskapen skriv seg både frå omsetjingsoppgåver som alle informantane gjorde, analyse av reelle studenttekstar og intervju med hovudinformantane.

Rett samsvarsbøying av verb og bøying av ein del særnynorske ord er døme på emne som nokre av studentane slit med. Men først og fremst strever dei med å vere konsekvente. Det synest som om studentane ikkje er særleg medvitne om ordbøker og den kunnskapen ein kan hente i dei.

Hovudinformantane byrja alle på lærarstudiet etter at rettskrivingsreforma blei innført i 2012, og det er kan hende naturleg at dei ikkje visste så mykje om endringane som kom då. Kor som er, undra det meg litt at ein monaleg stor valfridom og navigering i denne valfridomen ikkje var noko dei hadde reflektert særleg over tidlegare. Då eg kom med konkrete døme og diskusjonstema, hadde dei likevel mykje på hjartet.

Berre lære eller lære å lære bort?

Informantane har vakse opp med nynorsk som hovudmål; dei er altså i klart mindretal på studiestadene sine i storbyen. Dei eg intervjua, hadde inntrykk av at mykje av nynorskundervisninga på lærarstudiet var retta mot dei som hadde vakse opp med bokmål.

Det kom tydeleg fram at hovudinformantane sakna ein nynorskspesifikk didaktikkomponent i norskfaget. Nynorskdelen av norskfaget på lærarstudiet handla rett og slett meir om å lære seg nynorsk enn å lære seg å lære bort nynorsk.

Dei studentane eg fekk i tale, var alle nøgde med at skiljet mellom hovud- og sideformer blei oppheva i 2012. Meiningane var derimot delte når det gjaldt kor stram norma burde vere, sett frå ein språkpolitisk synsvinkel. Med tanke på framtida som norsklærarar var dei likevel samde om at ei stram norm ville vere ein didaktisk føremon.

Det at alle tillatne former no har same status, inneber større krav til konsekvens hjå både lærarar og elevar, var informantane samde om. Fleire av dei kom inn på å rå elevane til å nytte sitt eige talemål som rettesnor for formvala innanfor denne valfridomen.

Nynorsk, bokmål og talemål

Ein av hovudinformantane nemnde slektskapen mellom eige talemål og nynorsk. Ho trekte fram at ei slik slektskapskjensle òg kunne vere ei ulempe for rettskrivinga hennar – at ho iblant leit for mykje på dialekta si. Dei andre såg ikkje noka nær kopling til talemålet sitt; dei skreiv nynorsk utan å tenkje på eiga dialekt. Ingen av dei meinte at nynorsken blei påverka av bokmålet i særleg grad.

Dette biletet av ein nynorsk som på godt og vondt «lever sitt eige liv», stemmer godt med inntrykket frå tekstmaterialet eg har samla inn. Lågt medvit om den offisielle norma gjer nok sitt til at fleire av studentane ikkje alltid framstår som trygge og konsekvente nynorskskrivarar.

Fakta om undersøkinga
  • Resultatet kviler på svar frå 20 grunnskolelærarstudentar ved Høgskolen i Oslo og Akershus og Høgskolen i Sør-Trøndelag (no NTNU).
  • Studien omfattar hovudsakleg omsetjing frå engelsk til nynorsk, analyse av reelle studenttekstar og intervju med eit utval av informantane.

 

-- Aksel Torsnes Mehlum har mastergrad i nynorsk skriftkultur frå Høgskulen i Volda og arbeider som rådgjevar i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter