Ivar Aasen – nyttepoet eller sann diktar?

AV VIGDIS YSTAD

Ivar Aasens skjønnlitterære forfattarskap er ikkje omfangsrik. Han let etter seg berre ei diktsamling – Symra frå 1863, med 24 dikt eller «Visor», som Aasen smålåtent kalla dei, ramma inn av føre- og etterkvæde. I tillegg til dette finst ei rad spreidde dikt, dels prenta i aviser og tidsskrift mens diktaren enno levde, dels etterlatne som manuskript. Einaktaren Ervingen (1855) er Aasens einaste drama – og vårt første på nynorsk. Også dette inneheld ei rad dikt og stev. I dramaet er nok den formelle meisterskapen mindre enn i lyrikken. Men etter førsteoppføringa av skodespelet heldt Aasmund O. Vinje likevel fram at «Det er et Stykke af stor Betydning i national Henseende baade for vort Sprog, vor Scene og vor Sundhed i Opfatningen. [...] Det er givet efter en Lov, som Alle maa lyde; man kalde den Fornuftens eller Poesiens [...].» Emnet (som er ei åtvaring mot utvandringa til Amerika og ser idealet i eit forpliktande kvardagsliv i heimgrenda) er ålmenngyldig – eller «allgildt», med Vinjes ord.

Her rører nok Vinje ved det som også var siktemålet for Aasen sjølv med alt han skreiv av skjønnlitteratur. Både førestevet og etterstevet til diktsamlinga Symra nemner det allgilde som eit høveleg emne for poesien, og talar ope om trongen til å skrive dikt som kan vere til hjelp og nytte for vanlege lesarar: Diktinga skal vere ei atterspegling av folket sine tankar; lette hugen og vekkje mod. Siktemålet for Aasen var å skrive folkeleg nyttepoesi som kunne verke frigjerande og sanningsskapande.

Aasen gav ut Ervingen og Symra midt i førre hundreåret. Romantikken, som sette diktargeniet og den skapande originaliteten i høgsetet, var ikkje lenger den rådande litterære retninga. Den såkalla poetiske realismen hadde kome i staden, og med den eit syn på dikting som viste slektskap med samtidsfilosofien – til dømes hjå ein så sentral tenkjar som Søren Kierkegaard. Forenkla kunne ein seie at det estetiske var avløyst av det etiske som berande verdi. Den poetiske realismen var oppteken av sanning og idealitet – og av at det kunstnarlege uttrykket skulle setje det ålment-etiske over det høgtsveipande og subjektivt-kjensleladde. Det lokale og kvardagen kom inn som nye litterære emne, og «objektiv» vart eit honnørord. Det var ikkje berre Aasen som let seg kveikje av eit slikt program – vi finn det og hjå forfattarar som Johan Ludvig Heiberg, Steen Steensen Blicher, i Asbjørnsens rammeforteljingar til eventyra og i Jørgen Moes dikting.

Aasen sjølv har skrive fleire dikt der han ope vedkjenner seg eit slikt syn. Det største av dei ber tittelen «Dikt og Sanning». Her held han fram at «sanning» ikkje tyder flat realisme eller etterlikning, men er eit reinska, poetisk uttrykk for eit sant etisk liv. Diktaren må gå til botnar i emnet og skilje mellom overflate og djupare meining:

Dat lause fraa dat faste skal han sundra,
paa Skal og Kjerne skal han gjera Skil.
[...]
Og kann han stiga høgt og inkje svimra,
so hev' han høgste Skalde-Namnet teent.
Men tryggar' er aa byggja traust paa Tufti
en reisa Spildre-Verk i lause Lufti.

Dette litterære programmet var styrande for alt Aasen skreiv. Han dikta ikkje høgtsveipande om romantisk kjærleik eller sterke personlege kjensler. Han skreiv heller ikkje «tidsrette» nasjonalromantiske dikt om nøkken og huldra – men i staden monumentale fedrelandsdikt, dikt med historiske emne, dikt om sed og skikk og kvardagsliv.

Sumt av dette er kanskje vel «traust». Det smakar av snusfornuft når diktaren åtvarar mot bylivet og farane ved den moderne kulturen – eller manar til smålæte og varsemd, som i «Tolugt Mod» (frå Symra):

Tolugt Mod er godt aa hava.
Tidt mot Straumen fær du kava,
um din Rett er nog so god.
Ymist fær du sjaa og høyra,
som er ilt i Syn og Øyra;
tak det alt med tolugt Mod.

Også «Dei vil alltid klaga og kyta» (frå Ervingen) er ei hylling av fornuft og varsemd:

Dei vil alltid klaga og kyta
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv ikkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.

Mange slike strofer ber minningar av livsvisdomen i det gamle Hávamál – som heller ikkje er fritt for snusfornuft. Men Aasen er ikkje utan humor. Han har og ei rekkje ironiske og beint fram satiriske dikt der måtehald og klokskap står fram som dei underliggjande verdiane. «Lovtale yver Culturen» (trykt i Vinjes blad Dølen, 1866) driv gjøn med ein overdriven trong til framandord og kulturell snobbeskap:

Kvar som helst me taka Touren
faa me høyra um Culturen
[...]
Alt som daa er primitivt,
antiqverad og naivt,
lyt han refsa effektivt,
so det rømer successivt.
Soleid skal det trivielle
vika for det ideelle,
alt det smaa og specielle
jamnast i det generelle.

Aasen driv også gjerne ap med dei som talar store ord om den ærerike noregssoga, mens dei liten eller ingen age har for følgjene av denne soga – nemleg det folkelege livet i notida (til dømes det etterlatne diktet «Festtalar» frå om lag 1860). Det er livet i samtida som er hans eige emne – og i skildringa av det norske landskapet og folkelivet kan han stundom skape monumentale vers.

I Symra finn vi fleire av dei beste – slike dikt som «Gamle Norig», «Nordmannen», «Dei gamle Fjelli» og «Gamle Grendi». I «Gamle Norig» vert landet i den første strofa sett i fugleperspektiv, før diktaren i den neste går vidare med å skildre årstidene som skifter over landskapet og til sist: det folket som bur der. Versa er storfelte og enkle:

Der er Hav, som heilt aat Endom
leikar um den lange Strand.
Der er Vikar og Votn og Øyar,
tusund Fjordar og tusund Fjell,
[...]

Stora Dagar og Stutta Næter
lida lett um den ljose Jord;
Strand og Fjord og Fjell og Sæter
skiner av Sol fraa Sud og Nord.
[...]

Van til Møda, meir enn til Kjæla,
leikar Lyden paa Land og Sjo.

Den norske versteoretikaren Hallvard Lie har peika på korleis dette diktet er eit meisterstykke i moderne stavrimdikting – her har Aasen yngt opp att det gamle norrøne fornyrdislag (markert ved opphaldet midt i kvar line og ved bokstavrimet). Like monumentalt er «Dei gamle Fjelli», som på liknande vis sameinar menneske og natur – men slik at naturen, sjølve landet, er det som står fast og trygt gjennom all menneskeleg omskifting: Aasen talar om «Havet kring um Strenderna/med Skip som Fuglar smaa» og «Fjelli kring um Grenderna/med tusund Bakkar blaa» – og så einfelt det kan verke, er dette likevel ekte poetisk. Gleda hos sjømannen i siste strofe er godt førebudd gjennom den enkle, men kjensleladde skildringa i dei fire føregåande strofene:

Av Hav kom Sjomann sigande
og lengtad' etter Land,
daa saag han Fjelli stigande
og kjendest ved si Strand.
Daa kom det Mod i Gutarne,
som saag sin Fødestad.
Ja dei gode gamle Nutarne
dei gjera Hugen glad.

Aasens fedrelandsdikt er «allgilde» i Vinjes meining av ordet. Slik er dei også skylde andre av dei beste dikta i Symra – til dømes det vakre «Sumarkvelden», der Aasen ikkje fornyar det norrøne formmønsteret, men i staden nyttar den søreuropeiske oktaven (ottava rima, ei åtteversa strofe med faste reglar for så vel innhald som rimsetting). Diktet kan minne om Goethes vidgjetne «Über allen Gipfeln», og er eit vakkert uttrykk for vekslinga mellom liv og daude – og ei skildring av den dirrande augneblinken då den nordiske sumarnatta legg sitt bleike ljos over landskapet. Ikkje eitt unyttes ord, ikkje eitt «følande» uttrykk er nytta – men det enkle språket er likevel tunglasta av kjensler:

Her er so ljos ein Lit paa alle Grunnar
for ljos til Natt og mesta dim til Dag.
Dei stille Votni standa blaa som Brunnar,
og Fossar syna seg i kvite Drag.
[...]
Det gustar ingen Vind, som Toppen ruggar,
i denne kvildarrike Nattarstund.
Den snøgge fuglen kurer, trøytt av Dagen,
og rosutt Fivreld' roar seg i Hagen.

Også dei få gongene Aasen skriv dikt med meir personlege kjensler som emne, er språket like reinska og «allgildt». Om ulukkeleg kjærleik handlar «Den tyngste Sorg og Møda» (frå Ervingen 1855), og «Fyrtiande Fødedagen» (1853) sviv kanskje om Aasen sjølv og kjensla av å ikkje ha lukkast i livet:

Natti kjem, og Foten er trøytt,
og inkje er Hus paa Heidi.
Beste Tidi heve du øydt,
alt fyrr du kom midt paa Leidi.

Her rører Aasen ved ei kjensle som smyg seg mellom linene i mange av dikta hans – endå han som oftast dekkjer det til bak objektive og stundom ironiske vers. Men den som les noggrant, finn ein tråd av sorglynde – med eit framandord: melankoli – i forfattarskapen. Her er halvt humoristiske eller ironiserande dikt om kjærleikssorg – eller sorg over å leva i «Det einslege Standet». Men Aasens tunglynde er meir omfattande og stikk djupare. Han kan i mangt synast som ein kulturpessimist med større sans for tradisjonar enn fornying. Og i «Hugverk» (1850) gir han uttrykk for eit djupt og uforklårleg personleg mismod som ligg depresjonen nær:

Tankanne sviv so vidt ikring,
dei tæk so undarleg Stemna.
[...]
Hugjen er tung og ille sett;
eg veit ikje kvi eg tregar.
[...]
Stjernunne blinkar og Maanen skin,
da stillest i Lægd og Lider.
Aldri da stillest i Hugjen min,
han endaa verkjer og kvider.

Uttrykket har minningar av folkevisa – og er samstundes noko av det mest personlege og poetiske Aasen har skrive. I slike dikt kjem vi den einsame «rasjonalisten» nær inn på livet – og ser at diktinga til Aasen rommar langt meir enn turr nyttepoesi og kvardagsrealisme. Det enkle ordet kan vere like kjensleladd som det meir kunstferdige uttrykket. Her står vi vel og ved forklåringa på kvifor det beste av det Aasen skreiv, er levande den dag i dag.

 

-- Vigdis Ystad er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter