Til árs ok friðar

Den som har levd ein del år og kan henda har arbeidd i årevis, er oppe i åratilårskommen eller noko til års

Åre- i årevis og års- i tilårskommen finn me berre i nokre fåe samansette ord og uttrykk, t.d. årelang ’som varar mange år’, årlegårs ’kvart år’, ’om året’ og åremål ’tidsrom på eit visst tal år’. Åre- og års- er opphavleg gamle genitivformer, åre i fleirtal (jf. norrønt ára) og års i eintal (jf. norrønt árs). På norrønt styrte preposisjonen til genitiv, jf. tilårskommen og til års.

I norrøn tid var den vanlege helsinga ved nyårsleite til árs ok friðar. Friðar er genitiv eintal av friðr, som tyder ’fred’, ’venskap’, ’kjærleik’. Framleis kan islendingane seia «óskum öllum (me ynskjer alle) árs og friðar».

Ár tyder sjølvsagt ’år’, men også ’åring’, som er eit anna ord for ’årsvokster’, ’avling’. Det er heilt parallelt med at haust framleis tyder både ’innhaustingstid’ og ’grøde’, ’avling’.

Allereie den 1. januar 2011 er den 31. desember 2010 både i går og i fjor. I går heiter yesterday på engelsk og gestern på tysk. Likskapen i form og tyding av yester- og gester- kjem av sams opphav. I fjor kan på engelsk heita yesteryear, men last year er mykje vanlegare.

I vår tid reknar me alder i år, men på norrønt var det vanleg å rekna alderen i vintrar. Det norrøne ordet for vinter er vetr, som i nominativ fleirtal heiter vetrar. Når det til dømes heiter hann var tolf vetra gamall, er det av di at vetra er genitiv fleirtal av vetr.

Å rekna åra i vintrar må vera stygg-gammalt, for det norrøne hokjønnsordet gymbr, som heiter gimber eller gimmer på nynorsk, og som i dialektane kan ha uttala jømmer, tyder ’vintergammal søye’. Gymbr har same rot som latin hiems ’vinter’, gresk khion ’snø’, litauisk žiema ’vinter’, russisk zima ’vinter’, gammalindisk himas ’snø’, og Himalaya, som tyder ’snøheimen’.

 

-- Av Svein Nestor, cand.philol. 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter