Skipsbyggjar i internasjonale farvatn

No image

Det fleirspråklege Noreg finst òg på nokre spreidde øyar ytst på sunnmørskysten. Der har ein skapt eitt av Noregs fremste skipsverft – med arbeidsfolk frå heile Europa. 

TEKST: LARS IVAR NORDAL | FOTO: BERGE MYRENE

Når ein køyrer rundt på søre Sunnmøre, er det umogleg å unngå sjøen. Han er på alle kantar, inst som tronge fjordar, med bratte fjell som stig opp frå fjøra. Lenger ute mot kysten, der storhavet står inn, opnar landskapet seg. Hundrevis av øyar og skjer er klatta utover, med små og store bruer imellom.

Desse bruene kan verke malplasserte her, for dette landskapet er som skapt for transport på sjø. Difor går også båtbyggjartradisjonane tilbake til eldgammal tid. Ut frå dei har det i vår tid vakse fram ei klyngje av høgteknologiske maritime bedrifter som er eineståande i verdssamanheng.

Kleven

Ei av desse bedriftene er Kleven-konsernet. Verksemda har to skipsverft i Ulstein og Sande og har meir enn hundre år gamle røter. Sterkt rotfesta i lokalmiljøa begge stader er Kleven så nær opp til definisjonen på ei hjørnesteinsbedrift som ein kan kome.

Når eg svingar ned til verftet på Dimna ved Ulsteinvik, møter eit propellblad meg i siste rundkøyringa. Det snøar lett, og det er berre nokre dagar til verftet skal sjøsetje det nye hurtigruteskipet «Roald Amundsen», eit hypermoderne ekspedisjonsskip som skal takle arktiske farvatn.

Før kom dei fleste tilsette ved Kleven frå Sunnmøre, men etter at EU vart utvida austover i 2004, har det kome mange arbeidsinnvandrarar. Dei fleste er frå Romania og Polen. HR-sjef Monica Nipen har ansvaret for at dei trivst og finn seg til rette ved verftet. Ho held til på eit lite kontor i det nøkterne administrasjonsbygget.

Me har eit ønske og mål om å ha norsk som fellesspråk på jobb.

– Det er ikkje tvil om at dei som har kome frå Romania og Polen, har vore utruleg viktige for Kleven verft. Dette er faglært arbeidskraft som det ikkje finst nok av i Noreg, fortel Nipen.

I sju år har ho sett korleis arbeidsstokken ved Kleven har endra seg. Den endringa har òg ført til ein ny språkleg kvardag, der ikkje alle er like gode i norsk.

– Me har eit ønske og mål om å ha norsk som fellesspråk på jobb. Men informasjon om tryggleik må verte forstått av alle han gjeld.

Difor er all informasjon som gjeld helse, miljø og tryggleik, skriven på norsk, engelsk, polsk og rumensk. I resepsjonsområdet sirkulerer den fleirspråklege HMS-informasjonen på store tv-skjermar. Der er det òg ei oversikt over når det sist skjedde eit uhell eller ei ulukke ved verftet.

Eit skipsverft er ein potensielt farleg arbeidsplass. Då må all informasjon om tryggleik verte forstått.

– Det er ikkje tvil om at det finst språklege utfordringar på ein slik arbeidsplass. Dessutan er skipsverft ein potensielt farleg arbeidsplass. Då må all informasjon om tryggleik verte forstått, seier Ellen Kvalsund. Ho har vore kommunikasjonssjef i konsernet i mange år. No har ho si siste arbeidsveke, før ho vert ny banksjef i bygda. Kontorutsikta mot det yrande arbeidslivet på verftet vert då historie.

– Det er vemodig. Eit skipsverft er ein utruleg spennande arbeidsplass. Det er fantastisk å få jobbe med noko så konkret og sjå desse store skipa verte til.

Frå Andrzej til Andreas

To av dei som er med på sjølve skipsbygginga, er tvillingane Andrzej og Wojciech Fleming. Dei kjem frå den vesle byen Pelplin i nærleiken av Gdansk i Polen, men har vore lenge på Sunnmøre – så lenge at Andrzej har bytt ut namneskiltet på vernehjelmen. No står det «Andreas». I dag arbeider tvillingane om bord i eit ankerhandteringsfartøy som er under bygging.

– No har me demontert stillas om bord. Men elles gjer me alt mogleg her på verftet, til dømes hjelper me til når båtar skal flyttast eller sjøsetjast, eller når dei skal gjerast klare til krengeprøve, fortel Andrzej.

To av dei som er med på sjølve skipsbygginga, er tvillingane Andrzej og Wojciech Fleming. Dei kjem frå den vesle byen Pelplin i nærleiken av Gdansk i Polen, men har vore lenge på Sunnmøre – så lenge at Andrzej har bytt ut namneskiltet på vernehjelmen. No står det «Andreas».

Begge er busette i grannekommunen Hareid. Andrzej har ein son og ei dotter, medan Wojciech har to gutar (den eine har fått jobb på lageret på Kleven). Konene til begge to arbeider i Ulstein kommune.

– Kleven er ein god arbeidsplass. Men språkleg kan det vere kaotisk – og spennande. Her går det i norsk, engelsk, polsk, rumensk, russisk og bulgarsk. Eg hugsar endåtil ein gong eg jobba med nokre finnar, då måtte eg lære meg nokre finske ord, ler Andrzej.

Medan klokkene varslar om at dei digre verftskranene er i rørsle, spør eg dei om framtida i Noreg.

– No har me vore her så lenge at det ville vere vanskeleg å dra tilbake til Polen og venne seg til arbeidskulturen der. I Noreg er det stillare og rolegare.

– Kleven er ein god arbeidsplass. Men språkleg kan det vere kaotisk – og spennande. Her går det i norsk, engelsk, polsk, rumensk, russisk og bulgarsk. Eg hugsar endåtil ein gong eg jobba med nokre finnar, då måtte eg lære meg nokre finske ord, ler Andrzej.

Kurs i kantina

Norsk er altså definert som arbeidsspråket i Kleven. Men korleis kan ein lukkast med å skape eit felles språk?

– Det er viktig å meistre språket på den staden der ein bur. Mange av dei som arbeider hjå oss, har etablert seg her med familie. Kan hende klarar dei seg på arbeidsplassen, men dei har også eit liv utanfor jobben: Dei skal på butikken, og dei skal forstå brev og papir frå det offentlege. Difor har det vore viktig å jobbe for eit felles språk på Kleven, i alle fall på eit grunnleggande nivå, seier Kvalsund.

– Det er også viktig for tryggleiken på arbeidsplassen. Det handlar om å skjøne enkle beskjedar: Hugs å bruke briller, hugs handtak på den vinkelsliparen, og liknande, fortel Nipen.

Ved Kleven pressa fagforeiningane på for at dei utanlandske arbeidarane skulle lære betre norsk. Tiltaket ein satsa på, var gratis norskkurs etter arbeidstid i kantina på verftet. Ein pensjonert norsklærar vart sett til å undervise.

– Første målet var at alle som jobbar i Kleven, skulle vere i stand til å føre enkle samtalar på norsk. Dei med leiaransvar skulle òg meistre noko skriftleg norsk.

Korleis gjekk det?

– Jau … Det me såg, var at nokre raskt fekk gode resultat, medan andre knapt hadde framgang.

Kva trur du var grunnen til det?

– Personleg trur eg motivasjon heng tett saman med kva for perspektiv du har. Om du har bestemt deg for å verte buande på ein stad, er du nok meir motivert enn om du planlegg å reise tilbake til heimlandet i løpet av få år. I tillegg kjem sjølvsagt individuelle evner. For nokre er det rett og slett lettare å lære språk enn det er for andre, seier Nipen.

Verftet lét dei som sleit med å nå språkmåla, ta fleire rundar med kurs. Men til slutt endra dei praksis.

– Me såg at nokre greidde testane, men at dei likevel brukte svært lite norsk. Difor valde me å avslutte kurstilbodet ved verftet og gje kvar og ein ansvar for å kome opp på eit godt nivå. Me følte vel at me hadde gjort vår del av jobben.

Men kvifor har de ikkje sett krav til norskkunnskap ved tilsetjing?

– Me har vurdert testing av norskkunnskap og å få inn eit punkt i kontraktane om språkkrav. Men me har landa på å ikkje gjere det. Årsaka er vel at det trass alt har gått ganske bra i mange år no. Slik me ser det, fungerer samspelet på arbeidsplassen slik det er i dag. Når det er sagt, trur eg nok at nokre kunne ha hatt det endå betre på jobb dersom dei hadde meistra språket.

Vert verande

Marta Bivand Erdal er forskar ved Institutt for fredsforsking og har studert den polske innvandrargruppa i Noreg. Ho trur det er særleg to faktorar som avgjer om nokon går inn for å lære norsk eller ikkje.

– Det første er at ein arbeidsinnvandrar har større grunn til å lære norsk dersom han eller ho trur det er viktig i jobben eller ein føresetnad for å få jobb i det heile. Den andre faktoren er sjølvforståinga: Dersom ein ser føre seg at ein skal busetje seg i Noreg og skape seg eit liv her, vil ein nok i større grad vere motivert for å lære språket.

– Den andre faktoren er også interessant fordi mange polakkar har vorte verande lenger enn dei sjølv hadde rekna med då dei kom. Det har ikkje vore noka stor bølgje av folk som dreg attende til Polen. Akkurat det har nok vore ei overrasking både for innvandrarane sjølve og for det norske samfunnet.

Ikkje rett eller plikt

EØS-innvandrarar har korkje rett eller plikt til å delta i norskopplæring når dei kjem til Noreg. Det er altså opp til kvar enkelt å syte for å lære norsk, om ein då ikkje har ein velvillig innstilt arbeidsgjevar.

– Dét er eit tankekors, særleg når me veit at EØS-innvandrarane utgjer ei mykje større gruppe enn flyktningar og asylsøkjarar, som nettopp har slik rett og plikt til norskopplæring. Eigentleg bør me vere overraska over at det går såpass bra med dei store gruppene av polakkar og litauarar i Noreg, sidan samfunnet har gjort så lite for å integrere dei, seier Erdal.

Samfunnet har mest å tape på språkleg og sosial fragmentering.

Erdal meiner det er viktig å forstå behova og utfordringane til arbeidsinnvandrarane om ein vil leggje til rette for at dei skal lære norsk.

– Ofte er dette folk som arbeider hardt og mykje og har ein familie å ta hand om i tillegg. Då vert det lite tid att til å lære språk. Difor kan ein tenkje seg at samfunnet må informere målretta om korleis ein kan lære seg norsk, og leggje til rette for lågterskeltilbod. Det hjelper ikkje berre å setje krav, ein må også tilby noko. Samfunnet har eit stort ansvar, for det er samfunnet som har mest å tape på språkleg og sosial fragmentering.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.03.2018 | Oppdatert:27.01.2021