Aasen, språk og identitet

AV TOVE BULL

Ordet identitet fins ikkje hos Aasen, så langt eg har klart å finne ut, korkje som oppslagsord i ordboka eller i bruk i andre skrifter. I Norsk Ordbog hører det ikkje heime, fordi det ikkje er eit norsk ord. Men ordet var i bruk i norsk på Aasens tid. Wergeland brukte det to gonger*. Mauritz Hansen har det med i si Fremmedordbog (2. utg. 1851), og vi finn det òg i Knud Knudsens Unorsk og norsk frå 1881, med tilvising til Molbech (Dansk Ordbog, 1835). Meir forvitnelig er det at det står ein artikkel på ti liner i det første konversasjonsleksikonet vårt, Chr. Johnsens frå 1879. Øvst på Johnsens liste over ekspertar han har hatt hjelp av, står faktisk Aasen nemnd: Aasen, Ivar, Sprogforsker. Så Aasen må heilt klart ha kjent ordet. Det er likevel først i det 20. hundreåret at identitet er blitt eit viktig omgrep i filosofien, og at det er tatt i bruk i andre fag og vitskapsgreiner. Ordet kjem frå seinlatin identitas, latin idem = den/det same. I Nynorskordboka er identitet i den tydinga som er interessant i vår samanheng, forklart slik: «sum av element som gjev eit individ, eit samfunn o l individualitet; eg-medvit».

No blir omgrepet identitet brukt i mange fag og vitskapsgreiner. Og det blir brukt på ulike måtar i ulike fag. I den tydinga vi er opptekne av her, er det primært eit psykologisk omgrep. Det har dessutan ein sentral plass i sosiologi, sosialantropologi, folkloristikk og etnologi, i filosofi og litteraturvitskap. Og sjølvsagt i språkvitskapen, som denne vesle artikkelen må seias å høre heime i.

Trass i at ordet ikkje var brukt av Aasen, kan det vere god grunn til å hevde at han ofte skriv om identitet. Mellom anna går mykje av argumentasjonen for folkemålet i fortalen til Norsk Grammatik frå 1864 ut på at det er samanheng mellom språk og identitet. Her skriv Aasen om korleis «Undertrykkelsen af et nedarvet Tungemaal maa [...] virke skadeligt» (Aasen 1864 (1965):xi) og han poengterer at det ikkje bare handlar om omkostnadene ved å lære eit fremmendt mål: «Man skal her ikke see alene paa det nye, som et Folk maa lære, men ogsaa paa det gamle, som det ikke faar benytte.» (s.st.)

I nyare tid har eit hovudargument for nynorsk og ikkje minst dialektbruk vore at det er samanheng mellom språk og identitet. Det er først og fremst gjennom språket at identiteten vår kjem til uttrykk. Språkhandlingar er – ved sida av å vere nettopp språkhandlingar – identitetshandlingar. Gjennom å velje dei og dei språklige uttrykka, presenterer vi oss sjølve. Vi seier noko om kven vi er og kven vi eventuelt ønskjer å vere. Indirekte kan vi òg formidle noko om kven eller kva vi ikkje ønskjer å vere. Fordi det er ein slik nær samanheng mellom den vi er og det språket vi bruker, er det inga enkel sak å gå frå ein språkvarietet til ein annan, eller å skifte ut den opphavlige dialekten med eit standardspråk t.d. At slike vanskar er heilt reelle, er det mykje empirisk belegg for. Slik empiri blir gjerne forklart med at det er svært vanskelig og i somme tilfelle jamvel skadelig å gjøre vald på eigen identitet. Identiteten er det inste i mennesket, sjølve kjernen i oss. Han er forma gjennom barndom og oppvekst, og er så å seie både det vi er skapte av og det vi er.

Resonnement som dette må bygge på ei førestelling om at identitet er noko statisk, eller noko som bare svært vanskelig kan endras. Resonnementet aktualiserer altså spørsmålet om det permanente og stabile versus det foranderlige og labile. Så vidt eg kan forstå, har mest all argumentasjon kring språk og identitet i norsk språkpolitikk basert seg på ei oppfatning om at den identiteten vi utviklar gjennom barndom og oppvekst, er tilnærma fast og stabil. Det er det som i andre samanhengar har vore kalla «sui similis»-tanken (sui similis= seg sjølv lik). Etter denne tanken kan eg i røynda ikkje bli nokon annan enn den eg er. Eg les også fortalen i Aasens grammatikk på den måten at det identitetsomgrepet ein kan abstrahere ut av Aasens resonnement og argumentasjon, i alle fall minner om eit slikt «sui similis»-omgrep.

Eit slikt statisk identitetsomgrep er eit farlig identitetsomgrep. Kopla til etnisitet kan det gjøre overlag stor skade. Er du kroat, er du ven og god; er du serbar, er du fiende og vond, eller omvendt. Det bildet vi har av identitet som noko statisk og permanent, er med på å legitimere at menneske drep kvarandre; det kan tene til å legitimere etnisk reinsing.

Identitetsomgrepet er sjølvsagt ein abstraksjon. I den verkelige, konkrete verda fins det inga «identisk» språktilhørigheit som vi så å seie kan identifisere eller blinke ut og identifisere oss med. Så enkelt er det rett og slett ikkje. Eg har derfor vondt for å sjå det meiningsfulle i å tale om ein språklig identitet som er direkte knytt til ein språkvarietet for kvar enkelt av oss. Var det slik, ville vi like gjerne kunna sagt at dialekt er lagnad. Men vi er ikkje identiske med oss sjølve. Også som språkvesen representerer vi motsetnadsfulle identitetar.

Tanken om ein foranderlig og motsetnadsfull identitet har gjeve namnet til den såkalla «homo mutabilis»-ideen. Det betyr at mennesket er foranderlig; mennesket endrar seg. Det fins ikkje nokon personligdomskjerne. Vi konstituerer og skaper identiteten vår livet igjennom, i samvær og samliv med andre menneske. Identiteten min er ikkje noko eg har i meg, uavhengig av tid og stad, samanhengar og kontekstar, men noko som blir realisert i relasjon til andre menneske. Tenker ein på denne måten, blir identitetsomgrepet relasjonelt. Eit slikt relasjonelt identitetsomgrep kan trulig operasjonaliseras på ein meir konstruktiv måte enn eit statisk identitetsomgrep. Det får også visse konsekvensar for korleis vi oppfattar vår eigen og andres variable og motsetnadsfylte språkbruk. For vi snakkar jo temmelig ulikt alt etter kven vi snakkar med. Språket vårt er heller ikkje identisk med seg sjølv.

Det er velkjent frå psyko- og sosiolingvistikken at vi som språkbrukarar tilpassar oss språklig til den vi samtalar og samhandlar med, og til den situasjonen det skjer innafor. Det kan skje på ulike måtar, anten ved at vi nærmar oss den andre språklig (konvergerer), eller motsett, ved at vi fjernar oss frå den andre (divergerer). Såleis har akkomodasjonsteoriar ein viktig plass i psyko- og sosiolingvistikken.

No akkomoderer ikkje alle språkbrukarar like sterkt i alle situasjonar. Også som språkbrukarar er vi forskjellige. Somme synes å halde mykje sterkare fast på sin opphavlige dialekt enn andre, jamvel om vi alle nok i ein viss monn tilpassar oss skiftande kommunikasjonssituasjonar ved å variere språkbruken vår. Om denne skilnaden mellom språkbrukarar inneber at talemålet for somme ikkje har noko å seie for identiteten, veit vi ingenting om. Dei individuelle skilnadene treng iallfall ikkje føre til at vi må oppgje tanken om ein nær samanheng mellom språk og identitet. Det er all grunn til å rekne med at det fins ein slik samanheng, men denne samanhengen blir mykje meir kompleks og mangefasettert om vi nærmar oss desse problema via eit relasjonelt identitetsomgrep i staden for eit statisk.

Trass i at vi alle har medvetne røynsler for at vi akkomoderer, og for at det er nokså store individuelle skilnader når det gjeld denne typen språklig variasjon, synes det som om det fins eit implisitt ideal mellom folk flest om at det beste er «å halde på dialekten». Det er liksom da ein best får uttrykt sin identitet. Dette idealet kjem til uttrykk gjennom kompliment av typen «Du er den same gamle», «Du har ikkje endra deg på dei siste 20 åra», «Du har vore flink til å halde på dialekten» o.l. Omvendt er knot eit negativt ladd ord, nærmast eit skjellsord, og den som knotar, blir sedd skeivt til. Bak den slags holdningar må det ligge førestellingar om identitet som ein statisk storleik.

Eit statisk identitetsomgrep kan legitimere krav om språklig homogenitet og tenking om språk langs ein rett-gale-skala. Eit relasjonelt identitetsomgrep derimot må nødvendigvis skape grunnlag for aksept av språklig variasjon både inter- og intraindividuelt. Det statiske omgrepet kan lett føre til språklig intoleranse og redsle for endring; det relasjonelle derimot vil per definisjon fremme språktoleranse og ei oppfatning av språkendring som noko naturlig og dermed nødvendig. Det vil også gje oss eit betre grunnlag for å forstå korleis språkendring skjer, og kvifor bestemte endringar skjer når dei skjer. Trulig vil reell respekt for eige og andres språk bare kunne eksistere om vi er i stand til å forlate ideen om at identitet er ein fast kjerne i oss som vi alltid og allstad ber med oss.

Jamvel om eg ovafor har vore inne på at det omgrepet identitet som ein kan trekke ut av Aasens psyko- og sosiolingvistiske resonnement i ymse skriftstykke, liknar mest på eit statisk identitetsomgrep, kan Ivar Aasen sjølvsagt ikkje takas til inntekt korkje for det eine eller det andre synet på identitet, all den tid han ikkje brukte ordet. Heller ikkje på Aasens tid snakka alle likt livet igjennom, men det bondesamfunnet Aasen var røtt av, var mindre skiftande og variabelt enn det urbaniserte samfunnet vi lever i i dag. Dei fleste levde trulig i meir homogene språklige omgjevnader enn vi gjør. Og det er ikkje uviktig, heller ikkje for korleis språkbrukarane i Aasens samtid kan ha oppfatta sin eigen språklige identitet. Det er iallfall rimelig å rekne med at det er stor skilnad på ein person frå førre hundreåret som budde fast i same bygda frå fødsel til død, som knapt var utafor heimbygda si nokon gong, og som bare snakka med folk som snakka same dialekt som ho sjølv, og på oss som lever i dag, som flyttar fleire gonger i livet, og som gjennom reiser kryssar dialektgrenser fleire gonger i året, og som dessutan i kvardagen har kontakt med folk som snakkar heilt andre varietetar av norsk enn vi sjølve.

Det er Aasen-år i år. Aasens verk skal feiras på ymse vis året igjennom. Trass i at målfolk med ulikt målpolitisk syn er samde om å feire Aasen-jubileum, er dei heilt sikkert ikkje samde om korleis Aasens verk best kan føras vidare inn i det neste tusenåret. Derfor vil eg poengtere at den konklusjonen eg trekker av drøftinga ovafor, er ein konklusjon som sannsynligvis vil vere temmelig kontroversiell i delar av målrørsla: Skal ein ta på alvor at identitet er eit relasjonelt fenomen, må det få som konsekvens at alt som blir kalla knot, blir stuereint. Den språklige toleransen som langt på veg omsluttar dei tradisjonelle dialektane her til lands, må utvidas til å gjelde alle slags idiolektar, alle slags språklige blandingsformer og alle typar språkkontaktfenomen. Bare gjennom ein slik toleranse som blir levd ut i praktisk språkliv, kan vi vise at den språksosiale og språkdemokratiske holdninga som Aasen målbar, er ein arv som lever vidare mellom nynorskingar.

* Takk til Dag Gundersen for god hjelp med å spore opp ordet identitet i skrifter frå det førre hundreåret.

 

-- Tove Bull er professor i nordisk språkvitskap og rektor ved Universitetet i Tromsø.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter