Ivar Aasen og eg

AV KJELL ARILD POLLESTAD

I barndomslandet mitt var det lite bakkar og ingen berg, men sjølv på det flate Jæren fekk skulestova like mykje ljos frå Volda som frå Wittenberg. Trudomskjempa Luther frå Eisleben i Sachsen og fråhaldskjempa Kloster frå Bokn i Ryfylke var fyrste og andre personen i ei trieining der målkjempa Ivar Aasen frå Ørsta på Sunnmøre var sjølve anden: Han let oss tala i fedrelandet si gamle tunga. Ibsen var norsk-dansk, Kielland levemann og Garborg fritenkjar; om Aasen si sjel lærte me lite anna enn at ho var einsam og vantreivst i byen. Men målet han skapte, var som ein atterklang av Guds eige mål.

Eg er takksam mot denne trieininga frå folkeskulen, sjølv om eg seinare i livet har svike både lutherdomen, fråhaldsrørsla og målsaka. Det er grenser for kor mange tapte saker ein mann kan gjera til sine; eg har for min del hatt meir enn nok med det katolske. Men dersom eg søkjer gudsord utanom grunnteksten, går eg helst til den gamle nynorske omsetjinga. Der kling det rikast og best – til og med ein innbarka bygut som Hallvard Rieber-Mohn oppdaga det. Aasen si ordbok har fylgt meg heilt sidan gymnasåra, då me hadde moro av å finna dogloser som elles ikkje stod i ordbøker. Eg såg målgranskaren for meg under lampen på ein gisen Oslo-hybel då han med mysande augo bak gulna papirhaugar skreiv til dømes dette: «Rauv f. Bagdeel, Podex. Nogle Steder Rau; ogsaa Røv, og endog Ræv (som har ingen Grund).» Eg tykte dette og endog var kosteleg, og likeins tilleggsmerknaden om at ordet «sædvanlig bruges om hele Gumpen» og difor var «ikke saa ganske anstødeligt». Her skimta eg mannen bak verket, som ikkje berre ville opplysa, men også oppseda.

Ivar Aasen nøgde seg ikkje med målgransking. Han skapte målkunst. På si smålåtne vis var han genial, og som dei fleste slike vart han ståande åleine, «vanvyrd og lite kjend». Han kom kan henda for seint. Dante fekk større lukke med seg, då han på 1300-talet skapte det italienske riksmålet ut frå talemålet i Toscana. Likevel gjeld ikkje dei orda Aasen skreiv om seg sjølv på 40-årsdagen, hans ettermæle:

Paa dine Vegar veks ingen Blom,
fyre deg slær inkje Hjarta!

Kor mange gonger har eg ikkje vakna i innland og utland av at fulle nordmenn song «Millom Bakkar og Berg»? Ivar Aasen lever i sine dikt, og mange er dei diktarar som på hans miskjende mål har gjeve oss dei finaste songar.

Gud glede di sjel, gamle Ivar!
Du gleder framleis vår.

 

-- Kjell Arild Pollestad er dominikararpater og katolsk sokneprest i Tønsberg.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter