Språknytt 4/2010

Språknytt 4/2010Stikkord for dette nummeret: snikinnføring av nabospråk i skulen, å skrive blogginnlegg versus å skrive for eit papirtidsskrift, kvardagen til ein tolk, draumar om rockestjerner og mytar om språk, uttalen av totusen(talet), Clara Holst. 
 
Trur du det fanst noko arbeid for norsk språk før 1814? I artikkelen Norsk målreising før 1814? kan du lese litt om den tida. Artikkelen 2000-talet – ein gong til drøftar argumenta som ligg bak dei ulike måtane å seie årstala frå og med år 2000 på. Ein annan forklarar kvifor det er ein samanheng mellom erkeenglar og arkitektar.

Elles i dette nummeret kan du lese om dei som fekk Språkprisen 2010. Du kan lese ein kort statusrapport frå nemnda som arbeider med revisjonen av nynorsknorma, og du får vite litt om korleis det er å vere tolk.

Smakebitar
Bodil Aurstad er nordisk språkkoordinator ved Nordisk språkkoordinasjon i København. Foto: Svein Arne OrvikIntervjuet: Nabospråk skal være morsomt
Visste du at folk i Norden forstår kvarandre dårlegare enn før? I intervjuet fortel Bodil Aurstad, som har ei nokså fersk stilling som nordisk språkkoordinator, korleis ho vil gjere barn og unge merksame på verdien av det nordiske språkfellesskapet.
Tastatur. Foto © shironosov / iStockphotoSkriftlige samtaler – sosiale medier
Kvifor er det annleis å skrive eit blogginnlegg enn å skrive for eit papirtidsskrift? Skilnaden er forholdet til lesaren. Dei sosiale media er sosiale fordi dei er samtalar mellom fleire deltakarar. Å skrive i sosiale media er å sleppe lesarane inn i teksten.
Clara HolstEneren Clara Holst
Clara Holst var den første kvinna som tok doktorgraden i Noreg. Emnet var tysk språk, og avhandlinga hennar om nedertyske lånord i dansk opna eit viktig forskingsområde. Ho drog til USA og underviste på universitet, men ho fekk ikkje bli gymnaslærar i tysk i heimlandet.
Kolofon

Ansvarleg redaktør: Sigfrid Tvitekkja
Redaktør: Åsta Norheim
Signerte artiklar frå eksterne skribentar står for forfattaren sitt syn.
Ettertrykk tillate når kjelda er oppgitt.
ISSN 0806-2870 (elektronisk utgåve)
ISSN 0333-3825 (prenta utgåve)
Omslagsbilete © Jakob Fridholm / Johner / Scanpix

Redaksjonen avslutta 22. oktober 2010

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter