2000-talet – ein gong til

Denne tittelen spelar på ei forhistorie. Eg skreiv ein artikkel i Språknytt nr. 4/1985 med tittelen 2000-talet.

AV LARS S. VIKØR

Emnet for artikkelen var: Bør vi seie totusen(talet) eller tjuehundre(talet)? Finn-Erik Vinje hadde gått inn for det sistnemnde, eg argumenterte for det førstnemnde. Eg kom med denne spådommen: «[E]g trur det vil vise seg etter år 2000 […] at folk seier ’tjueti’ og ’tjueåttifem’ til dagleg […], mens dei i meir høgtidelege samanhengar vil seie ’totusenogti’, ’totusenogåttifem’.» Eg drog analogien med bruken av nittenti og nittenåttifem vs. nittenhundreogti og nittenhundreogåttifem.

Og eg kom med ei tilråding til Språkrådet: «Skal det fastsettas noe om dette no, verkar det mest umiddelbart fornuftig å gå inn for desse formene: år totusen, totusentalet, totusenogåttifem som høgtideleg form, tjueåttifem som daglegform.»

Fagnemnda i Norsk språkråd vedtok etter det å gå inn for totusen-formene og la til: «Fagnemnda ser likevel ikkje bort frå at ei uttaleform som ’tjueåttifem’ kan bli teken i bruk i ein viss mon etter mønster av til dømes lesing av telefonnummer i totalsblokker.»

Tjueti

Eg meinte i 1985 at vi dei første åra etter 2000 ville seie tjuenullein, tjuenullto osv. – for å unngå samanfall med 21, 22 osv. Her bomma eg til dels, sidan totusenogein, totusenogto osv. har dominert i heile dette tiåret. Men no er altså omsynet til dette samanfallet borte for alle dei kommande årstala, og bruken av typen tjueti ser allereie ut til å ha blitt ganske vanleg, etter det eg meiner å høre både i etermedium og «ute blant folk». I dag er det ikkje vanskeleg å spå at modellen tjueti, tjueførtifem osv. vil slå igjennom, klarare dess meir samansette og innfløkte tala blir. Men ein kan òg spå at mønsteret med totusen kjem til å vere seigliva ei god stund framover, fordi det er det som no er tilvant for dei fleste. Derimot trur eg ikkje tjuehundre har nokon sjanse i norsk; den seiemåten kom aldri på toget, for å seie det slik.

Totusenogti

Språkrådet ved Sylfest Lomheim (artikkel datert 12.1.2010) ønskjer å halde på totusenogti osv. som norm. Lomheim gjer merksam på at NRK-folk er dei einaste som er bundne til å følgje denne norma, sidan rådet elles ikkje normerer talespråk, og den dominerande skriftforma vil alltid vere med siffer. Sjølv trur eg altså at det uansett berre er eit tidsspørsmål før tjuefjorten osv. vil slå heilt igjennom, og eg meiner at Språkrådet bør akseptere dette som den effektive og funksjonelle forma like gjerne først som sist.

Likeverdige formtypar

Poenget er at her har vi to formtypar som er likeverdige: Begge er uttrykk for godt norsk, begge er klare og tydelege og blir likt forstått av alle. Dermed er det etter mitt syn misforstått konsekvensrytteri å forlange at det eine skal gjennomførast. Eg ville med andre ord heller ikkje tilrå å påby tjueti-typen, men berre la dei leve side om side. Da vil skiftet frå totusen- til tjue- skje i sin eigen rytme, gjennom gradvis vaneskifte og generasjonsveksling. Det treng verken forserast eller motarbeidast.

Tallesing i blokker

Vinje meinte i 1985 at typen tjueti føresette eit tjuehundreogti, og altså berre var ein ellipse (jf. nittenti vs. nittenhundreogti). Lomheim er inne på det same i sin artikkel. Eg trur – no som i 1985 – at dette resonnementet ikkje held. Tjueti er ingen ellipse, berre vanleg tallesing i blokker: 19-10 gir nitten-ti, 20-10 gir tjue-ti. Få tenkjer på begrepet hundre inni der. Reint funksjonelt er det totusen som tilsvarer nittenhundre, mens tjue tilsvarer nitten basert på det visuelle inntrykket av siffer-tala. Finurleg konsekvensresonnement her fører lett til systemtvang utan eigentleg grunnlag i språket.

Framtida har fasiten

Skal eg spå no igjen, så er eg ganske sikker på at årstalet 2000 alltid vil bli kalla totusen, og eg trur det er rimeleg å anta at dei første ni åra (2001–2009) også i framtida vil bli referert til som totusenogein osv. Dette er no berre ei gjetting, men ei fast veksling totusenogfem og tjuefemti er ikkje inkonsekvent, berre ei tilpassing til eigenarten til dei ulike tala.

Slik er status for ein tjuefem år gammal tentativ spådom. Det vil ikkje gå tjuefem år til før alle har fasiten.

 

-- Lars S. Vikør er professor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo og hovudredaktør for Norsk Ordbok.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter