Fylke til strid?

Kommunane som blir slått saman i samband med kommune- og regionreforma, har med få unntak valt namn som både dei sjølve, Språkrådet og departementet er nøgde med. Men for dei nye storfylka er det nokre skjer i sjøen.

AV DANIEL GUSFRE IMS

I førre Språknytt (4/2017) gjorde vi greie for reglane for namnesetjing i samanslåtte kommunar. Etter kommunelova er det Kongen som avgjer kommunenamn, mens fylkesnamna er fastsette i ei eiga lov om forandring av rikets inndelingsnavn.

Språkrådet meiner det er viktig at hovudprinsippet i stadnamnlova om «å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne» blir følgt når fylkesnamna skal endrast. Fylkesnamna vi kjenner i dag, har vore uendra i hundre år og har røter fleire hundreår tilbake. Når nye namn no skal lovfestast, bør dei òg følgja ein namneskikk som kan stå seg i lang tid.

Trøndelag og Agder

Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag blei til Trøndelag 1. januar 2018, og Aust-Agder og Vest-Agder blir til Agder i 2020. Både Trøndelag og Agder er godt over tusen år gamle namn og er opplagde val. For Agder finst det rett nok eit konkurrerande namn, Sørlandet, men det er langt yngre og har aldri vore inndelingsnamn.

Vestfold og Telemark

Det ser ut til at dei samanslåtte fylka Vestfold og Telemark får dobbeltnamnet Vestfold og Telemark, i samsvar med råd frå Språkrådet. Opphavleg var Telemark bruka om dei øvre bygdene i det noverande fylket, mens Vestfold i eldre tid omfatta eit noko større område enn i dag. Det er eit godt val å vidareføra dei tradisjonsrike namna, òg fordi folk i området identifiserer seg med dei.

Finnmark og Troms

Samanslåinga av Finnmark og Troms kan òg enda med eit dobbeltnamn. Finnmǫrk blei i gammalnorsk tid bruka om eit større område enn dagens Finnmark og om dei russiske, finske og svenske «Finnmarker». Gammalnorsk Trums var namnet på øya som i dag heiter Tromsøya, og fylkesnamnet Troms kom til i 1919. I dag er Finnmark og Troms klart avgrensa til dei områda fylka dekkjer, og innbyggjarnamna er knytte til dei.

Finnmark kunne ha vore ein namnekandidat. Men eit dobbeltnamn vil vera eit samlande – og med det eit betre – namneval. Kva rekkjefølgje namna skal stå i, bør først og fremst vera eit politisk spørsmål.

Opplanda eller Innlandet

Slik Språkrådet ser det, bør det føreslåtte namnet Innlandet for Hedmark og Oppland vera siste utveg. Vi meiner at Opplanda er det beste namnet, og at Hedmark og Oppland og Eidsiva eller Eidisivafylke er alternativ.

Opplanda tyder i utgangspunktet ‘dei øvre landa’ og er eit felles namn for heile området. Namnet er i samsvar med reglane i stadnamnlova om at skrivemåten skal følgja rettskrivinga og nedarva uttale. Eidsivating er som Trøndelag eit gammalt namn på eit lovområde og omfatta dei historiske Opplanda.

Dei siste tiåra er Innlandet tatt i bruk i fleire samanhengar som gjeld Hedmark og Oppland. Som inndelingsnamn vil det likevel vera heilt nytt, og den vanlege allmenne tydinga av ordet innland, ‘den indre delen av eit område’, talar imot å etablera det som eit fylkesnamn.

Vika eller Viken

Fylkeskommunane Østfold, Akershus og Buskerud har gått inn for namnet Viken. Det norrøne Vík/Víkin er eit historisk namn, som vi finn til dømes i omsetjingar av Snorres kongesoger. På moderne nynorsk er bunden form av vik berre vika, mens det på bokmål kan vera både vika og viken. I området rundt Oslofjorden er vika i samsvar med tradisjonelt og moderne talemål, jamfør Sandvika. Den litterære forma Viken vil fjerna namnet frå den tydings- og uttaletradisjonen det høyrer heime i. Ein bør heller leggja den moderne forma vika til grunn og velja namnet Vika.

VestlandetVestlandet?

Det føreslåtte namnet Vestlandet for Hordaland og Sogn og Fjordane har skapa strid. Det er i levande bruk som landsdelsnamn for fire fylke, og det vil oppstå ei uheldig dobbelttyding dersom Vestlandet både skal vera ein landsdel og eit fylke for under halvparten av dagens vestlendingar.

Eit alternativ er Bergenhus, som var inndelingsnamn for dei to aktuelle fylka i dansketida. Eit anna er bispedømenamnet Bjørgvin, som òg er knytt til Bergen, men som i dag dekkjer nett dei to fylka som slår seg saman. Ein kan òg vurdera eit namn basert på lovområdet Gulating. Dessutan er eit dobbeltnamn aktuelt, utan leddet Sogn: Hordaland og Fjordane.

Til sist vil dei nye fylkesnamna bli lovfeste i Stortinget. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil leggja fram ein proposisjon, og Språkrådet har rådd til at lovframlegget blir sendt til høyring.

 

-- Daniel Gusfre Ims er seksjonssjef i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter