Nynorsk i Noreg i dag

AV OLAF ALMENNINGEN

Om ein vil prøva å finna ut kor mange som bruker nynorsk i Noreg i dag, skal ein jamt hugsa på at ingenting er så lett å slå kvarandre i hovudet med som tal og statistikkar. Medan bokmålsfolk legg mest vekt på skriftmålsstoda, peikar ein på nynorsksida helst på det breie talemålsgrunnlaget nynorsken har. På den måten får begge grupper fine tal å stø seg til, og kan slå seg til ro med det. Eit anna særdrag ved språkkløyvinga er at ho har vore forunderleg lite brukt og gjennomlyst av synsarar og meiningsmålingsinstitutt opp gjennom åra. Kvar har det vorte av dei norske kultursosiologane?

Spørsmålet er om det i det heile finst tal og granskingar som er sætande nok til at dei held for begge sider. Då er det på sin plass å gjera merksam på at Statistisk sentralbyrå har lagt fram årlege målstatistikkar heilt sidan 1930, og både det tidlegare Kyrkje- og undervisningsdepartementet og kamporganisasjonane har òg kome med sine oversyn. Frå nynorsk synsstad må me her halda fram «institusjonen» Peder Hovdan (1874–1965) som førde statistikk over målbytet frå bokmål til nynorsk heilt frå hundreårsskiftet og fram til 1960. Mest kjent er kanskje det store målkartet han laga for Fonna Forlag i 1948.

Me har såleis rimeleg pålitelege tal å halda oss til, førde i pennen av dei offentlege instansane som kan dette, og det burde vera grunnlag godt nok for både nøytrale tolkingar og velmeinte spådomar frå fleire kantar.

Det kan likevel vera vanskeleg å måla det nøyaktige talet på nynorskbrukarar i eit språkkløyvt land med to nærskylde skriftmål som bokmål og nynorsk. Somme skriv fint lite, andre brukar mest dialekt når dei skriv personlege ting, medan andre att vekslar mellom bokmål og nynorsk i store periodar av livet. Mange glir over frå nynorsk til bokmål på grunn av presset frå fleirtalsmålforma, medan ei lita gruppe tek steget over til nynorsk, ofte ut frå språkpolitiske og ideologiske grunnar. Somtid er målbruken knytt til yrke og ombod i samfunnet, og kan gå på tvers av det personlege målvalet. Det sit altså mange nynorskfolk og er byråkratar i bokmålskommunane og -fylka landet rundt, og ein del bokmålsbrukarar lyt skriva nynorsk i tenesta si i dei nynorskstyrde delane av landet. Dertil kjem det faktum at alle som i dag går gjennom det vanlege norske skuleverket, frå og med grunnskulen og til og med den vidaregåande skulen, skal læra seg å meistra både nynorsk og bokmål skriftleg. Denne «stille språkrevolusjonen» er ikkje eldre enn vel 25 år gammal og er altfor lite påakta. Fylgjene av han er nemleg at alle norske skuleelevar i dag i prinsippet er tospråklege, jamvel om dei er sikrast i bokmål. Når me i dag skal leggja fram målstatistikkar, bør me støtt koma i hug dette rammeverket kring tala våre og ta dei atterhalda som trengst ut frå det.

Målkløyvinga er altså rimeleg godt innarbeidd 110 år etter jamstellingsvedtaket, men slett ikkje stilleståande. Vekselstraumen mellom skriftmåla og folkeflyttinga er omtrent uråd å måla heilt nøyaktig, heller ikkje professor Henry Valen makta det i sine valanalysar frå 1980-åra. Dei sikraste tala for målstoda i Noreg har me nok for grunnskulen og kommunane våre. Tidvis vert det òg offentleggjort statistikkar for målfordelinga i bøker og blad, offentlege dokument og radio og fjernsyn, kor mange nynorskrekruttar det finst i Forsvaret, og målbruken i liturgi og kyrkjesokner.

I dette vesle oversynet vert det ikkje rom for å gå i djupna på alle desse områda, heller ikkje er det lett å skaffa fram pålitelege tal for ein lengre tidbolk. Grundigast er nok målstoda dokumentert i boka Riksspråk og folkemål (1966) av professor Einar Haugen. Målbruken i offentleg teneste er best kartlagd i samband med den nye mållova frå 1981 og dei stortingsmeldingane som har kome fjerdekvart år i tida etterpå, medan Statistisk sentralbyrå har teke seg av skulemålsstatistikkane.

I samband med 100-årsjubileet for måljamstellinga skreiv sosialøkonomen Asbjørn Torvanger ein stutt artikkel i tidsskriftet Syn og Segn nr. 4/1985 der han freista å rekna ut kor mange nynorskbrukarar det fanst den gongen. Han brukte då allmenne demografiske utrekningsmåtar og prinsipp, og kom fram til talet 850 000 personar, eller 20,5 prosent av heile folket. No har ikkje målstoda endra seg noko særleg sidan då, så talet har iallfall ikkje minka dramatisk, jamvel om «topp-årgangane» no nærmar seg pensjonsalderen. Både skulemålsprosenten (kring 17 prosent) og talet på nynorskkommunar (115) har vore rimeleg stabile i heile perioden. I røynda har det skjedd lite avgjerande på denne fronten dei siste 20 åra, noko tabellane òg viser. Skulesentraliseringa i 1950-åra og kommunesamanslåingane på 1960-talet var nok dei siste store samfunnsomveltingane som fekk beinveges fylgjer for målutviklinga. I tillegg kjem visse regionaliseringstendensar og utjamningar i grenseområda mellom bokmål og nynorsk.

I samband med Ivar Aasen-året har talet 500 000 vorte lansert, venteleg utan at det ligg noka grundig vitskapleg utrekning bak. Eit tal som svagar ein stad mellom 500 000 og 850 000 skulle vel då vera tilnærma rett. Den allmenne nynorskprosenten i samfunnet ligg såleis og flyt ein plass mellom 10 og 20 prosent, kanskje nærmare 15 prosent jamt over. Dei samiske minoritetane og dei ulike innvandrargruppene i nyare tid er då ikkje medrekna i totalsummen.

Målgranskinga som Gallup gjorde for Norsk språkråd om formene Noreg/Norge i nynorsk, synte at 7,4 prosent av dei spurde nytta berre nynorsk i private samanhengar, medan 5 prosent skreiv både bokmål og nynorsk om einannan. Slik tilfanget ser ut, og slik utspørjinga er gjord, er det rimeleg å rekna med at denne sistnemnde gruppa er nynorskbrukarar som held til i bokmålsdistrikta. Det samanlagde talet blir då 12,4 prosent, eller vel 1/2 million innbyggjarar, og det ligg nær liknande resultat frå tidlegare lause målgranskingar. Altså er målstoda temmeleg stabil, det er den mest rimelege tolkinga av denne spørjeundersøkinga. Men denne viktige åtgåinga har ikkje media fått med seg i det heile.

Tala frå rekruttstatistikkane og læreboksalet i den vidaregåande skulen svingar ein stad kring 10 prosent. Begge desse områda er vanskelege «språknålaugo» for nynorskbrukarane, og lyt såleis tolkast som absolutte minimumstal. Tala her fortel like mykje om kor mange som orkar å masa og stå på for å få innfridd rettane sine. Dei skulle då visa ein del av den avskalinga som skjer på nynorsksida på grunn av språkpresset og mindretalsstoda.

Endå klårare vert dette om me ser på nynorskbruken elles i samfunnet, noko som sjølvsagt har innverknad på kor stor brukarmengda vert. I presse og biletmedia står målet særs svakt i høve til folkegrunnlaget, særleg i alle private tiltak. NRK kjem her klårt best ut, trass i ein viss nedgang dei siste åra. Etter at fleirtalet i Stortinget i 1970 bad om minst 25 prosent i radio- og fjernsynssendingane, har nynorskdelen svinga ein stad mellom 14 og 20 prosent. For dei private kanalane og i filmverda er stoda trøysteslaus, særleg på tekstsida. Noko likare er det i pressa, men nynorsken er framleis tilsidesett i storavisene, fortel ei gransking som Kringkastingsringen gjorde i fjor. Nynorskprosenten låg der på 13 i 1995 for dei avisene som svara, men er truleg nærmare 10 etter Kringkastingsringens meining. Etter å ha lege nokså stabilt på 10–11 prosent i etterkrigsåra har talet på utgjevne nynorske bøker heller ikkje peika oppover dei siste åra. Det Norske Samlaget har slått alarm om dette på fleire av dei siste årsmøta sine. Frislepp av marknadskreftene på bokutgjevarsida kan såleis gje nynorsken stygge ulivssår.

Mest gledeleg dei siste åra har faktisk utviklinga i statsadministrasjonen vore. Der nådde nynorsken ein prosentdel på 17 i talet på stortingsdokument og 12,7 i sidetal i 1993. Året etter var dei tilsvarande tala 23,2 og 11. Jamvel om det er langt att til målsetjinga om 25 prosent, så er dette ei gladmelding sett med nynorskaugo. I meir enn 50 år har desse tala nemleg lege på promillestadiet, trass i at den fyrste mållova vart vedteken alt i 1930.

Mishøvet mellom storleiken på den nynorske folkegruppa og den samla nynorske tekstmengda er altså framleis berrsynt på viktige samfunnsområde. Ei trøyst kan det då vera at det står betre til på det feltet som har med språkleg kvalitet og uttrykksrikdom å gjera, jamvel om mindretalsstoda òg påverkar den nynorske målføringa og dreg henne i bokmålslei.

Me kan likevel slå fast at brukarane er langt fleire enn då A. O. Vinje tok til å gje ut Dølen på eigen kostnad i 1858, og det på eit skriftmål som ingen før hadde sett. Marknadstenkjarane ville sikkert ha vendt tommelen ned for Vinjes dristige tiltak, medan det er ei grov forsøming å oversjå ei målgruppe på mellom 500 000 og 850 000 menneske.

Kjelder:

  • Gramstad, Sigve og Lilleholt, Kåre: Lov om målbruk i offentleg teneste. Oslo 1983.
  • Haugen, Einar: Riksspråk og folkemål. Oslo 1966.
  • Hovdan, Peder: Eit norsk Noreg. Oslo 1947.
  • Innstilling om språksaken (Vogtkomiteen). Oslo 1966.
  • Mørk, Vidar: Hjartespråk og skriftmål. Oslo 1983.
  • Noregs Mållag: Årsmeldingar 1960–1994.
  • Norsk språkråd: Årsmeldingar 1972–1994.
  • Statistisk årbok 1930–1995.
  • Statskalenderen. Oslo 1995.
  • Stortingsmelding nr. 15 (1968–69) om språksaka. Oslo 1968.
  • Torp, Arne og Vikør, Lars S.: Hovuddrag i norsk språkhistorie. Oslo 1993.
  • Torvanger, Asbjørn: Nynorsk gjennom femti år. Syn og Segn nr. 4/1985. Oslo 1985.
Elevar med nynorsk som hovudmål i grunnskulen. I prosent
  1966 1971 1976 1980 1884 1991
Østfold - - - - - -
Akershus - - - - - -
Oslo - - - - - -
Hedmark 0,3 0,3 0,3 0,3 0,3 0,2
Oppland 28,3 26,0 26,1 25,9 25,5 24,3
Buskerud 5,3 4,9 5,1 4,9 4,8 4,9
Vestfold - - - - - -
Telemark 24,7 21,7 19,8 19,6 19,6 20,4
Aust-Agder 19,8 15,6 9,6 9,0 9,4 9,2
Vest-Agder 10,7 8,4 5,6 5,5 5,2 4,7
Rogaland 32,4 30,6 29,1 29,5 30,8 31,2
Hordaland 49,2 46,9 46,6 47,2 47,9 49,5
Sogn og Fjordane 95,1 94,5 94,1 94,4 95,0 96,0
Møre og Romsdal 62,6 59,2 57,3 57,8 58,8 58,2
Sør-Trøndelag 9,4 6,1 4,5 3,4 1,7 0,6
Nord-Trøndelag 27,0 20,0 14,3 10,7 8,0 4,6
Nordland 2,5 0,8 0,5 0,5 0,5 0,9
Troms 0,5 - 0,1 0,2 0,4 1,3
Finnmark - - - - - -
HEILE LANDET 19,4 17,5 16,5 16,4 16,7 17,0

Ungdomssteget ikkje medrekna i 1966 og 1971.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Utviklinga for nynorsk skulemål (grunnskulen) samla i prosent 1930–1994
ÅR PROSENT ÅR PROSENT ÅR PROSENT
1930 19,5 1955 25,3 1975 16,7
1935 19,9 1956 24,3 1976 16,5
1938 22,0 1957 23,9 1977 16,4
1939 29,5 1958 23,5 1978 16,4
1940 31,5 1959 23,3 1979 16,4
1941 31,9 1960 22,7 1980 16,4
1942 33,2 1962 21,5 1981 16,5
1943 33,6 1963 21,1 1982 16,6
1944 34,1 1964 20,5 1983 16,6
1945 33,2 1965 20,0 1984 16,7
1946 31,9 1966 19,4 1985 16,7
1947 31,1 1967 19,2 1986 16,8
1948 30,8 1968 19,1 1987 16,8
1949 30,5 1969 18,4 1988 16,9
1950 29,7 1970 17,9 1989 16,9
1951 29,0 1971 17,5 1990 17,0
1952 28,2 1972 17,3 1991 17,0
1953 27,3 1973 17,1 1994 16,8
1954 26,2 1974 16,8    

Frå 1972 er ungdomssteget medrekna.
Kjelder: Målreising 1967. Oslo 1967. Årsmeldingane for Noregs Mållag.

Tabell over målvalet i kommunane
ÅR BOKMÅL NYNORSK NØYTRALE
1934 232 257 258
1940 210 275 262
1950 203 290 250
1961 198 273 260
1982* 169 113 172
1985 179 114 161
1989 182 114 158
1995 164 115 156

* Kommunesamanslåinga i 1960-åra førde til at talet på kommunar gjekk drastisk ned frå 1964 og utetter. Dette gjekk særleg hardt ut over utkantkommunane, der mange hadde nynorsk styringsmål. Stoda stabiliserte seg midt i 1970-åra.

 

-- Olaf Almenningen er forskar ved Avdeling for leksikografi, Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.12.2003 | Oppdatert:29.06.2015