Norsk målreising før 1814?

Året er 1807. Den unge nordmannen Gregers Fougner Lundh sit i studentkammeret sitt i København. Året før byrja han på ei norsk ordsamling. No er ambisjonane større, og han skal skrive på latin. Han er ganske trygg på latinen, men skriv først igjennom teksten på dansk: «Hvorfor har Norge ikke et eget nationalt Sprog? Og er det muligt og paa hvilken Maade er det muligt, at det engang kan erholde det samme?» Han er i gang, skriv …

AV JENS JOHAN HYVIK

Lundh var langt frå den einaste som interesserte seg for språket i Noreg. Berre nokre få år før hadde ein annan københavnstudent, Laurents Hallager, publisert ei norsk ordsamling. Det var den mest omfattande framstillinga av språket i Noreg fram til då. Hallagers ordsamling var i sin tur berre toppen av eit isfjell. Samlingar av norske dialektord hadde langt på veg blitt ein sjanger i løpet av 1700-talet, anten som sjølvstendige publikasjonar eller som del av topografiske verk.

Gjennombrot for folkespråket

Ein internasjonal trend med aukande vekt på folkespråket – i tydinga eit heimleg språk knytt til eit land eller ein region i motsetning til framande språk – gjorde seg også gjeldande i Danmark-Noreg utover 1700-talet. Det vart stifta morsmålsselskap i København, intellektuelle debatterte rettskrivinga, og gradvis blei også styresmaktene medvitne om at språklege tilhøve var eit viktig saksfelt. Samstundes auka floraen av publikasjonar, og den danskspråklege litteraturen fekk status, først med Ludvig Holberg, sidan med fleire andre forfattarar.

Åra 1772–1784 var prega av den sterke mannen i regimet, Ole Høegh Guldberg, som var kabinettsekretær hos kongen, den sinnssjuke Kristian 7. Guldberg-epoken følgde etter det tyskvennlege styret til Struensee og innebar ei styrking av dansk kultur og identitet som hovudelement i den rådande heilstatsideologien. Med Guldberg blei det danske framheva, og dei tyske krinsane mista innverknad. Symbolet blei innføringa av Indfødsretten i 1776, der det blei slått fast at berre dei som var fødde i kongens land, kunne få embete i staten.

Mindre kjent er det at Guldberg og støttespelarane hans også greip inn i språkutviklinga. Tidlegare hadde framande språk som latin, og framfor alt tysk, hatt ei sterk stilling, ikkje minst i dei styrande krinsane i København. Med den nye forordninga i 1772 om statsstyret blei dansk innført som regjeringsspråk (med unntak av dei tyske provinsane), og snart blei det bestemt at dansk skulle erstatte tysk som kommandospråk i hæren. I 1776 intervenerte Guldberg – med kongeleg mynde – i det arbeidet som det danske vitskapsselskapet hadde sett i verk for å gi ut ei ordbok over det danske språket. Han meinte omsetjingane til latin måtte ut, og at ein skulle ta meir omsyn til dialektane. Målsetjinga var at boka skulle bli ein «Raadgiver» i bruken av skriftspråket og bli «lige kier for lærde og ulærde».

Med regimeskiftet i 1784 styrkte dei tyskvennlege krinsane igjen sin posisjon i sentraladministrasjonen. Utanfor dei styrande krinsane var likevel dei danske interessene framleis på frammarsj. I sjølve revolusjonsåret 1789 braka det laus i den såkalla tyskarfeiden. Striden viste at dei danskvennlege var i ferd med å erobre det offentlege rommet, og åtaka blei no også retta mot kongens tyske undersåttar i Holstein. Språkgranskaren Werner Abrahamson gjekk til åtak på den «aabenbare Ringagtelse, de tydske Mennesker viser mod alt hvad dansk er», og slo fast at «hovedstadens Sprog […] gjelder fra Nordkap til Silefjord». I feiden stod danske og norske saman mot det tyske.

I mellomtida gjekk arbeidet med ordboka til vitskapsselskapet vidare. Her trykte ein også norske ord etter at verket tok til å komme ut i 1793. Linja som blei følgd, var relativt konservativ, og det fanst både dei som ville ha meir, og dei som ville ha mindre av slikt. Omkring 1800 kom det likevel ei haldningsendring, som gjekk ut på at ordboka skulle gjenspegle eit meir reelt fellesspråk. I 1804 blei det slått fast at «hvad der kan overkommes» av danske og norske dialektord, skulle inn, og i åra 1807–1814 blei det sett i verk eit stort arbeid for å samle inn danske og norske dialektord.

Norsk og dansk

Skriftspråkutviklinga i Noreg har vore prega av at dansken i løpet av 1700-talet festa seg som skriftspråk i Noreg langt ut over dei styrande elitane. Stikkord er innføringa av allmugeskulen i 1739, lese- og skrivekunne, etablering av trykkeri, aviser, tidsskrift, byråkratisering, auka handelsverksemd og byvekst. Skriftspråket spelte ei rolle overalt, og alt skjedde på det felles skriftspråket, dansk.

Når det gjaldt talemålet, var det likevel annleis. I dei norske ordsamlingane som blei gitt ut før 1814, var det dialektane som var tema. Her finn vi eit tydeleg medvit om at det var skilnader mellom norsk og dansk, og jamvel tankar om eit eige, norsk folkespråk i talemålet.

På den andre sida la fleire av dei norske ordsamlarane, med Jacob Nicolai Wilse og Laurents Hallager i spissen, vekt på at ordsamlingane skulle nyttast til «Berigelse» for det felles skriftspråket. Slike tankar målbar ein sterk grad av norsk patriotisme: Noreg skulle synleggjerast i heilstaten ved at fellesspråket fekk meir preg av norsk. Denne språkblandinga av dansk og norsk kan med moderne auge synast paradoksal, men her må ein hugse at det først er etter romantikken at blanding av språk blei uglesett. I den førnasjonalistiske norske patriotismen kunne ein peike på trekk i retning av eit norsk språk i dialektane, samstundes med at ein ønskte eit meir norskprega felles skriftspråk. Dette var hovudtendensen blant språkinteresserte nordmenn før 1814.

Norskspråkleg separatisme finn ein knapt døme på ut over dei tankane Gregers Fougner Lundh lanserte i 1807. Men dei var berre skrivne som ei akademisk øving i eit privat, upublisert notat. Om nordmenn ikkje tok til orde for norskspråkleg separatisme, bør vi merke oss at danske intellektuelle i krigsåra 1807–1814 åtvara om at norsk og dansk i framtida kunne skilje lag.

Kunne det ha vore annleis?

Historia om språket i Noreg før 1814 viser at kontekst er svært viktig. I heilstatssamanhengen støtta nordmenn opp om dansk i motsetning til tysk, og ein ønskte å gjere norsk synleg i fellesspråket. Samstundes tok ein også til å interessere seg for særeigne språklege tilhøve i Noreg. Unionsbrotet i 1814 opna nye moglegheiter for språkinteresserte nordmenn. Tankar om ulik språkutvikling i dei to landa og fornorsking melde seg snart. Likevel heldt fellesspråket lenge på ein hegemonisk posisjon i Noreg, godt støtta av ein danskprega samfunnselite.

Eg meiner at det vi har sett ovanfor, har vore avgjerande for språksituasjonen i Noreg i dag. Det danske skriftspråket festa seg i løpet av 1700-talet og vidare inn på 1800-talet. Først frå midten av 1800-talet, med arbeida til Ivar Aasen, fekk ein eit klart og sjølvstendig alternativ til det eksisterande skriftspråket. Men då hadde skriftspråket allereie slått så djup rot at det vanskeleg lét seg gjere å endre tilhøva fundamentalt. Kva ville ha skjedd om Aasen hadde levd 100 år før? Då kan det hende at ting hadde vore annleis. Men om dei politiske og språkvitskaplege tilhøva hadde gjort Aasens eller tilsvarande prosjekt mogleg kring 1750, er ei anna sak.

***

Gregers Fougner Lundh nærmar seg slutten på den latinske teksten. Det har vore ei krevjande øving, men han er nøgd. Best likte han seg då han skreiv kladden på dansk. Då kjente han hugen, blodet som banka. Han går laus på siste setning: «At dialektar som er utbudd med så store føremoner, kan formast til eit vakkert og fjelga skriftspråk når den rette tida er komen og eit stort arbeid er lagt ned, det er det all grunn til å tru.»

Han legg handa på bordet, medan pennen framleis ligg mellom fingrane. Ferdig? Tvilen melder seg. Han ser på pennen, løfter handa att, legg forsiktig til ein tankestrek og skriv: « – men om det verkeleg kjem til å skje, vil tida vise.»

(Omsetjinga av den latinske teksten er ved Dag Trygve Truslew Haug.)

 

-- Jens Johan Hyvik er historikar og postdoktor ved Historisk institutt, Høgskulen i Volda. Han har skrive boka Språk og nasjon 1739–1885. Norsk målreising, band 1 (2010).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter