God avløysing!

No image

Det norske språket får heile tida nye ord frå andre språk, særleg frå engelsk, og dei fleste orda gjeld nyvinningar frå den teknologiske verda. Difor blir lista over avløysarord på nettsidene til Språkrådet stadig lengre. I samråd med andre fagfolk samlar vi inn forslag til avløysarar, det vil seie norske ord som ein kan bruke i staden for dei importerte orda – til dømes krøllalfa for engelsk at (@), som tronar øvst på lista.

Meir eller mindre vellukka

Blant hundrevis av importord og avløysarar vel vi her nokre av dei som står under bokstaven B. Dei er mange og representative nok.

Døme på ganske vellukka erstatningar er idédugnad for brainstorming, hjerneflukt for brain drain, livvakt for bodyguard, grillfest for barbecue, bestilling for booking og bokmerke for bookmark. Dei norske avløysarane har festa seg toleleg bra i språket vårt, truleg fordi dei gir like god flyt. Andre forslag er mønsterpraksis for best practice og merkevarebygging for branding, men dei har ennå ikkje hatt den same suksessen.

Blant andre langt mindre brukte avløysarord finn vi omvendt skråstrek for backslash, bak scenen for backstage, babygåvedryss for baby shower, reservekopi for backup og namnestripe for by-line. Dei norske variantane har diverre ikkje slått an. Det heng nok saman med at dei engelske orda fort fann fotfeste i fagspråket – og at dei er kortare.

Jakta på godorda

I jakta på dei gode avløysarorda må vi spørje oss: Passar avløysaren i norsk rettskriving, og er han i tråd med uttalen? Treng vi strengt tatt det engelske ordet, eller har vi alt noko tilsvarande på norsk? Og kan vi «tøye» eit norsk ord for å dekkje det same omgrepet?

Viss vi klarer å finne svar på desse spørsmåla så snart nye ord kryssar språkgrensa, kan det hende at fleire norske ord vinn terreng. Og jakta held fram, for nye ord vil vi alltid trenge.

 

-- Erlend Lønnum, redaktør

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter