Band V av Norsk Ordbok

AV ARNOLD DALEN

Berre to år etter det fjerde bandet av Norsk Ordbok vart utgitt på slut-ten av 2002, ligg no det femte bandet føre. Bakgrunnen for at arbeidet med dette bandet har gått så fort, er at Stortinget i 2001 slutta seg til innstillinga frå Kulturdepartementet (Stortingsmelding 22 1999–2000) og vedtok å satse på at ordboksverket skulle gjeras ferdig i 2014, dvs. til 200-årsjubiléet for den norske grunnlova. Det medførte sjølvsagt at det planlagte omfanget etter redaksjonsreglane som hittil had-de vori følgt, måtte leggas om, og det vart sett ei grense på 12 band for heile verket Etter vedtaket om Norsk Ordbok 2014 har det derfor skjedd store forandringar i dette prosjektet: løyvingane er kraftig auka, det er tilsett mange fleire medarbeidarar, det er skipa ein eigen filial av redaksjonen i Trondheim (i dag med fire tilsette), materialet er digitalisert, det er utarbeidd fastare og klarare reglar for redigeringa, bl.a. når det gjeld eksempel på bruk av ord og tydingar, manuskripta for ordartiklane blir lagt direkte inn i eit nyutvikla redigeringsprogram, osv.

Band V er da det første resultatet av denne store satsinga. Heile 18 person-ar har vori med og redigert dette bandet, som omfattar det meste av bokstaven H (frå og med harm) og heile I og J. Det ser såleis ut til at dei er i rute – faktisk litt før – etter den oppsette tidsplanen, og ein kan i åra som kjem, vente seg ei utgivingstakt på eitt band kvar attande månad. Dersom dei greier det, er det meir enn imponerande, for sjølv om det i 2014 vil vera 84 år sidan star-ten på Norsk Ordbok, er det berre 64 år frå det første heftet av band I vart utgitt (heile band I var fullført i 1966). Tilsvarande nasjonale ordboksverk plar gjerne vera hundreårsprosjekt (Deutsches Wörterbuch 1838–1961, Woordenboek der Nederlandsche Taal 1852–1998, Svenska Akademiens ordbok 1884–2004, enno ikkje fullført).

Det mest synlege resultatet av omlegginga er sjølve det grafiske bildet. Ordboka har både fått ein meir lesarvennleg font, som ikkje er meir plasskrevjande, og ho er lettare å finne fram i, bl.a. for di andre samansetningsleddet i samansette ord no er rykt ut mot margen på eiga line, f.eks.

ill-beisk adj (…)
   -beist m (…)
   -beisten adj (…) osv

Denne oppstillinga gir eit meir oversiktleg bilde enn det vanlege systemet i ordbøker der samansetningar kjem i fortløpande tekst under oppslaget for ordet i førsteleddet. Ein kunne ha ønskt at dei i Norsk Ordbok, i alle fall i dei store ordartiklane, hadde gått enda eit steg vidare, og at kvar hovudtyding av eit ord eller ei samansetning hadde starta på ny line, men det ville sjølvsagt ha kravd noko meir plass.

Elles er hovudprinsippa for ordartiklane i Norsk Ordbok dei same som før, men dei nye redaksjonsreglane krev visse innskrenkingar, både når det gjeld utval av oppslagsord og eksempel på bruk av ord i kontekst. Samtidig er sjølve grunnlaget for redigeringa utvida i og med at meir materia-le er lagt inn i databasen. Til skilnad frå andre store nasjonale ordbøker, som registrer ordtilfanget ein kan fin-ne i skriftleg materiale, skal Norsk Ordbok vera ei ordbok over «det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet», og det er ikkje tilfeldig at «folkemålet» her står før «skriftmålet». Det nynorske skriftspråket har ei kort historie. Det går berre om lag 150 år tilbake i tida, men i og med at det i utgangspunktet bygger på dei norske talemåla i bygd og by, er det dei, dialektane, som representerer den samanhengande nasjonale tradisjonen, i prinsippet tilbake til 1500-talet. Derfor er det i ordartiklane i det femte bandet, som i dei tidlegare, i regelen gitt opplysningar om variasjon i dialektane, både når det gjeld lydleg form, bøying og bruk. Dette gjeld sjølvsagt ikkje innlånte og litterære ord. Dersom det ved ei nemning er geografisk betinga ulikskap i bøying eller innhald, blir heimfestinga av varietetane utgangspunktet, og litterære belegg blir sett inn i denne ramma.

Opplysningar om geografisk plassering av uttale- eller tydingsvariantar ser elles ut til å ha vorti forenkla i for-hold til tidlegare. Mens heimfestinga i dei første banda var spesifisert, ofte med kommunenamn (etter den gamle kommuneinndelinga) og tillegget M, dvs. «medarbeidar», er den no mindre spesifikk, og det er tilvising til større område, f.eks. «Austl mst [mange stader]», «Shl sumst [Sunnhordland sumstad]», når det er fleire belegg frå eit distrikt, utan at alle bygder og byar er belagt. Sjølv om slike opplysningar er mindre nøyaktige, gir dei eit rettare bilde av utbreiingsmønsteret. Skilnaden på dette punktet ser ein tydeleg ved å samanlikna oppslagord i tidlegare band og i band V. Under beisel m i band I vil ein såleis sjå at det er to belegg for uttalen beitl (ØlenM, BrekkeM), og for uttalen behl er det vist til ØvRendal, Tynset, Oppdal, Rennebu, Snåsa, Sørli. Det seier seg sjølv at dei to uttaleformene fins fleire stader enn dei som er opprekna, men at Norsk Ordbok hadde belegg i setelarkivet berre derifrå. Under hassel m i band V får vi derimot slike opplysningar om uttaleformer: «hatl (ØvSirdal, Rog mst, Hl, So), hatl’e (Sfj mst)» osv. Den meir omfattande geografiske heimfestinga kan ha samanheng med at grunnlagsmateriale er sterkt utvida, men endring av redaksjonsprinsippa er nok her hovudsaka.

Norsk Ordbok skal gi eit bilde av ordtilfanget både i eldre og moderne nynorsk, og samtidig få registrert mest mogleg av ordskatten i dei norske talemåla. I og med at både skriftmål og talemål forandrar seg, må mykje av det som kjem med i eit slikt verk, nødvendigvis bli av historisk interesse. Særleg vil det gjelde dialektvokabular. Det er elles verdt å merke seg at interessa for gamle ord og uttrykk no har fått eit utruleg oppsving, og i dei seinare åra har det vorti publisert lokale ordsamlingar frå alle delar av landet. Ein kan her spesielt merke seg at visse landsdelar som det tidlegare ikkje var så mange slike samlingar frå, no har fått sitt talemål langt betre dekt enn før. Det gjeld f.eks. Østfold, indre Austlandet og Nord-Noreg. Alt dette er materiale som Norsk Ordbok har hatt nytte av og har registrert. Om det tidlegare kunne vera eit geografisk misforhold i grunnlagsmaterialet for ordboka, ser det no ut til at dei underrepresenterte landsdelane har fått betre dekning. På tilleggslista over ekserperte arbeid som er med i band V, er såleis om lag ein femtedel litteratur eller samlingar frå Nord-Noreg.

Norsk Ordbok skal, på same måte som andre nasjonale ordbøker, både fortelje om norske ord og norsk ordbruk i eldre og nyare tid. Mange av dei registrerte orda og mange tydingar av ord vil sjølvsagt bli av historisk interesse. Spesiell terminologi knytt til eldre arbeidsliv og eldre samfunn har forsvunni eller er i ferd med komma bort i vår tid. Eit ord som ei hodde el. hadde ’hank, særleg på gryte’ er vel ikkje så kjent blant yngre folk i dag, men av opplysningane i Norsk Ordbok ser vi at det før var utbreidd over så godt som heile landet. Eit anna ord, som truleg heller ikkje er så kjent i dag, er horr m ’lin’. Det er vesentleg belagt frå Austlandet og i tillegg frå Oppdal og Surnadal. Det forekjem i ei samansetning som horr-gul adj, som truleg er kjent (i forma hørgul) fleire stader enn det eine belegget frå Oppdal som det er vist til, utan at samanhengen med ordet for ’lin’ er klar for brukarane.

Å registrere og ta vare på gamle og nye ord og uttrykk er derfor ei viktig nasjonal oppgåve som Norsk Ordbok skal ta seg av. Ein kan håpe at ordboka ikkje berre blir ein dokumentasjon av det rike språklege materialet som ligg i eldre og yngre mål her i landet – det er sjølvsagt eit viktig kulturminneprosjekt – men at ho også kan bli inspirasjon og kjelde for alle som er interessert i eit variert språkleg uttrykk. Med satsinga på Norsk Ordbok 2014 er det utsikt til at fleire av oss som har kom-mi opp i åra, vil kunne få eit fullført leksikalsk hjelpemiddel. Det femte bandet gir gode utsikter i så måte.

 

-- Arnold Dalen er pensjonert professor i nordisk språkvitenskap ved Universitetet i Trondheim, NTNU, og har dialektgransking, med særlig vekt på trønderske dialekter, som spesialområde.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:10.06.2005 | Oppdatert:15.06.2015