Meir kunnskap om rettskrivinga

Rettskriving er noko ein må læra, om ein skal meistra det. Difor vil Språkrådet i 2017 arbeida hardare for at særleg skuleelevar og studentar blir betre kjende med rettskrivinga. 

Direktør i Språkrådet Åse Wetås

Ein av rådgjevarane i Språkrådet har i masteroppgåva si undersøkt rettskrivingskunnskapane hjå lærarstudentar som har hatt nynorsk som hovudmål i skulen, og funna kan du lesa om i dette bladet. Konklusjonen på undersøkinga er at normkunnskapen er svak, og at dei fleste prøver å styra etter magekjensla når dei møter krav om å skriva korrekt.

Resultata fortel oss at ein må ha kunnskap om skriftspråksnorma. Berre gjennom normkunnskap og stadig tilgang til gode skriftlege førebilete kan vaksne nordmenn bli trygge på kva som er rett og gale i skrift. Dessutan stadfester arbeidet det andre studiar har vist oss, nemleg at særleg mange nynorskbrukarar er ustøe i sitt eige skriftspråk. Difor må vi særleg arbeida for å gjera nynorskbrukarane så trygge i eiga målform at det å skriva godt og korrekt blir eit enkelt og naturleg val.

Men òg for bokmålsbrukarane sin del er det grunn til å ta tak i kjennskapen til rettskrivinga. Mange kjenner dårleg til valfridomen i sitt eige skriftspråk og veit ikkje at dei i stor grad kan bruka former som ligg nært eige talemål, om dei skulle ønskja det.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til Språkrådet er å gjera gode rettskrivingsvedtak og sikra ei god skriftspråksnorm for dei to norske skriftspråka. Rettskrivinga skal ikkje berre vera til pynt.


Signatur
Åse Wetås
direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter