Knud Knudsen og Ivar Aasen – jamlikar og motpolar

AV ARNE TORP

Det finst knapt nokon vaksen nordmann som ikkje har hørt om Ivar Aasen, og dei fleste veit vel også ein god del meir om han enn namnet. Spør ein etter Knud Knudsen, er det derimot mange som blir flakkande i blikket, medan andre har svaret på reie hand: Han var god til å sykle! Det er likevel ikkje syklisten Knut Knudsen eg skal seie noko om her – å jamføre han med Ivar Aasen ville vel heller ikkje vere så lett. Språkmennene Knud Knudsen og Ivar Aasen hadde derimot atskillig sams. Samtidig er det på andre måtar naturleg å sjå dei som motpolar.

Det som gjer Ivar Aasen langt meir kjend enn Knud Knudsen, er nok det at Aasen var målreisar medan Knudsen var målbøtar, for å bruke uttrykk dei sjølve gjerne nytta. I dette ligg det at Aasen laga eit heilt nytt skriftspråk – landsmålet – bygd på dei norske dialektane. Knudsen agiterte derimot for å endre det danske skriftspråket litt etter litt. Det er kanskje ikkje urimeleg at den som skapar eit nytt skriftmål, får eit større gjetord enn den som berre gjer framlegg om å revidere eit som finst frå før.

Aasen skapte altså landsmålet, det gjorde ikkje Knudsen med bokmålet. Likevel er det rimeleg å tru at bokmålet i dag hadde vore nokså mykje annleis utan Knudsens innsats.

Nedanfor skal vi prøve å sjå på nokre punkt i livssoga og arbeidet til desse to for å sjå kva som er likt, og kva som skil.

Levetid, sosial og geografisk bakgrunn

Stort meir samtidige enn Knudsen og Aasen går det ikkje an å bli: Dei vart fødde med eitt års mellomrom og vart nøyaktig jamgamle (Knudsen 1812–1895; Aasen 1813–1896). Begge kom frå bondestanden; Knudsen var rett nok husmannsson og Aasen bondegut, men det hadde nok mindre å seie, ettersom det var liten skilnad på husmenn og sjølveigande bønder i dei delane av landet dei kom frå.

Då har det truleg meir å seie at Aasen kom frå Ørsta på Sunnmøre, medan Knudsen voks opp i bygda Holt, som ligg i den landsdelen vi i dag kallar Sørlandet, men som den gongen vart rekna som ein del av Vestlandet. Både Knudsen og Aasen kalla seg altså vestlendingar.

Likevel er det klart at avstanden ikkje berre til Danmark, men også til det danske skriftmålet, måtte fortone seg mindre dramatisk for den som voks opp nokre få kilometer frå Skagerrak enn for den som hadde sunnmørsfjella like innpå seg. Den reint geografiske avstanden til den norsk-danske bykulturen var heller ikkje så lang for Knudsen – Arendal ligg berre to mil unna fødestaden hans.

Utdanning, yrkesliv og privatliv

Både Knudsen og Aasen vart rekna for å vere flogvit av sambygdingane sine, og begge fungerte i ung alder som skolehaldarar – Knudsen var jamvel huslærar for to bondegutar i heimbygda alt som tolvåring.

Det var likevel berre Knudsen som kom til å gå det som den gongen var den normale skolevegen for ein som ville studere. Han kom seg først inn på Arendals real- og middelskole, og i 1840 tok han filologisk embetseksamen ved Det Kongelige Frederiks Universitet (no Universitetet i Oslo). Seinare var han det meste av levetida overlærar (dvs. lektor) ved Christiania katedralskole.

Aasen fekk eit par år privatundervisning hos ein prost heime på Sunnmøre, men elles må han stort sett reknast som såkalla autodidakt, dvs. sjølvlært. Etter at han drog frå Sunnmøre for godt i 1841, levde han av offentlege stipend. Han hadde med andre ord ikkje noko vanleg borgarleg yrke, men levde av og for målgranskinga si.

Både Knudsen og Aasen valde å gå gjennom livet som ungkarar, og begge budde det meste av levetida fast i Oslo, eller Kristiania, som byen heitte den gongen.

Livsverk

Aasens livsverk er uløyseleg knytt til det skriftmålet han skapte – landsmålet. Hovudverka her er sjølvsagt grammatikken og ordboka, som er omtala andre stader i dette heftet. Men Aasen ville også syne at skriftmålet hans kunne brukast i praksis, og dette viste han både som skjønnlitterær forfattar, omsetjar og sakprosaskribent. Målstriden tok han til gjengjeld lite del i; den overlet han stort sett til andre.

Knudsen var derimot heile sitt vaksne liv oppteken ikkje berre av det han kalla det dansk-norske målstrevet; han var også sterkt engasjert i mange andre saker, og ikkje berre som observatør, men i høgste grad som aktør.

For det første kjempa han mot latin som obligatorisk fag i den høgre skolen, og her fekk han tidleg gjennomslag for ideane sine – alt i 1857 vart den latinske stilen avskaffa til studenteksamen. Dessutan ville han ha bort dei såkalla gotiske trykkbokstavane – her ville han i staden ha såkalla latinske typar eller antikva, som er den trykkstilen vi har i dag. Aasen ville derimot halde på dei gotiske typane, fordi det var dei bokstavane vanlege folk var vane med på den tida.

Vidare var Knudsen skandinavist – han ville at det norsk-danske skriftmålet skulle nærme seg svensk. Aasen var nok også skandinavist for så vidt som han meinte det ikkje var ønskjeleg at dei skandinaviske språka skilde lag i utrengsmål, men han meinte også det var viktig at dei norske særdraga måtte komme fram.

At det nasjonale også var viktig for Knudsen, ser vi av kampen hans mot framandorda, purismen, som mellom anna kom til uttrykk i ei svær ordbok han gav ut i 1881: Unorsk og norsk eller fremmedords avløsning. Av alle dei mange til dels fantasifulle avløysarorda der er det knapt andre enn ordskifte for debatt og bakstrev for reaksjon som har slått gjennom i allmenn språkbruk. Her hadde truleg Aasen meir hell med seg; på nynorsk er det som kjent mange ord ein framleis (helst) ikkje bør bruke fordi dei opphavleg er lånte frå andre mål, særleg gjeld det slike som endar på -else og -he(i)t.

To vegar – eitt mål?

Aasen og Knudsen var samde om ein viktig ting: Dei ville begge ha bort det danske skriftmålet. Det dei var usamde om, var vegen dit. Aasen ville som kjent bryte over tvert og basere skriftmålet på dei norske dialektane. Knudsen meinte dansken ikkje kunne avskaffast med eitt slag. «Gradvishetens vej, ikke bråhastens,» var hans slagord. Mot slutten av dansketida hadde den norske overklassa utvikla eit talemål som i hovudsak bygde på dansk skrift, men med norske lydar og ein del norske ord. Dette målet vart på 1800-talet gjerne kalla den dannede dagligtale; Knudsen brukte derimot helst nemninga det landsgyldige norske talemål.

Etter Knudsens meining måtte det første steget bort frå dansken vere å byggje skriftmålet på dette talemålet, som ganske visst ikkje var så «heilnorsk» som dei dialektane Aasen tufta landsmålet sitt på, men som like fullt hadde ein umiskjenneleg norsk svip. Det viktigaste var likevel at dette talemålet var etter måten einskapleg («landsgyldig»), i motsetnad til dialektane, som varierte mykje frå landsdel til landsdel. Dessutan hadde det høg prestisje, ettersom det var talemålet til overklassa. Dermed rekna Knudsen med at det ville bli lettare å få det akseptert som basis for skrifta. Etter kvart håpa han også at dette talemålet ville utvikle seg vidare i «norsk» lei, det vil seie at det ville nærme seg folkemålet, dialektane.

Den seinare utviklinga av bokmålet har langt på veg innfridd dei forventningane Knudsen hadde. Den reine dansken forsvann i 1907, og i dag dominerer bokmålet på dei fleste område av norsk samfunnsliv, medan nynorsken er skriftmål for eit mindretal. Jamvel om bokmålet framleis har klare merke etter det danske opphavet sitt, vil knapt nokon lenger i fullt alvor finne på å kalle bokmålet dansk. Samtidig har nynorsken komme mykje nærmare bokmålet. Både Knudsens og Aasens arbeid har hatt stor framgang, men Knudsens nok mest.

Likevel er ikkje Knudsens endelege framtidsvisjon vorten røyndom enno. Han førestilte seg nemleg at hans eige dansk-norske og Aasens norsk-norske målstrev med tida skulle føre fram til det same målet: Eitt sams skriftmål for alle nordmenn. Om det målet nokon gong blir nådd, og korleis det målet i så fall kjem til å sjå ut, er ikkje godt å vite i dag. Det som er visst, er at både Knudsen og Aasen har sett merke etter seg som aldri vil forsvinne så lenge det finst norsk skriftmål her landet – eitt eller to.

 

-- Arne Torp er førsteamanuensis ved Avdeling for nordisk språk og litteratur, Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:26.11.2003 | Oppdatert:18.01.2019