Bibelen i 1905 – status og bakgrunn

AV JARLE BONDEVIK

1905 i to bygder

Eit minne frå barndomen. Det store biletet på veggen i bestestova – med Stedjekyrkja, med fjord, gardar og fjell i bakgrunnen. Litt moe (varmedis) inst i fjorden. Framfor kyrkja ei stor folkemengd, dei fleste svartkledde menn, men innimellom kvinner med kvite hovudplagg. Teksten fortalde at fotograf N.O. Reppen hadde teke biletet 13. august 1905. No skulle mennene i Sogndal røysta over spørsmålet om unionen med Sverige skulle ta slutt. Og det ville 675 av dei 677 som røysta. Berre to ville at unionen skulle halda fram. I heile Sogn og Fjordane var det tre unionstilhengjarar, så to av dei svartkledde var dristige karar. Båe bestefedrane mine var til stades i sine svarte vadmålskledningar. Kan henda var bestemødrene der òg, for i Sogndal herad hadde kvinneunderskriftaksjonen sine lister, det eksisterer ei frå Kaupanger sokn. Det var høgtid ved Stedjekyrkja.

«Det er fest i Norig idag». Dette var opningsorda i festtalen som J.A. Barstad heldt i Volda 25. november 1905. Barstad var prest der og redaktør av landsmålsbladet Stille Stunder, og der prenta han 1905-talen. – Ei ny tid er runnen, nasjonen er fullt og heilt sjølvstendig, og den sjuande kongen med namnet Håkon ber bod om ei vonrik framtid. – Ja, slike tankar gjer Barstad seg i dette festhalvåret for folk og kyrkje.

Bibelen som språkleg dokument

Barstad høyrde til mellom dei fyrste prestane som skreiv og tala landsmål i kyrkjeleg samanheng, og om ikkje alle ordla seg slik som han, må vi rekna han som ein eksponent for det som rørde seg i kyrkjelege krinsar i 1905. I tida både før og etter lausrivingsåret vart det lagt politisk grunnlag for landsmålet sin plass i kyrkja og i samfunnet elles. Ynsket om ein nynorsk bibel kom i fremste rekkja her. Men før eg skriv meir om nynorsk bibelmål, skal eg gjeva eit attersyn på bibel og bibelspråk her i landet frå reformasjonstida av.

Bibelen i dobbeltmonarkiet

Det var Christian III som med sin bibel frå 1550 skulle setja Luthers tanke om ein leseleg bibel ut i livet. Ein krins av ’lærde’ menn i København stod bak omsetjinga, og Luthers bibel gav dei rettesnora. Ein vakker og fint illustrert bibel vart send til kyrkjene i dobbeltmonarkiet, til Noreg kom 96 eksemplar i fyrste omgang. Språket har fått god omtale av dei sakkunnige, især språkforskaren Peter Skautrup talar om ein «stil med et jævnt foredrag» og ein stødig ortografi, noko som ikkje var så vanleg for dansken på dei tidene. Denne bibelen kom til å vera det fremste dokument på dansk i lang tid, for dei skrivande intellektuelle var under innverknad av humanismen og brukte jamleg latin i skriftene sine.

Sidan dansk bibelspråk ikkje var særleg dyrka tidlegare, vart denne bibelen grunnleggjande for den bibelske terminologien. Ord som genløse, helliggøre, saliggøre og skriftklog vert ståande i dansk bibelspråk. På 1600-talet vart denne teksten revidert av Hans Poulsen Resen, professor i teologi, og noko seinare av biskop Hans Svane. Den såkalla Svaningske Bibelen var kyrkjebibel i Danmark-Noreg i lang tid framover. Utgjevarane var opptekne av å fylgja grunntekstane svært nøye, såleis vart ord som ikkje hadde ein direkte ekvivalent i grunnteksten, sette i parentes. Omdømet åt denne ordtrugne bibelutgåva har ikkje alltid vore særleg godt. Men denne bibelen fekk stort rom og lang levetid, også i Noreg. Her må likevel skytast inn at talet på biblar ikkje var stort, det var salmebøkene som rådde grunnen i heimane, så sant det fanst bøker der. Lese- og preiketekstane frå Bibelen var tekne med i salmebøkene.

Bibelselskapa vil gjera Bibelen til folkebok

På 1800-talet byrja strevet med å gjera Bibelen til folkebok, og i fremste rekkje stod bibelselskapa. I Danmark vart det skipa bibelselskap i 1814, og i Noreg byrja Det Norske Bibelselskap verksemda si i 1816. Initiativet kom faktisk frå ein svensk statsråd, Mathias Rosenblad, den svenske hovudrepresentanten under tingingane med Stortinget hausten 1814 om endringane i 17. mai-grunnlova. Startkapital kom frå kronprins Karl Johan. Rosenblad var leiar i det svenske bibelselskapet og greidde å vinna mange framståande nordmenn for bibelsaka. Så hadde då òg mange av stortingspolitikarane kyrkjelege embete. På skipingsmøtet i Det Norske Bibelselskap 26. mai 1816 var mellom andre stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie til stades. Interessene for politikk og for bibelarbeid fann ein såleis ofte hjå dei same folka.

Med bakgrunn i stønaden frå den nye unionspartnaren skulle ein tru at dei felles bibeltekstane med Danmark ville verta forkasta av det nasjonale bibelselskapet, men det vart ikkje tilfellet. Då Bibelselskapet kom med ei ny utgåve av Det nye testamentet i 1830, var det berre ein varsam revisjon av den eksisterande danske teksten, gjord av S.B. Hersleb, professor i teologi ved det nye norske universitetet og ei tid stortingsmann frå Kristiania. Hersleb hadde ikkje noko ynske om å bryta med den danske teksten, og mykje av revisjonen gjekk ut på å føra inn rettingar frå den seinaste danske omsetjinga. Men Åge Holter, som har skrive historia åt Bibelselskapet, tillet seg å bruka ei overskrift som «Framskritt i syntaks», men seier elles at «det var en dansk revisjon av en dansk tekst».

Arbeidet som seinare vart utført med bibeltekstane, var helst varsame revisjonar, mellom anna av biskop Skaar i 1873. Men mot slutten av hundreåret vart det fart i sakene. No hadde fornorskinga byrja å gjera seg gjeldande i allmennspråket, og det danskfarga i ordforråd og syntaks skilde seg for mykje ut. Mange ynskte «en hjemlig norsk Sprogtone» (Frederik W.K. Bugge). Det arbeidet som no fylgde, var kanskje det mest omveltande i denne omsetjingstradisjonen. Det som hende, er godt dokumentert i boka Bibelsproget (1906) av Johan Storm. I komiteen som fekk til oppgåve å omsetja Det nye testamentet etter grunnteksten, hadde m.a. biskop A.Chr. Bang (tidlegare både kyrkjestatsråd og professor i kyrkjehistorie) og professor i hebraisk Elias Blix (tidlegare kyrkjestatsråd) sete. Johan Storm (professor i engelsk og romansk filologi) var ein framståande kjennar av norske dialektar og ivrig deltakar i språkstriden. Med stor autoritet som språkekspert fekk Storm mykje å seia for den språklege utforminga av teksten.

Det som hende, var at eit ras av danske ord og forelda uttrykksmåtar gjekk ut or bibelteksten, og nye ord som var meir i samsvar med skriftmålet på den tida, kom inn. Nokre fåe døme (det ’nye’ ordet står i parentes): allehaande (alle Slags), hige (stunde), skjænke (give), ledsage (følge), Forjættelse (Løfte), Møllesten (Kværnsten), Paulun (Bolig). Heller ikkje dei mange orda med førestavingar var trygge, og ei mengd ord av typen annamme, beskjæmme, erholde, forsage og overtræde fekk sine avløysingar. Også i formverk og syntaks vart det ei fornorsking. Til dømes vart verbforma «skjælvede» til «skalv» og «erfor» til «erfarede». Pronomena  «hvo som» vart til «den som» og setninga «Det fortryder mig» til «jeg angrer det».

Med Det nye Testamentet frå 1904 vart det teke eit langt steg bort frå den tradisjonelle danskfarga bibelteksten og mot ei fornying og fornorsking av bibelspråket, ein fin opptakt til den nasjonale festen i 1905. Åge Holter har undersøkt korleis den nye omsetjinga vart motteken, og han fann ei positiv haldning, «med takknemlighet over at Bibelen hadde fått en ny og mer hjemlig språkdrakt». – Men framleis kvilte det oppgåver på omsetjarane; for enno vanta ei nyomsetjing av Det gamle testamentet.

Bibelen på «Folkesproget»

Den ’nye’ norske målforma var alt representert i fleire bibeltekstar då unionen vart oppløyst. Etter mange freistnader med omsetjingar på Ivar Aasens landsmål og andre omsetjingar, t.d. Johannes-evangeliet på vest-telemål av Werner Werenskjold, vart heile Det nye testamentet utgjeve på nynorsk i 1889, og vegen inn i kyrkja byrja å opna seg. I 1899 sende forleggjar og bokhandlar Olaf Huseby ut heftet Salmar og Tekstar til kyrkjebruk den 17. Mai, og der finst alt av tekstar som trengst til ei gudsteneste. Elias Blix hadde omsett tekstane og kollektbøna. Dette heftet må takast som eit signal om at det nasjonale tildrivet var viktig i reisinga av eit nynorsk bibel- og kyrkjemål. Vona var, står det i heftet, at «mange vil finna stor Hugnad i aa høyra Norsken i Kyrkja serleg denne dagen».

I 1905 fanst såleis mykje av Bibelen i den nynorske målforma: heile Det nye testamentet, til og med revidert i 1899, og delar av Det gamle testamentet, m.a. Salmane, Høgsongen og fleire skrifter og spreidde kapittel av andre gammaltestamentlege tekstar. Og ikkje minst, i sjølve feståret gav Alexander Seippel ut Fyrste Mose-bok eller Upphavs-boki. Dette skriftet vart innleiinga til eit omsetjingsarbeid av høg kvalitet. Seippel har vorte rekna for meisteren mellom dei nynorske bibelomsetjarane, og det med rette. – Men soga hans høyrer til i tida etter 1905. No skal vi sjå attende på det som hende før 1905.

Hovudtrekk i den nynorske bibelomsetjinga

Det er visse sams trekk for omsetjinga til landsmål/nynorsk. Det var fyrst og fremst mange deltakarar, 17–18 namn kan oppreknast, og dei kom frå alle kantar av landet. Dei fleste omsetjarane var teologar, og fylgjeleg var dei menn, slik var det på den tida. Fleire av teologane sat i vitskaplege stillingar og dreiv forsking innom teologi. Frittståande var tidlegare sokneprest Johannes Belsheim, han fekk eit namn som granskar av bibelske handskrifter. Nokre var filologar, t.d. Erik Eggen, eller hadde anna utdanning, som juristen Werner Werenskjold.

Måten dei nynorske tekstane vart publiserte på, er interessant, for her stod ikkje veletablerte institusjonar klare til å gjera arbeidet. Dei nynorske avisene og tidsskrifta tok imot mange av dei korte bibelomsetjingane. Her kan nemnast Fedraheimen og Stille Stunder, to organ som skulle fremja den nye språkforma, men som elles hadde svært ulike redaksjonelle mål. Bibelomsetjingane som vart publiserte som eigne trykk, kom på marknaden gjennom ’eigne forlag’, gjennom private forlag eller gjennom ’ideelle forlag’. Det Norske Samlaget på den tida høyrer til den siste typen. Samlaget kan best jamførast med ein bokklubb, og gav ut og spreidde bøkene til medlemer. Samlaget vart den institusjonen som tok seg av utgjevinga av dei fleste bibeltekstane i 1880-åra. Det Norske Bibelselskap hadde eva seg for å vera med på nynorskomsetjinga, men i 1899 gav det ut den reviderte utgåva av den fyrste landsmålsomsetjinga frå 1889, og seinare, i 1904, Salmane.

Opplaga på dei enkelte skriftene ymsa noko, men Samlaget trykte som oftast 2 500 eksemplar, for bøkene vart automatisk sende til medlemene, og i 1885 låg medlemstalet på 1 367. I unionskløyvingsåret var 1. Mosebok prenta i heile i 5 100 eksemplar, så då hadde optimismen stige hjå nynorskfolka!

I denne sjangeren kan ein tala om ein sidestraum og ein hovudstraum. Til sidestraumen reknar eg dei mange freistnadene som vart gjorde etter privat initiativ og på eigen kostnad. Mange av desse omsetjingane var skrivne i ei målform som veik av frå Aasen-norma. Til hovudstraumen kjem dei omsetjingane som vart sette i gang etter offentlege vedtak og med offentlege løyvingar. Det meste av dette arbeidet gjekk føre seg i 1880-åra. Dette bibelarbeidet var i stor mon avhengig av den politiske velviljen som nynorsken hadde hjå eit fleirtal i Stortinget. I det fylgjande skal det gjerast nærare greie for dette.

Trongen for ’nye’ bibeltekstar vart særleg merkande etter at Stortinget i 1878 hadde pålagt lærarane å undervisa «på Børnenes eget Talesprog». Styret i Det Norske Samlaget hadde sans for at sentrale tekstar i skulen skulle få nynorsk målform. Det går tydeleg fram av den søknaden som vart send Stortinget i 1881. Der heiter det at «Ivar Aasens Norm i alt væsentlig bør befølges, samt at Sproget bør lægges saa nær ind til det nuværende Talesprog som muligt er uden at der stødes an mod den bibelske Sprogtones Værdighed». Det vart ein lang debatt i Stortinget, og otten for eit brot med det gamle og for kløyving av det einskaplege språket i kyrkja kom tydeleg fram i mange av innlegga. Men tilhengjarane av nynorsk, med Jakob Sverdrup (brorson til Johan Sverdrup) og Ole Anton Qvam i brodden, visste å argumentera imot, og dei fekk fleirtal for å løyva pengar til ei prøveomsetjing av Det nye testamentet på det norske «Folkesprog». Dermed kunne omsetjarane gå i gang. Kyrkjedepartementet førde nøye tilsyn med arbeidet, dei godkjende omsetjarane, utnemnde konsulentar og kontrollerte utbetalingar og rekneskapar. Av dei tre omsetjarane, Johannes Belsheim, Elias Blix og Matias Skard, var Blix på denne tida med i det politiske livet. Han var Johan Sverdrups mann og med i regjeringa hans 1884– 88. I Det nye Testamente, som vart fullført i 1889, kan ein sjå kva tid dei ulike delane er godkjende av departementet. Der legg ein merke til kor tett samband det var mellom kyrkja og politikken. Som statsråd godkjende Blix fleire av skriftene, den andre statsråden som skreiv under godkjenningar, var Jakob Sverdrup. Så Venstre visste vèl å bruka den makta som dei rådde over!

Nynorsk bibel var på denne måten gjord til ei offentleg sak, og det var sjølvsagt av stor verdi for fremjinga av landsmålet. 1880-åra var på mange måtar ei god tid for «Folkesproget». Jamstellingsvedtaket i 1885 trygde den nye målforma som skulespråk og offisielt språk, og fram mot 1905 var det framgang for nynorsk på mange område.

I bibelarbeidet sette nynorskfolket til mål å få Det gamle testamentet omsett. Elias Blix og Peter Hognestad tok i ferd med Salmane, som kom ut i 1904. Somt i innhaldet der var lesetekstar under gudstenesta og hadde eit innhald som høvde vel til gudstenester der land og folk var tema. Med 1. Mosebok frå 1905 var i alle høve grunnlaget for ein heil nynorsk bibel lagt, men fyrst i 1921 kunne arbeidet avsluttast.

I ettertid ser ein at striden om unionen på den politiske arenaen var eit incitament for dei nasjonale og folkelege rørslene, og i dei krinsane vart det arbeidt for få nynorsk inn i kyrkja. Det kom mange religiøse og estetiske verdiar med nynorske salmar, med liturgi og bibeltekstar, og dette kom i tillegg til dei verdiane som allereie var til stades i den tradisjonelle språkforma.

Dei viktigaste kjeldene

  • Bondevik, Jarle: Og ordet vart nynorsk. Bergen 2003
  • Holter, Åge: Det Norske Bibelselskap gjennom 150 år. 1. 1816–1904, Oslo 1966
  • Kjelda 13.3, Leikanger 2004
  • Skautrup, Peter: Det danske sprogs historie. II–IV, København 1968

 

-- Jarle Bondevik er professor emeritus fra Universitetet i Bergen. Tidligere medlem av fagnemnda i Norsk språkråd. Han har bl.a. forsket i nynorsk bibelspråk. Siste bok: Og ordet vart nynorsk, Bergen 2003.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter