Tonediktaren Ivar Aasen

AV TERJE AARSET

Eit av dei eldste vitnemåla vi har om at Ivar Aasen var musikalsk, har vi etter voldingen Johannes A. Barstad (1857–1931). Far hans hadde hatt Ivar Aasen til lærar den tida han heldt omgangsskule i Ørsta. Det faren hugsa best frå desse skuleåra, var at Ivar «stødt hadde so mykje morosamt aa fortelja, og so song han so gildt». Barstad møtte mange som mintest Aasen frå ungdomsåra hans. «Folk hev fortalt kor vent det var, naar dei fór framum sundagsmorgnane, aa høyra honom Aase-Andreas sitja uppe i Aasetunet og syngja».

Som omgangsskulelærar laut Ivar Aasen lære seg å spele på salmodikon. Vi veit også at han kunne både lese og skrive siffernotar, og det kan han ha lært alt i skulemeisteråra.

Fem Viser

I ungdomsåra skreiv Ivar Aasen ei rekkje dikt, og dei eldste kan tidfestast til 1825. Desse dikta har oftast religiøst innhald, og dei fleste er longe gløymde. Aasen ville seinare ikkje kjennast ved dei dikta han hadde skrive før 1840.

I 1837–38 tok Aasen til å granske heimemålet sitt og tok det etter kvart også i bruk i dikting. I 1843 gav han ut på Ekset «Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog» (skrivne 1840–41). Dei fem visene var «Fiskarvise», «Vìnskap», «Tènestaa i Pe-Gara», «Giftar-taanka» og «Tausakjærings-Vise». «Grønlands-Reisa» skulle òg vere med, men vart prenta for seg i 1848. Denne visa vart seinare omarbeidd i 1880-åra.

«Desse visene set det store skiljet i Aasens utvikling som diktar,» seier Aasen-kjennaren Reidar Djupedal. Med desse bygdemålsvisene hadde han «lagt av all den lånte stasen og vorte seg sjølv», og folk kjende seg att i visene.

Det var frå fyrste stund viktig for Aasen at songane hadde tonar som høvde, og han dikta gjerne på tonar som folk kjende. Dei tre fyrste av «Fem Viser» har tonetilvising til andre kjende songar, og dei to andre er skrivne i versemål som det var lett å finne tonar til. På denne måten kunne det vekse fram folketonar til Aasen-visene. I samlingane etter Catharinus Elling og O.M. Sandvik er det særleg mange tonar til desse fyrste fem visene som kom på prent.

Når det gjeld «Grønlands-Reisa», var Ivar Aasen kjelde for den tonen L.M. Lindeman har med i Ældre og nyere Norske Fjeldmelodier (1863, nr. 518), men Lindeman skriv likevel berre «Søndmør» over tonen.

Elles hadde Lindeman skrive ned ein folketone etter Aasen alt i 1848. Det var ein tone til «Draumkvedet», «nedskreven af Hr. Lindeman efter Hr. Ivar Aasens Sang». Tonen kan Aasen ha lært i Telemark, og Djupedal meiner at heimelsmannen hans kan ha vore Olav Glosimot i Seljord, som Aasen vitja i 1845. Elles minner denne tonen mykje om tonen til «Fyrestev» i tonetillegget til Symra (1875).

Ervingen

I 1855 gav Aasen ut spelstykket Ervingen. Sangspil i een Akt. Stykket inneheld åtte songar (to av dei er skiftesongar) og ein stevleik.

Som drama har Ervingen vore rekna for å vere heller veikt. «Når stykket likevel er levande dikting i dag, heng det saman med det biletet Aasen gir av bygdelivet, den tendensen han legg inn i stykket, og dei innfletta songane,» skriv Johs. A. Dale, og nokre av songane i stykket vart tidleg folkesongar.

Til framføring på teatret laut tonane til songane førast over på notar. Opphavleg var det tanken at Aasen skulle få hjelp av Lindeman til dette; dei hadde hatt samarbeid om tekster og tonar før, og Lindeman hadde brukt Aasen som folketonekjelde. Men dette samarbeidet vart det ikkje noko av. Kanskje hadde Lindeman mistanke om at somme av tonane i Ervingen ikkje var folketonar som Aasen hadde lært gjennom tradisjonen, seier Djupedal. Når Aasen fekk spørsmål om dette, veik han unna og ville helst ikkje svare. Alt i samtida var det difor dei som meinte at Aasen sjølv hadde laga nokre av tonane i Ervingen.

Det enda med at Aasen gjekk til kapellmeisteren på Kristiania Norske Theater, italienaren Paolo Sperati (1821–84), og «meddelte» han melodiane, det vil seie at Aasen song føre og Sperati skreiv opp tonane etter han.

Alle songane i Ervingen har tonetilvisingar og notar. Ved to av dei viser Aasen til songar som folk kjende; «Her er dat Land» kan syngjast på tonen til «Manden og Konen satte sig ned» og «Dan tyngste Sorg og Møda» på «Jeg gik mig ud spadserende». «Dei træla» har melodi «efter en Slaatt», «Dei vil altid klaga og kyta» kan syngjast «Efter en Stevmelodie fra Bergens Stift» og «Hava me gløymt vaare gamle Stev» etter «Stevmelodie fra Tellemarken».

Dei tre andre songane har «Egen Melodie». Det er «Du Sundagskveld», «Aka paa Isen haale» og «No er alt so godt og vel». Det var truleg desse tre siste tonane Lindeman mistenkte Aasen for å ha laga sjølv.

Nokre av songane i Ervingen vart tidleg folkesongar; det galdt særleg «Her er det land» og «Dei vil alltid klaga og kyta».

Symra

Diktsamlinga Symra kom ut anonymt i 1863. Boka hadde undertittelen «Tvo Tylfter med nya Visor». Det syner at Aasen frå fyrste stund hadde tenkt at dikta skulle syngjast – eller kvedast, som det står i «Fyrestev». Difor er Symra ikkje berre mor åt den nynorske lyrikken, men også den fyrste nynorske songboka.

Endå om fyrsteutgåva av Symra hadde nokre tilvisingar til tonar folk kjende («Kjerringa med Staven», «Je teente paa Kjølstad i Fjor» o.fl.), så vanta mange av dikta tonetilvisingar, og det kom difor tidleg spørsmål om eit tonetillegg.

Den fyrste som emna på ei tonesamling til Symra, var ørstingen Hans Mo (1835–1920), som var lærar i Bergen. Mo var med i Vestmannalaget. I august 1869 skreiv han eit brev til Ivar Aasen og baud seg til å gje ut ei tonesamling til Symra. Det vart ikkje til at Aasen svara på brevet frå Mo. Grunnen var truleg at han på denne tida var mykje oppteken med Norsk Ordbog.

Det skulle bli ein annan nordvestlending som kom til å gje ut notar til Symra-songane: Jakob N. Kobberstad (1840–1919) frå Breim i Nordfjord. Han kom til Volda som lærar på Voldens høiere Almueskole i 1861. Kobberstad var svært gåverik og hadde allsidige interesser. Særleg brann han for songen og musikken. I 1874 vart han lærar ved Asker seminar og slo seg seinare ned i Kristiania.

Alt i 1860-åra hadde han brevskifte med Ivar Aasen. Fyrste brevet frå 1862 galdt Ervingen. Av svarbrevet frå Aasen går det fram at Kobberstad har tinga heile 50 eksemplar av Ervingen. Men så mange kunne ikkje skaffast, melde Aasen frå bokhandlar Cappelen, som hadde boka i kommisjon. Dette fortel oss likevel at Kobberstad og allmugeskulen må ha vore ein viktig kanal for å spreie Aasen-songane på Sunnmøre og i Nordfjord.

Fyrste gongen Kobberstad vitja Aasen, var truleg hausten 1866. Etter at Kobberstad flytte austover, møttest dei jamt, ofte hjå sunnmøringane Johannes Welle (1828–93) eller Rasmus Aarflot (1829–88), og då var gjerne mange samla.

Når dei kom saman om kveldane, song dei ofte Symra-songar. Aasen song føre, for han hadde tonar til alle songane. «Han var 'kje nokon nattergal, han Ivar,» skreiv Kobberstad seinare. «Røysti var grugget, men eit ovlege fint øyra hadde han.» Arne Bergsgård har skildra det slik: «Aasen song føre; då sat han som ein gamal bondekall, noko framoverlutt og med hendene på knea, vogga kroppen og støytte hendene imot kvarandre i takt med songen.»

I oktober 1874 la Aasen siste hand på tredje utgåva av Symra. Den nye utgåva med «Notar til Songarne i Symra ved J.N. Kobberstad» kom i slutten av mai 1875.

Symra-utgåva frå 1875 er ei samling på 24 dikt. I tillegg kjem «Fyrestev» og «Etterstev». I tillegget står alle dikta med notar så nær som nr. 14 («Ymse Vasarlag») og 23 («Livet»), der det er vist til «same Notar som Fyrestevet».

Då tonetillegget kom ut, var mange av Symra-dikta alt innarbeidde med folketonar. Mange dikt var dessutan beintfram skrivne til folketonar, tonar som Aasen hadde høyrt og lært på dei mange og lange ferdene sine landet over.

Men så hadde Aasen også nokre tonar som han ikkje heilt kunne gjere greie for. Når Aasen i samtida vart spurd om kvar han hadde dei frå, sa han berre at det var «ein norsk tone» eller «ein tone frå Møre». Alt i samtida var det mange som meinte at det var Aasen sjølv som då var tonediktaren, men dette har det vore svært vanskeleg å få stadfest.

For nokre år sidan kom det for dagen nokre brev som langt på veg gjev oss svar på desse spørsmåla. I desember 1908 skreiv Lars Søraas (1877–1925) eit brev til Jakob Kobberstad. Søraas, som på dette tidspunktet alt hadde gjeve ut mange songbøker for folkeskulen, innleier med at han ofte har vore «i vildrede med hensyn til enkelte av disse melodiers oprindelse», og han bed Kobberstad gjere greie for kva tonar han sjølv har laga, og kva for tonar Aasen kan ha laga.

Svaret frå Kobberstad kom etter vel ein månads tid. I brevet fortel han utførleg og levande om hopehavet med Aasen om Symra-songane. Det var i 1866 at Aasen og han tok til å emne på ei tonesamling. Truleg var det seint på hausten, for den 7. november har Aasen notert «Langt Besøg af Kobberstad» i dagboka si, og 13. desember skildest dei. Kvifor det likevel skulle gå heile ni år før samlinga kom ut, gjev han ikkje noko svar på.

Plassen her tillèt ikkje at vi går nærare inn på kva som står i brevet, men vi skal leggje fram delar av «fasiten», «Symra-lundarne sit upphav», som Kobberstad har sett til overskrift på siste sida av brevet.

Kobberstad hadde sjølv sett tone til fem av dikta: «Vaardagen», «Haustvisa», «Saknad», «Det einlege Standet» og «Fals og Fusk».

Seks songar «er av Aasen». Tonen til «Nordmannen» er «tvillaust av Aasen». Det er tonen til «Dei vil alltid klaga og kyta» frå Ervingen. Dei andre fem er tonane til «Dei gamle Fjelli», «Heimvegen», «Gamle Grendi», «Tjon og Von» og «Hugen til Rikdom».

Av desse tonane er tonen til «Dei gamle Fjelli» einerådande i dag. Tonen til «Gamle Grendi» vart etter kvart avløyst av ein tone av Rasofiel Rise frå Hareid. Men endå kan ein møte dei som berre har lært Aasens tone til denne songen. Dei andre tonane av Aasen er mindre kjende i dag.

I 1919 hadde bladet For Bygd og By ein artikkel om tonediktaren Ivar Aasen. Forfattaren, som er anonym, byggjer tydeleg på ein samtale med Kobberstad. Dersom ein held saman det som kjem fram der, med det som står i brevet frå Kobberstad til Søraas, er det svært godt samsvar. Dei same tonane er tillagde Ivar Aasen. I songbøkene til Lars Søraas d.e. og Lars Søraas d.y. (1887–1976) er Ivar Aasen ført opp som tonediktar ved «Dei gamle fjelli», «Dei vil alltid klaga og kyta» og «Gamle grendi».

Hadde Ivar Aasen kunna «sjå att på jordi», hadde han truleg likt dårleg at namnet hans på denne måten vart knytt til tonane. For som Djupedal seier i etterordet til siste utgåva av Symra, det var ille nok at folk visste at han dikta, om dei ikkje òg skulle få greie på at han komponerte.

 

-- Terje Aarset er førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter