Vad fräckt, Ivar Aasen

AV SIGRUN HØGETVEIT BERG

Staden er Jernbanetorget fredag 5. januar. Tidlegare på dagen har kulturministeren slått fast at staten må taka meir ansvar for det jamstilte språksamfunnet me skal ha, men som me i realiteten ikkje har. Bokmonumentet som skal stå heile Ivar Aasen-året 1996, er nett avduka. Mange forbipasserande undrar seg på kva dette er – så også ein ung svenske på vitjing i grannelandet.

– Me skal feire Ivar Aasen i år. Veit du kven han var, spør eg. Nei, det visste han ikkje.

– Men du veit at me har to språk her i Noreg – nynorsk og bokmål? Ja, det visste han. Og eg forklara. Om Aasen sine språksamlarferder over heile landet, om korleis han sette saman eit nytt skriftspråk, om korleis han ville gje folk eit språk som var deira, i byte med dansken, som hadde rådd i fleire hundre år. Den unge svensken lydde, og braut ut, i eit beundrande smil:

– Vad fräckt!

Og svensken ville veta meir om denne mannen.

Men det var han – og han var svensk. Og nysgjerrig. Han hadde lite kunnskap om norsk språkstode frå før – og såleis lite sympatiar eller antipatiar den eine eller den andre vegen. Men ikkje alle er som han. Kva verdi har eigentleg Ivar Aasen for ungdom i Noreg i dag – kva veit me om han?

– Det er tynt, svært tynt, svarar Truls frå Stavanger, og greier ikkje mobilisere seg sjølv til engasjement for eller mot Aasen. Men for mange er Aasen sjølvsagt personifiseringa av nynorsken – og då kjem meiningane fram. Han er opphavet til elendet – eller til dette herlege språket som nokre av oss beint fram faktisk kan finne på å seia at me elskar.

Likevel – noko veit me om han. I alle fall veit nokon meir enn andre om han. «Nynorskens far» er ein gjengangar når ein ber om Aasen-karakteristikkar. Og av dei som veit ein god del meir enn dette, er Frank frå Tromsø. Då han gjekk på gymnaset, fekk han augo opp for Aasen, og skreiv om han i særoppgåva i norsk i 3. klasse. Han vart beint ut bergteken av mannen. Dess meir han las, dess meir vart han imponert over metodane til Aasen. Tenk alt han lærde seg sjølv – tenk på det geniale arbeidet han gjorde – for 150 år sidan! Frank visste «alt» om språkmannen Ivar Aasen då han gjekk ut av gymnaset. (Og fekk 6 i norsk munnleg.) No veit han litt mindre, men han påstår framleis at Aasen er vel verd eit studium.

Ei anna som veit litt meir enn andre om Aasen, er Ingunn frå Trøndelag. Ho er ein glad nynorskbrukar, men når det gjeld Aasen, er ho mest oppteken av diktargjerninga hans. Mange anar ikkje kva for ein stor lyrikar Aasen var, og kanskje spesielt lite anar me unge. Aasen var ein av dei store leverandørane til den felles songskatten vår – mange av våre mest folkekjære songar er signert han. Men me syng no så lite òg, no for tida – difor anar me nok ekstra lite om dette. Det er berre å konstatere at Åsne på 10 år frå Vinje kan «Absolute Music 15» på rams, men truleg ikkje heng med lenger enn dei tre fyrste linene i «Mellom bakkar og berg».

Biletet vårt av Aasen er ein gamal, grå, litt lutrygga kar – ja, han var vel faktisk gamal heile livet, han! Sær var han nok òg. Turr type, lite spennande, stygg til og med, trur Nina frå Ål, som har nordisk mellomfag. Når me har eit slikt bilete av Ivar Aasen – påverkar det synet vårt på nynorsk?

– Ja, seier Nina. – Han høver i hop med dei orda ein del vil bruke til å karakterisere nynorsk. Han fortener likevel betre. Men om nynorsken blir kul ved å gjera Aasen kul, det veit eg ikkje. Me unge er flinke til å gjennomskode billege poeng, samstundes som interessa for historie gjerne går via personar. Og Aasen er jo ein historisk person, som me sjølvsagt skjønar best om me set oss inn i samtida hans. Verket hans, derimot, det må me setja inn i samtida vår om det skal bli interessant.

Marianne frå Lofoten vil også plassere sin kjennskap til Aasen under språkhistorie, og ikkje språk.

– På gymnaset fekk me innprenta av norsklæraren vår at Aasen også reiste nordpå. Men somme hadde eit noko anstrengt forhold til han – det var dei som gjerne såg at Knud Knudsen hadde vunne, for å seia det slik.

Likevel trur korkje Marianne eller dei andre at Aasen og det arbeidet han gjorde, som dei fleste eigentleg er samde om var ganske flott, er avgjerande for oppfatninga av nynorsk i dag. – Det er nynorsken her og no og i dag me må lære i skulen. Det er det me tek stilling til, det er det me har eit forhold til, seier Marianne.

Altså, me må attende til språket nynorsk i 1996 for å få unge i tale om Aasen og det arbeidet han gjorde. Og kan ein seia noko om unge meiningar i dag, kontra dei som foreldregenerasjonen vår har? Ja, ein kan jo freiste, sjølv om det definitivt blir totalt uvitskapleg.

Kanskje er den største skilnaden at hatet mot nynorsk er på veg ut. Kanskje har det berre vorte slapp motvilje att? Seinast for nokre veker sidan, på leiarplass i den såkalla kulturavisa Dagbladet, vart språkstriden med glede atter ein gong erklært avslutta. Som om det var nokon rikdom? Nei – språkdebatt fører til medvit om språk, som fører til levande språk, som fører til kulturelt mangfald. Og me skal leggje oss orda til sametingspresident Ole Henrik Magga på minnet: «Kulturelt mangfald er like viktig som biologisk mangfald, om denne kloden skal overleva».

Er det noko som kjenneteiknar ungdom på 1990-talet, må det vera sjølvstendet, sjølvmedvitet og individualiteten. Verda blir stadig mindre. Det er meir lov å vera individuell, både i bygd og by, på same tid som me blir meir konforme, for me ser, høyrer og opplever det same gjennom alle dei nye informasjonskanalane. Ungdom i 90-åra er individuelle og like på same tid. Samstundes er me sjølvmedvitne, og ikkje minst kvalitetsmedvitne. Så om ein når gjennom til unge med at språket er viktig også for den individualiteten dei vil utstråle, kan nynorsk få andre kår i framtida. Då nyttar det ikkje å freiste å gravleggje språkdebatten, Dagbladet!

Ungdom har aldri vore så for Aasen som i dag. Aasen var føre si tid med det demokratiske språkprosjektet sitt. Fyrst no kan me taka han heilt på alvor.

 

-- Sigrun Høgetveit Berg er student ved Universitetet i Tromsø.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter