Småstoff


Kortbiografi om Ivar Aasen

Kjell Venås: Livssoga åt Ivar Aasen. Utgjeven av Ivar Aasen-året 1996. Oslo 1996. 28 s. kr 50.

Dette er ein kortbiografi som gjev eit oversyn over arbeidet og livet til Ivar Aasen. Bak i heftet er det ei kronologisk liste over dei viktigaste verka av og om Ivar Aasen. Heftet høver for dei som er med i lærarkurs og studieringar – og for alle andre interesserte.

Norsk språkråd minnest Ivar Aasen

Norsk språkråd er ein av mange institusjonar som markerer Ivar Aasen-året 1996. Saman med Det Norske Teatret og Bokklubben Dagens Bok er Språkrådet sponsor for eit bokmonument til ære for Ivar Aasen på Jernbanetorget i Oslo. Det vel tre meter høge monumentet viser tre bøker. Fundamentet er Ivar Aaasens Det norske Folkesprogs Grammatik og Ordbok over det norske Folkesprog. På desse bøkene kviler ein moderne roman.

Nye målførebøker

I 1995 kom det ut fleire bøker om målføre. Vi nemner nokre av dei:

Kristian Strømshaug: Mål i Østfold. (Medredaktørar: Arve Borg og Joleik Øverby.) Norske studiar VIII. Utgjevne av Avdeling for målføregransking, Universitetet i Oslo. Novus forlag, Oslo 1995. 326 s. Kr 295. ISBN 82-7099-249-6

Einar Lundeby: Østfoldmål. Østfold mållag 1995. 104 s. Kr 160. ISBN 82 993615-9- 8

Njål Vere: Listamålet III. Grammatikk, ordbok, stadnamn og folkeminne. Eige forlag 1995. 528 s. (Band I kom i 1992 og band II i 1994.) Kr 300 pr. band, kr 250 dersom ein kjøper fleire.

Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet

Sunnmørsgrammatikkane av Ivar Aasen. Redigert av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset. Norsk Bokreidingslag. Bergen 1992. 175 s. Kr 180 (hft.), kr 200 (innb.). ISBN 82-90186-82-7 (hft.). ISBN 82-90186-83-5 (innb.)

Målsamlingar frå Sunnmøre av Ivar Aasen. Redigert av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset. Norsk Bokreidingslag. Bergen 1994. 328 s. Kr 200 (hft.), kr 250 (innb.). ISBN 82-90186-93-2 (hft.). ISBN 82-90186-94-0 (innb.)

Målsamlingar frå Bergens Stift av Ivar Aasen. Redigert av Jarle Bondevik, Oddvar Nes og Terje Aarset. Norsk Bokreidingslag. Bergen 1995. 288 s. Kr 200 (hft.), kr 250 (innb.). ISBN 82-7834-002-1

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.07.2004 | Oppdatert:29.06.2015