Ivar Aasen som syntaktikar

AV JAN TERJE FAARLUND

Ivar Aasens Norsk Grammatik frå 1864 kan lesast på mange ulike måtar. Det ein fyrst og fremst tenkjer på, er kanskje som ein presentasjon av ei norm for det framtidige landsmålet. Men boka kan òg lesast som ei beskriving av norsk talemål på midten av 1800-talet.

Når det gjeld det siste kapitlet i grammatikken, kalla «Sætningslære», er talemålsperspektivet det mest interessante, ettersom Aasen ikkje gjer nokon freistnad på å setja opp ei norm for syntaksen i landsmålet. Aasens grammatikk er såleis ikkje berre den fyrste beskrivinga av det nye norske standardmålet, men òg den fyrste beskrivinga av norsk talemålssyntaks.

Av språkdrag som er ukjende i norrønt og i begge dei moderne skriftmåla, men som lever i beste velgåande i dagens målføre, kan vi byrja med å nemna eit spesielt system av peikande pronomen. I normalmålet skil vi mellom ei form for det nære (denne - dette - desse) og ei form for det fjerne (den - det - dei). Ei liknande todeling finn vi i norrønt. Men Aasen seier i grammatikken sin

En besynderlig Egenhed ved Ordet 'denne' er det ellers, at det paa mange Steder har to Former, hvoraf den ene bruges om en nærmere Ting og den anden (som altid ender paa 'a') om en fjernere. Saaledes adskilles: denne ( : denne her) og denna (denne der); (196) 1

Dette skiljet finn vi framleis i mange dialektar over heile landet. Den «Egenhed» som Aasen beskriv, er eit system med eit skilje langs to dimensjonar. På den eine sida har vi eit skilje mellom denne for det som er nær, og denna/den for det som er fjernare. Vidare er det eit skilje mellom dei to fjerne formene som går på to ulike typar utpeiking. Denna viser til noko som vi kan peika på i omgjevnadene eller i talesituasjonen, medan den viser til noko som er nemnt føreåt i konteksten. I dei dialektane som har dette skiljet, heiter det såleis t.d. Denna boka ønskjer eg meg til jul dersom ein talar om ei bok som ligg i butikkvindauget, men Den boka skulle eg gjerne lesa dersom ein meiner ei bok som vi nettopp tala om. Dersom ein seier denne boka, meiner ein ei bok som er nær den som talar, anten konkret eller figurleg. Dette er eit grammatisk system som Aasen observerte, og som han godt kunne ha gjort til del av landsmålsnorma, men som han altså nøgde seg med å registrera. (Ei anna sak er det at det vel låg eit normerande element i sjølve registreringa.)

Eit anna fenomen som Aasen heller ikkje ville ha med i norma si, var bruken av pronomen føre personnamn, som i han Olav, ho Sigrid. Dette er utbreitt over heile landet unnateki lengst i sør og i Bergen, men er ikkje vanleg i skrift, verken i norrønt eller i moderne norsk. Og Aasen åtvarar direkte mot å ta dette med i skriftnormalen: «dens Gjennemførelse i et Bogmaal vilde blive til Uleilighed» (308). Aasen har òg notert ein annan pronomenbruk som ikkje kan reknast til normert skriftspråk i dag, nemleg bruken av han som subjekt ved «Verber, som betyde en Foregang i Veiret eller Luften»: han regner, han snjoar.

I dagens normalmål er regelen at vi har bestemd artikkel føre adjektiv + substantiv, som i den vesle jenta, dei fyrste åra. Men Aasen har òg notert ein del typar der vi framleis i talemål (og som stilistisk verkemiddel i skrift) kan utelata artikkelen. Det gjeld «naar en naturlig Egenskab ved Tingen bliver stærkt fremhævet ved Adjektivet; f.Ex. der var inkje annat enn turre Sanden; berre svarte Moldi; ned paa harde Steinen;» (311). Ein annan konstruksjonstype som framleis er i bruk i talemål, og som er særleg vanleg i Trøndelag, er samansetjing av adjektiv + substantiv, utan artikkel føre: «Gamlebaaten, Storevegen, Nyestova» (311).

Dei eksempla eg har nemnt ovafor, gjeld grammatiske konstruksjonar som var levande i talemålet på Aasens tid, og som framleis er det, utan at dei har vunni nemnande innpass i det nynorske skriftspråket. Dei finst heller ikkje i norrøn prosa (men kan for alt vi veit godt ha funnist i talemålet også på den tida). Men i tillegg nemner Aasen ein del konstruksjonar som ikkje lenger finst i talemålet, men som altså fanst på hans tid. Slike drag er da nedervde frå norrønt

. I norrønt var til dømes bruken av artiklar og andre determinativ i samband med substantiv mye meir variert enn i nyare norsk. Særleg var det vanlegare å bruka substantiv utan artikkel der vi i dag har bestemd eller ubestemd artikkel (jf. sat konungr ok dróttning í hásæti). Aasen har funni att spor etter dette gamle systemet i talemåla rundt om i landet, såleis har han notert det skal inkje koma paa Gard; det er paa Tid; det kom inkje av Flekk (304). Dei fleste ville vel bruka bestemd form av desse substantiva i dag. Her har vi eit språkdrag som stammar frå dei eldste tider, som overlevde inn i førre hundreåret, men som altså er ute eller på veg ut no.

På eit anna område er bestemd form av substantivet ubrukande i dag medan det var mogleg både i norrønt og for heimelsfolka åt Aasen. I setningar av typen det kjem ein båt; det gjekk ein mann framom oss kan vi normalt ikkje ha bestemt substantiv (*det kjem båten). Grunnen er at ein båt og ein mann ikkje er verkelege subjekt i desse setningane, men ledd som blir presenterte som noko nytt. Subjektet er det vesle ordet det. Det ser vi om vi bruker ei samansett verbalform. Da er nemleg regelen at subjektet kjem mellom dei to verba dersom det ikkje står fyrst i setninga: No har det kommi ein båt. Her ser vi at det er subjekt, for ein båt kjem etter begge verba, så det kan ikkje vera subjekt. Eit slikt ledd kallar vi «potensielt subjekt», og regelen er at det må vera ubestemt.

På Aasens tid var dette annleis: Det vil alle hava den beste. Det havde ingen høyrt um det (307). Her står orda alle og ingen på subjektsplassen, medan det er berre eit slags «fyllstoff» fyrst i setninga. Dermed kan vi gå ut frå at det berre er fyllstoff og at substantivet er verkeleg subjekt også i dei følgjande eksempla: Det synte Vegen etter deim. Det rann Sveiten. Det stod Fossen. Det dreiv Sjoen (307). Og eit verkeleg subjekt kan sjølvsagt ha bestemd form. Det systemet som Aasen beskreiv, liknar altså på det norrøne systemet med fri ordstilling, der subjektet godt kunne komma langt ut i setninga og framleis vera subjekt, som i Lifa enn nokkurir Jómsvíkingar ('nokre jomsvikingar lever enno', eller 'det lever enno nokre jomsvikingar'). Skilnaden er at norrønt også greidde seg utan noko fyllstoff fyrst i setninga.

Til slutt vil eg ta med eit sitat som viser at Ivar Aasen kunne vera overraskande framsynt. Han forklarte nemleg korfor den nye teljemåten, som var innført innpå hundreåret etter at Aasen skreiv grammatikken sin, ikkje kom til å slå særleg godt an. Han beskriv den gamle teljemåten, som var einerådande i talemålet på hans tid, og seier at den har «sin Fordeel for Velklangen, især naar et Substantiv kommer til, da man derved undgaar et Sammenstød af to Stavelser, som er lige stærkt betonede» (336) (jf. 'to og 'femti 'år, mot 'femti 'to 'år). Kanskje er dette heile forklaringa på at den gamle teljemåten viser seg å vera så seigliva?

1 Alle sitata er frå Ivar Aasen: Norsk Grammatik. Etter fyrsteutgåva frå 1864. Universitetsforlaget 1965. Taltilvisingane gjeld paragrafane i denne boka.

 

-- Jan Terje Faarlund er professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Trondheim (NTNU).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter