Færøysk og frisisk målreising

AV ENDRE BRUNSTAD

Nokre har ei oppfatning om at det arbeidet Ivar Aasen gjorde, var eit eineståande og særnorsk verk. Men tek vi eit blikk utanfor landegrensene, oppdagar vi snøgt at reisinga av eit nynorsk skriftmål på 1800-talet var ein del av eit større, internasjonalt fenomen. I fleire europeiske samfunn reagerte ein på denne tida mot å ha eit skriftmål og eit normaltalemål frå eit anna land. Drivkrafta i denne reaksjonen var nasjonalismen, men òg sosiale og pedagogiske årsaker låg til grunn. Såleis vart det kodifisert og stridd fram nye skriftnormalar i Finland, Serbia, Kroatia, Ukraina, Catalonia, Friesland, på Færøyane og i fleire andre land. Vi skal her stoppe opp ved to av dei skriftspråka som vart reiste om lag på Ivar Aasens tid, nemleg færøysk og frisisk.

Færøysk

I mellomalderen var Færøyane norsk skattland og ein del av det norrøne språk- og kulturfellesskapet. Færøyane fylgde med Noreg i unionen med Danmark, og etter reformasjonen vart lov- og kyrkjespråket på øyane dansk. Dei mange danskspråklege embetsmennene som reiste til Færøyane, lærte seg sjeldan færøysk. Når folk vende seg til desse, måtte dei leggje om talemålet sitt i retning dansk. I hovudstaden Tórshavn var det nødvendig å samtale med danskar dagleg, og frå eit slikt kontaktbehov oppstod ei blanding av dansk og færøysk, gøtudansk.

Den fyrste som påviste det problematiske ved målstoda på Færøyane, var studenten Jens Christian Svabo (1746–1824). I Indberetninger fra en Reise i Færøe 1781 og 1782 skreiv han at dersom ein skulle berge færøysk frå å døy ut, måtte ein gjere noko drastisk. Han kom med framlegg til ei ny, ortofon rettskriving for færøysk, men mest som eit eksperiment – han meinte det eigentleg ville verte for upraktisk å innføre eit færøysk skriftspråk.

Den som arbeidde ut ein færøysk språknormal, var presten V.U. Hammershaimb (1819–1909). Han samla inn materiale frå alle dei færøyske dialektane, og jamførte dei med kvarandre og med norrønt. På grunnlag av denne jamføringa konstruerte han ein skriftnormal. Denne framgangsmåten var nokså lik den Ivar Aasen valde for landsmålet, men Hammershaimb gjekk meir etymologisk til verks, og nytta former som ikkje fanst i talemålet lenger.

Kimen til ei færøysk målrørsle finn vi blant færøyske studentar i København som skipa Føroyingafelag i 1881. I 1889 vart det òg skipa eit færøysklyndt lag på Færøyane, Føringafelag. Dette laget vart ein viktig diskusjonsarena og gav ut den fyrste færøyskspråklege avisa. Også dei frilyndte ungdomslaga var viktige i arbeidet for å gi færøysk status.

Gjennom strid og slag har ein så vunne plass for færøysk språk. Særleg i etterkrigstida, då Færøyane har hatt sjølvstendeavtale med Danmark, har færøysk kome i bruk i stendig fleire domene, og er no offisielt språk ved sida av dansk. Trass i at Færøyane med sine 43 000 innbyggjarar er eit av dei minste språksamfunna i verda, har færøysk ein solid plass.

Frisisk

Frisisk vert nytta i Friesland, ein provins nordvest i Nederland, og er der offisielt språk ved sida av nederlandsk. Det bur om lag 580 000 menneske i Friesland, og språkgranskinga Taal yn Fryslân (1984) viser at halvparten av dei nyttar frisisk dagleg i tale. Talet på skriftbrukarar er monaleg mindre enn dette, og sjølv om ein i dei siste tiåra har fått ei viss frisiskundervisning i skulen, er frisisk sterkt pressa av nederlandsk. Like fullt finst det eit frisisk skriftliv, med skjønnlitteratur, barnelitteratur, nokre tidsskrift, eit språkakademi, etc.

Historisk sett er frisisk eit gamalt språk, og fram til 1500-talet vart det nytta som rettsspråk i eit område som var langt større enn dagens Friesland. Men ved inngangen til 1500-talet rakna det politiske sjølvstendet for Friesland, og det vart politisk og økonomisk underlagt provinsen Holland. Samtidig fekk det frisiske skriftspråket dårlegare vilkår, og vi finn i perioden 1500–1800 svært fåe frisiske tekster. Som talemål i uformelle samanhengar heldt frisisk rett nok stand, men i byane tok fleire til å tale eit blandingsmål mellom frisisk og nederlandsk, stedsfrysk (byfrisisk).

Vi kan jamføre denne utviklinga med det som skjedde i Noreg og på Færøyane; også der vart ein politisk underlagt ei framand makt (Danmark). Samtidig gjekk det norske skriftmålet under. Og til liks med folket på den frisiske landsbygda heldt ein i dei norske bygdene fast ved dialekten, medan dei kondisjonerte i byane etter kvart tok til å tale den dannede dagligtale , ei blanding av norsk og dansk.

Dagens frisiske skriftnormal spring ut av målreisinga på 1800-talet. Den oppstod fyrst som ei nasjonalromantisk interesse for frisisk språk og kultur blant den frisiske eliten. På 1820-talet kom det såleis ut fleire vitskaplege arbeid om frisisk språk, og i 1827 vart det danna eit lag for å fremje granskinga av frisisk språk og historie, Friesch Genootschaap van Geschied-, Oudheid- en Taalkunde. Ut frå innsamlinga av tradisjonsstoff oppstod det eit normproblem: Korleis skulle frisisk skrivast? Etter ein del strid samla frisarane seg om ei norm basert på eit framlegg frå Joast Hiddes Halbertsma (1789–1869). Han ville byggje skriftmålet mest mogleg på talemålet i samtida, ikkje på gamalfrisisk, og tok utgangspunkt i éin dialekt, klaai-frisisk. Den var mest utbreidd og minst påverka av nederlandsk, og hadde såleis mange gamle former òg.

Ei viss demokratisering av den frisiske målrørsla skjedde i 1844, då Selskip foar Fryske Taal en Skriftekennisse vart skipa. Demokratiseringa vart sterkare mot slutten av 1800-talet, då det gjekk føre seg ei kopling mellom arbeidarrørsla og målrørsla. Ein peikte på at språksituasjonen i Friesland verka sosialt diskriminerande: Bønder og arbeidarar som ikkje kunne formulere seg godt på nederlandsk, greidde ikkje å hevde seg i samfunnsdebatten. Dette omsynet til folkeopplysning kan vi òg seie var ei viktig drivkraft i strevet med å byggje opp ei nynorsk offentlegheit i Noreg på 1800-talet.

I mellomkrigstida var Jongfryske Mienskip (Ungfrisisk samfunn) dei fremste talsmennene for frisisk; dei formulerte eit program for å gjere Friesland meir sjølvstendig og frisisk meir utbreidd. På denne tida fekk den frisiske rørsla òg ei viss gjennomslagskraft blant folk flest. Men då ein del av leiarane i rørsla kom til å støtte nazistane under krigen, vart rørsla marginalisert etter 1945. På 1970- og 1980-talet skjedde ei viss revitalisering av den frisiske rørsla, då vart ho kopla til arbeidet for desentralisering og grøne verdiar. Rørsla har dei siste åra fått ein del gjennomslag for forsøk med tospråkleg undervisning, og set no sin lit til at frisisk kan haldast oppe gjennom ei medviten tospråklegheit.

Færøysk og frisisk er saman med nynorsk døme på språk som vart reiste på 1800-talet, og som gjennom kamp har fått eit visst rom ved sida av eit anna dominerande språk. Saman illustrerer dei den internasjonale sida ved fenomenet målreising.

 

-- Endre Brunstad er høgskulelektor i norsk ved Høgskolen Stord/Haugesund.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:28.11.2003 | Oppdatert:29.06.2015